søndag 12. februar 2012

Tous les matins du monde

"Tous les matins du monde" eller "Alle årets dager" som filmen heiter på norsk vart lansert i 1991 . Regien stod Alain Corneau for og filmen var basert på ei bok av Pascal Quignard. Musikken var ved Jordi Savall.
"Tous les matins du monde" fekk strålande kritikk og vart tilgodesett med ei rekke filmprisar.
Hovudrollene vart spelt av Jean-Pierre Marielle som Saint-Colombe, Anne Brochet som dattera Madelaine og Gerard Depardieu som den aldrande Marin Marais. Sonen til Gerard, Guillaume Depardieu hadde rolla som den unge Marin Marais.
Hovudpersonane er  historiske men resten er fiksjon. Musikaren og komponisten Sainte-Colombe er det lite eksakt kunnskap om, men han skal ha vore læremeister for den meir kjende Marin Marais (1656-1728) som verka som hoffmusikar i ei årrekkje. Sainte-Colombe skal også ha lagt ein sjuande streng  til sin Viola da gamba for å gje ein meir melankolsk klang, noko som også er eit poeng i filmen.
Tittelen på filmen spelar på setninga "Tous les matins du monde sont sans retour", alle dagar som er borte kjem aldri att, dei som er borte er borte for alltid. Dette er eit gjennomgangstema når Saint-Colombe lever ei livslang sorg over sin døde ektemake, og dattera Madelaine glir inn i melankolien som følge av ulukkeleg kjærleik til den unge Marais. Musikken speglar desse sorgfulle kjenslene og blir ei slags trøst og forløysing.
Det er poetisk og naturvakkert men sorgtungt, slik vissa om alle tings korte varighet alltid vil vera det.

http://www.youtube.com/watch?v=pnriefsHKsQ

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar