torsdag 16. februar 2012

Poetica:Februar


Blågrå vinterhimmel
møter havet i nake kjærteikn
men sjenert løyner dei seg
bak tette snøbyger
som strøymer inn frå vest
stryk ut skispora bak oss
støtta av iskald nordvest
Vi som har teke på oss skia
uvant her i havgapet
lagt vegen inn i ei ny
og ukjent verd
der regnvåte brune myrar
har festa seg i eit arktisk grep
og gradvis gjeve etter
no slumrar dei under snødyner
utan uro eller forventning
andeflokken tek sats
bak glaserte steingjerde
stupar inn i snøbyga
kinna svir som etter ein øyrefik
men augene er fylte
fylte av eit nytt lys
når teppet er trekt til side
lyset som fell over scenen
og snart skal alt ta til.



Februar 2010

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar