mandag 27. februar 2012

Kunsten å komme heim

Forfattaren Ragnar Hovland kom i 2011 med essaysamlinga " Kunsten å komme heim". Han skriv mest om litteratur og forfattarar som har hatt stor innverknad på han, alt frå Jakob Sande til Dylan Thomas, men her er og essay om oppveksten på prestegarden i Luster, om ferjer(på Vestlandet), om Jølster  og om det å koma heim(til Vestlandet) eller rettare sagt " kunsten å komme heim."
Han reflekterar over kva det eigentleg er å komme heim ut fra spørsmålet "Kor er/kjem du frå eigentleg ?"
Eit spørsmål som blir stilt når andre lurar på kva for merkeleg dialekt han talar, eller med hans eigne ord " ein merkeleg dialekt som knapt nokon har høyrt før her på jord." Som presteson har han hatt oppveksten spreidd på fleire ulike stadar, for det meste på Vestlandet, og det er ingen konkret stad han eigentleg kan kalla heime. Men når han køyrer frå Austlandet og kryssar fylkesgrensa til Sogn og Fjordane eller Hordaland skjer det likevel noko med han:" Eg får ei kjensle av at det kanskje likevel er noko som er "heime" i ein viss forstand. Så reflekterar han litt over det å vera "heimlaus", ein farande fant i tilveret og det å vera knytt til, høyra heime ein stad. Det første kan vera ein god ting, ein får ting litt på avstand og kan sjå klårare, skriva  betre. Men så er det noko einsamt og rastlaust i dette å ikkje høyra til, ikkje kunna  koma heim.
Hovland skriv så fint både om Luster og Jølster, det er ein varme  som veks fram av gode opplevingar i desse Vestlands skildringane. Så kan han kanskje av og til få det privilegium å kjenna at ting fell på plass .  "Vere heimlaus og ein farande fant , og så brått, og like uventa kvar gong, få kjensla av å vera "heime."
Og det er ei god kjensle for dei fleste av oss.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar