fredag 17. februar 2012

Det gode mennesket

Det gode mennesket, finst det ? Morgebladet hadde for kort tid siden eit oppslag om "godhet" under tittelen  " Det godes problem". Filosofar og samfunnsvitarar har i stor utstrekning vore opptekne av ondskap og kvifor vi er så brutale mot kvarandre, i mykje mindre grad av det motsatte.  Kvifor er det også slik som Professor Bernt Hagtvet uttalar." Det er helt vanlig å se ordinære mennesker gripe inn og gjøre moralsk høyverdige ting" ?  Kan ein forutseia kven som kjem til å handla godt eller vondt i ein pressa situasjon ?
Filosofiprofessor Øyvind Rabbås uttaler at ein god person "er dedikert til det gode moralske liv og har et reflektert forhold til seg selv og hva det gode liv er." På spørsmålet  om kven som kjem til å bli gode personar er han meir usikker i sitt svar. Livssyn og politisk overtyding er kanskje ikkje så avgjerande som det moralske ansvaret foreldrene dine lærte deg opp til ?


Yad Vashem er det jødiske holocaust minnesmerket i Jerusalem. Her finn ein også oversikt over dei såkalla
"Righteous among the Nations", det er 23788 personar frå 45 land som med fare for sitt eige liv hjelpte forfølgde jødar under andre verdskrigen. Ein av desse  er Georg Ferdinand Duckwitz (1904-73)
Duckwitz vaks opp i ein tysk handelsfamilie og vart sjølv  forretningsmann og diplomat. Han sympatisert med Hitler og melde seg inn i nazipartiet alt i 1932. Sånn sett er det ikkje noko i hans bakgrunn som skulle tilseia at han skulle handla moralsk høgverdig seinare, kanskje tvertimot. Duckwitz kom til København i 1939 som skipsfartssakkyndig, etterkvart som handelsattache. Etter okkupasjonen  vart han ein del av riksfullmektig Werner Best sin stab. Werner Best kom i 1943 i kritisk søkelys i Berlin, for å Hitlers gunst igjen ba han føraren om å få deportert alle danske jødar. Datoen for dette vart fastsett til 02. oktober. Duckwitz vart også informert om dette og no viste han sitt store moralske mot . Han prøvde å overtala Berlin til å omgjera deportasjonsordren, og då det ikke lukkast tok han kontakt med den svenske regjeringa for å koma fram til ei ordning der danske jødar kunne bli  redda over til Sverige.  Via den danske politikaren Hans Hedtoft vart sentrale jødiske leiarar informert og med hjelp av gode danskar vart 7000 jødar på kort tid redda over til Sverige. Duckwitz bidrog ytterlegare ved å sørga for at alle tyske patrulebåtar i Øresund vart teke inn for ettersyn.  Det var eit høgt spel for Duckwitz, han må ha visst at det han gjorde godt kunne ført til dødsstraff.
Likevel valde han det gode, det moralsk høgverdige når det hadde vore så mykje meir komfortabelt og trygt å vera medløpar eller passiv tilskodar.
Etter krigen var Duckwitz tysk diplomat og ein sentral person i Willy Brandt sin politiske tilnærming til Aust-Europa. I 1971 to år før sin død vart han hedra med å få navnet skreve inn i "Righteous among the Nations."
Ei ærefull og eksklusiv liste som ein kan følga og verta overtydd om at det gode menneske finst, menneske med empati og moralsk mot går omkring  i verda rundt oss.

1 kommentar:

  1. Det er eit interessant spørsmål; kven som vert eit godt menneske. Det er sikker mange som ynskte ein "formel" for det. Som du peiker på ser ein at bakgrunn eller klasse/ideolog heller ikkje alltid er synest avgjerande. Det motsette er kanskje meir overraskande, alle dei gongene tilsynelatande velfungerande og etisk medvitne menneske går motsett veg og vert eksponentar for dei verste ugjerninger. Det er ikkje lett å skjøne kva som avgjer våre val, men det er kanskje viktig å tenkje at korkje gode eller dårlege val er noko sjølvsagt. Uansett bakgrunn, klasse eller person. Kanskje er det dette som gjer at vi er ansvarlege for vala våre

    SvarSlett