Firenze i slutten av oktober. San Marco er eit av byens mange renessanse byggverk, kyrkja frå midten av 1400 talet og dominikanerklosteret som no er museum. Som det meste i Firenze er også San Marco full av historie og kunstverk. I eit sidealter i kyrkja finn vi relikviane til St.Antonius som var biskop i Firenze midt på 1400 talet, cella til fanatikaren Savonarola er bevart i klosteret. Her finn vi også cella til Cosima de Medici, fyrsten som av og til trakk seg tilbake til einsemda i klosteret. Men det som gjer sterkast inntrykk er Fra Angelicos meir enn 30 fresker framstilt på klosterveggene.
Vi går langs søylegangen og får auge på hans storslåtte framstilling av korsfestinga som vist ovanfor. Kunstnar og dominikanarbror Fra Angelico arbeidde på desse freskene i nærare ti år, broren Benedetto som også var kunstnar hjelpte han i periodar med arbeidet. Fra Angelico levde frå 1387 til 1455, han vart saligkåra av pave Johannes Paul i 1984.
Når vi kjem opp trappa til dormitoriet med munkecellene er det første som møter oss hans kanskje mest kjente bilete, engelen Gabriel med bodskapen til Maria. Magnificat i biletleg form.
Går vi vidare langs cellene i dormitoriet får vi med oss det mest av dei sentrale evangeliske hendingane, eit i kvar celle som det under som framstiller Bergpreika.
søndag 30. oktober 2011
torsdag 20. oktober 2011
Das Lied in mir
Filmen " Das Lied in mir" som på norsk har fått tittelen "Sangen i mitt hjerte" er eit tysk-argentinsk samarbeidsprosjekt . Det er debutarbeidet til den 32 årige regissøren Florian Cossen. Det er ein film som gjer sterkt inntrykk og manar til ettertanke.
Tyske Maria er på veg til sømjestevne i Chile og mellomlandar i Buenos Aires.Medan ho ventar vert ho sitjande ved sida av ei ung mor som syng for barnet sitt, ein voggesong som Maria på ein underlege måte kjenner igjen og syng med i sjølv ho ikkje kan spansk og tilsynelatande aldri har vore i Argentina. Ho blir emosjonelt sett ut og kjem for seint til flyet vidare. Ho vel å dra inn til Buenos Aires og ta inn på eit hotell, der ringer ho faren i Tyskland som dagen etter uventa dukkar opp på hotellet. Det er noko han og den avdøde mora har halde løynd for dattera. Dei eigentlege foreldra hennar vart borte under militærdiktaturet på syttitalet og Maria vart teke med til Tyskland og adoptert. Det vert eit opprivande oppgjer med faren som har fortia mykje for henne avdi han trudde det var best. Maria leiter etter sine argentinske slektningar og finn dei, det blir eit varmt møte men og eit møte som riv opp gamle sår. Kva hende eigentleg med den treårige Maria etter at foreldra vart bortført av militærregimet ? Kva rolle spelte adoptiv foreldra i forhold til regimet? Dette er dagsaktuelle spørsmål for mange i Latin-Amerika.
" Das Lied in mir" er ein film med svært mange plan. Kva er minne og kva kan vi eigentleg erindra frå tidleg barndom? Kva er identitet, kva rolle spelar biologi og kultur for at vi blir den vi er ? Familierelasjonar og løgn ? Brotsverk på det personlege planet og på det politiske ! Tidlegare overgrep under dikaturstyre som ligg som åpne sår i mange samfunn. Rettsoppgjer og forsoning ? Florian Cossens film åpnar for refleksjon omkring alt dette og sånn sett er dette ein av dei beste og viktigaste filmane i år.

Jessica Schwartz som Maria og Michael Gwisdek som adoptivfaren på hotellet i Buenos Aires.
Poetica:Til Marina
Marina
Åleine borte åleine heime
berre dikta er venene dine
fødde i natt
flyg dei som kvite fuglar
løftar seg mot horisonten
fortset utover havet
for så å kvila på bølgene ei stund
vengene slegne saman
djupet under, einsemda over.
Marina, kven føl deg no
når kjem tida for dikta dine
slengd i støvet i magasina
Marina, raud blant dei kvite
kvit blant dei raude
men songane dine som årgangsvin
ein smak av edle dråpar
av jord og lys
ein smak av luft og skog og bord
og altfor tidleg natt.
(Marina Tsvetajeva 1892-1941)
søndag 16. oktober 2011
Norske fjell
Norske fjell
Fjell, kva vil de eg skal skjøne:
syng de ein salme, driv de blasfemi,
de ser dykk sjølv i kalde sjøar,
kva held de på med, bøn eller magi ?
Med skriket til eit spottande uhyre,
som Satan sjølv på hesten sin av eld
let Peer Gynt den ville reinen styre
der ingen kjem, der stupet brattast fell.
Og ervingen som jorda ikkje kjenner,
den einaste som trur til siste slutt,
var det ikkje her Brand, utan venner,
sa skaparnamnet, løyste skredet ut ?
Men her ligg evig snø, og isen står
som beger av safir, ein blåna skatt !
Ho skremmer, er ei jord som liknar vår,
men føder aldri, korkje dag hell natt.
Desse andlet, ujordiske, drøymer
med snø til hår og auga inn mot Hel.
Frå kjaker gravne ut av stormar fløymer
som gråe skjegget fossen i sitt gjel.
Diktet "Norske fjell" av den russiske poeten Nikolaj Gumiljov(1886-1921) er omsett av Jo Eggen som har gjort mykje for at norske lesarar skal få innsikt i russisk litteratur.
Gumiljov reiste under første verdskrigen til London via Norge. Diktet avspeglar korleis han vart inspirert både av norsk litteratur og natur.
Nikolaj Gumiljov var ein sentral representant for den litterære retninga som vart kalla "akmeismen( bløming, høgdepunkt). Ein annan "akmeist" var poeten Anna Akmatova som var gift med Gumiljov ein periode. Akmeismen kom til å få stor innverknad på seinare russisk litteratur.
Nikolaj Gumiljov var av adelig slekt, han var eit utovervendt handlingsmenneske som reiste mykje mellom anna i Afrika . Han var antibolsjevik, noko han gav klart uttrykk for. Det førte til at han vart arrestert og henretta av boksjevikane i 1921.
Nikolaj Gumiljov, Anna Akmatova og sonen deira Lev.

lørdag 15. oktober 2011
Teresa av Avila
Vi feirar minnedagen for Teresa av Avila(1515-1582). Festdag i Karmelittordenen.
Kirkelærer. Skytshelgen for Spania, erkebispedømmet Mexico, Ávila, Alba de Tormes og Napoli; for alle karmelittfellesskap; for spanske skribenter (1965), blondevevere, listmakere; i åndelig nød og for et indre liv, mot hjertelidelser og hodesmerte.
Antifon til Magnificat for dagen: La ikke hjertet bli grepet av angst. I min Fars hus er det mange rom, og jeg går bort for å gjøre istand et sted for dere.
Kirkelærer. Skytshelgen for Spania, erkebispedømmet Mexico, Ávila, Alba de Tormes og Napoli; for alle karmelittfellesskap; for spanske skribenter (1965), blondevevere, listmakere; i åndelig nød og for et indre liv, mot hjertelidelser og hodesmerte.
torsdag 13. oktober 2011
Theresienstadt
Gøran von Otter, far til den svenske messosopranen Anne Sofie von Otter (f.1955) var svensk diplomat i Berlin under andre verdskrigen. Dattera fortel at faren ei natt under ei togreise vart oppsøkt av Kurt Gerstein, SS offiser og ingeniør med ansvar for giftgassen som vart nytta i utryddingsleirane. Gerstein fortel om det som går føre seg til von Otter, og ber han bringa det vidare til det svenske utenriksdepartementet. Von Otter rapporterar det han har fått vita til sine overordna i departementet, men blir møtt med liten interesse. Anne Sofie opplyser at dette går sterkt inn på faren og tynger han resten av livet.
Kankje har dette vore med på å inspirert henne til å gje ut musikk frå Theresienstadt i samarbeid med Bengt Forsberg, Christian Gerhaher og Daniel Hope på Deutsche Grammophon i 2007. CD`en "Terezin/Theresienstadt" innheld musikk skapt og framført av jødiske musikarar som var internert i konsentrasjonsleiren nord for Praha. Jødane i Theresienstadt vart gjeve ein viss fridom til kulturell utfalding, men dette var bare ledd i tysk propaganda overfor inspektørar frå "Røde kors." I realiteten var Theresienstadt bare ein mellomstasjon før den endelege transporten til Auschwitz.
Anne Sofie von Otter har samla variert musikk, dels viser og kabaresongar, dels meir seriøs musikk av etablerte komponistar som Erwin Schulhoff, Hans Krasa og Viktor Ullmann.
Men det som gjer sterkast inntrykk er songane til Ilse Weber(1903-44). Sjukepleiaren som tok seg av barna i Theresienstadt, men ho skreiv og meir enn 60 dikt og sette tone til fleire av dei. Ho reiste frivillig i døden saman med barna ho tok seg av, og det vart fortalt at ho sang voggevisa "Wiegala" for dei jødisk borna i gasskammeret.
Voggesongen til Ilse Weber som ho sang for dei jødiske borna i gasskammeret:
Vi går gjennom det jødiske museet i Praha der det mellom anna er utstilt mange barneteikningar frå
Theresienstadt.
Eit av dei har eg tek med her.

Ilse Weber: Wiegala
Wiegala, wiegala, weier,
der Wind spielt auf der Leier.
Er spielt so süß im grünen Ried
Die Nachtigall, die singt ihr Lied.
Wiegala, wiegala, weier,
der Wind spielt auf der Leier.
Wiegala, wiegala, werne
der Mond ist die Lanterne,
er steht am dunklen Himmelszelt
und schaut hernieder auf die Welt.
Wiegala, wiegala, werne,
der Mond ist die Lanterne.
Wiegala, wiegala, wille,
Wie ist die Welt so stille!
Er stört kein Laut die süße Ruh,
schlaf, mein Kindchen, schlaf auch du.
Wiegala, wiegala, wille,
Wie ist die Welt so stille!
Vi går gjennom det jødiske museet i Praha der det mellom anna er utstilt mange barneteikningar frå
Theresienstadt.
Eit av dei har eg tek med her.
onsdag 12. oktober 2011
Marina
Den store russiske forfattaren Boris Pasternak døyr 30.mai 1960 på datsjaen sin Peredelkino. I brystlomma hans på venstre side like over hjertet er det ein konvolutt med påskrifta "Det kjæraste". Inni konvolutten er det to brev, slitt og nesten oppsmuldra. Det eine er frå poeten Rainer Maria Rilke, det andre frå poeten Marina Tsvetajeva( 1892-1941). Begge er døde for lenge sidan, men minne om venskapet har Pasternak bore med seg resten av livet like inn i den siste timen.Det gjer eit sterkt inntrykk!
Marina Tsvetajeva er nok ikkje så godt kjent utanfor Russland , men er omsett til engelsk og nyleg kom ei norsk gjendikting av nokre av dei sentrale dikta hennar ved Jo Eggen. Marinas liv er spennande men og djupt tragisk. Ho vart fødd i Moskva i 1892, mora var pianist, faren historieprofessor. Foreldrene døydde tidleg frå Marina og søskena. Ho var kunstnarisk og intellektuelt bråmoden og debuterte 18 år gammal med diktsamlinga "Kveldsalbum".Seinare kom ei rad bøker, hovudsakleg poesi og ho vert rekna som ein fornyar av den russiske poesien. Ho møtte aldri Rilke men brevveksla med han og som eg tidlegare har teke med på denne bloggen skreiv han eit av sine siste dikt til Marina.
Ho levde eit omflakkande liv saman med ektemannen Efron, dels i Russland, dels i eksil i Vest-Europa. Lenge var dei busett i Paris, der Efron frå å vera sympatisør med dei "Kvite" under borgarkrigen gjekk over til å bli agent for sovjetstyret. Han og dottera deira drog tilbake til Sovjet, medan Marina var igjen i Paris. Her vart ho utstøytt av emigrantrussarane. Ho skriv ein stad at ho følte seg som raud blant dei kvite, og kvit blant dei raude.
Etter kort tid føl Marina resten av familien tilbake til heimlandet, utan å ana kva brutalitet som ventar henne og dei næraste. Efron blir snart arrestert og henretta som spion, dottera Alja blir sendt til Gulag der ho først slepp ut etter Stalins død. Marina er igjen utstøytt og absolutt åleine, ingen bryr seg kanskje med unntak av Pasternak. I 1941 tek ho livet sitt, totalt einsam omgjeve av eit av dei mest hensynsløyse regime verda har sett.
Absolutt ingen føl henne til grava !
På sekstitalet blir Marina gjenoppdaga og får etter kvart sin rettmessige plass som ein av dei store i russisk litteraturhistorie.Dikta hennar vert tonesatt av både Dmitrij Sjostakovitsj og Sofia Gubaidulina. Forfattaren Josif Brodskij skriv begeistra om henne. Som ung skriv ho eit lite dikt som sånn sett føregrip framtida.
Dikta mine, tidlig skrivne, utan
at eg visste eg var poet
dei reiv seg laus som springvatnspruten,
som gneistene frå ein rakett,
Til røykelse og søvn, i heilagbrøde,
slo dei dørene, som smådjevlar, i knas,
mine dikt om ungdommen og døden
-dikt som ingen las!-
Nå ligg dei slengt i støv i magasina
(der ingen tok og ingen tar i slikt!)
men tida kjem for dei, som edle vinar,
for mine dikt.
http://sv.wikipedia.org/wiki/Marina_Tsvetajeva
Russisk postkort og frimerke til minne om Marina på hundreårsdagen i 1992.

fredag 7. oktober 2011
Nobelprisen
Gratulerar ! Nobelprisen i litteratur for 2011 gjekk til den svenske poeten Tomas Tranströmer. Han er ein av mine favorittar og det var absolutt velfortent.
I grunngjevinga skriv nobelkomtiteen:
Prize motivation: "because, through his condensed, translucent images, he gives us fresh access to reality.
Kanskje er dette noko av det store ved poesien hans, evne til ved enkle daglegdagse bilete å visa utover og klarleggja dei store realitetane i tilveret.
Eit favoritt dikt er:
Romanska bågar
Inne i den väldiga romanska kyrkan trängdes turisterna
i halvmörkret.
Valv gapande bakom valv och ingen överblick.
Några ljuslågor fladdrade.
En ängel utan ansikte omfamnade mig
och viskade genom hela kroppen:
”Skäms inte för at du er människa, var stolt !
Inne i dig öppnar sig valv bakom valv oändligt.
Du blir aldrig färdig, och det är som det skall.”
Jag var blind av tårar
och föstes ut på den solsjudande piazzaen
tilsammans med Mr och Mrs Jones, Herr Tanaka och
Signora Sabatini
och inne i dem alla öppnade sig valv bakom valv oändligt.
Det er henta frå samlinga ”För levande och döda” frå 1989.
Eit anna dikt som gjev eit djupt perspektiv er ” Minnena ser mig” frå
”Det vilda torget” som kom i 1983.
En junimorgon då det är för tidigt
att vakna men för sent att somna om.
Jag måste ut i grönskan som är fullsatt
av minnen, och de följer mig med blicken.
De syns inte, de smälter helt ihop
med bakgrunden, perfekta kameleonter.
De är så nära att jag hör dem andas
fast fågelsången är bedövande.
I
torsdag 6. oktober 2011
Poetica:Jacqueline du Pré
Jacqueline du Pré (1945-1987) er på mange måtar blitt ein mytisk person , løfta opp frå det trivielle og inn i det tidlause. Vidunderbarnet med ein strålande karriere som cellist framom seg. Ho vart også hylla som ein av dei største i forige hundreår. I 1971 viste dei første teikn på sjukdomen seg og i 1973 måtte ho gje opp musikkarrieren. Ho døydde 14 år seinare bare 42 år gammal etter ein lang og smertefull sjukdomsperiode. Geniet som døydde tidleg lik mange store komponistar og musikarar før henne. Det geniale med eit bakteppe av tragedie og død, kanskje er det det som fascinerar oss og samstundes gjer oss urolege ?
Men det er også musikken, denne fantastiske framføringa av dei store verka for cello, ikkje minst Edward Elgars cellokonsert som er det musikkverket dei fleste forbind med Jacqueline du Pré. Ho framførte det første gong i 1959 og seinare ei rekke gonger inn til ho i 1971 byrja å mista kontrollen over kroppen.
Eg lyttar til ei innspeling frå november 1970 med ektemannen Daniel Barenboim som dirigent. Jacqueline er 25 år, enno frisk, genial i si framføring men om kort tid ventar smerten og hjelpeløysa.
http://www.youtube.com/watch?v=JVTe8Zm1Xrk
Til Jacqueline du Pré
November 1970
Edward Elgars cellokonsert
som alltid med eleganse og virtuos innleving
er det likevel eit glimt av smerte
når du fører bogen over cellostrengane
ein underleg uro
eit svakt sting i hjarta.
Feller celloen tårer
vi prøver å tørka bort tiår seinare
og rører varsamt ved lidinga som venter
men denne novemberkvelden
framom eit lydhøyrt publikum
tapet mørkt og uforløyst
tanken skjelvande hjelpelaus
men musikken overskridande
tidlaus.
Rosa oppkalla etter Jacqueline.
Tida mellom to regnbyger
Tida mellom to regnbyger.
Som tida mellom to regnbyger
eit kort glimt av sol
når du spring over plassen
trø varleg, ikkje gli no
døra bak deg slått hastig igjen
du gløymer å vri rundt nøkkelen
ivrig etter å nå den andre sida tørrskodd
det sprutar søle og brune haustlauv
når du tek sats og hoppar over vasspyttane
utan å nå den neste skiferhella med foten
det er bare dei få trappetrinna opp
døra står halvvegs på gløtt
er det nokon der ?
nokon som skunda seg like før deg
hengslene som knirkar når du skyv
mot den rustne dørklinka
så vindkasta i tuntreet
solstripene som skifter med regn
og du tenkjer letta:
er eg framme no ?
tirsdag 4. oktober 2011
Frans av Assisi
4.oktober er minnedagen for Frans av Assisi (1182-1226).
Skytshelgen for Italia (1939), Assisi, bispedømmet Basel, Katolsk Aksjon i Italia (1939); for fransiskanere, de fattige, sosialarbeid, miljøvern og økologer (1979), kjøpmenn, skreddere, vevere, tøyhandlere, linhandlere, tapethandlere, skibbrudne og straffanger; for lamme og blinde; mot hodesmerter og pest; for dyrevernorganisasjoner og dyrene.
Frans av Assisi er ein av Kyrkjas viktigaste helgenar, og han er vel den helgen som er best kjent utanfor Kyrkja og som mange også ikkje katolikkar ser som eit ideal. Han er ein helgen for vår tid, ein inspirator for dei som arbeider for miljøvern, for sosial utjamning, for fred, for dyrevern osv.
Kyrkja minnes han og i sine tidebøner.
Antifon til Benedictus: Frans, den fattige og ydmyke, trer glad og rik inn i himlenes rike, hyllet av englenes kor.
Giotto: Frans mottek stigmata
Antifon til Magnificat: Det er ikke lenger jeg som lever, men Kristus som lever i meg, for jeg bærer Jesu sårmerker på mitt legeme.

Abonner på:
Innlegg (Atom)