mandag 13. april 2020

Easter

2.påskedag kveld. Også i dag liturgien på nettet, frå St. Olav domkirke, deretter lang tur med kaffipause og fine samtalar. Eg les den skotske poeten Kenneth Steven som eg vender tilbake til med jamne mellomrom. Dikt om Skotland, om folket på landsbygda, om naturen, årstidene,den keltiske spiritualiteten slik den kjem til uttrykk på klosterøya Iona.
Her diktet "Easter" frå samlinga "Evensong".

When the year is beginning again,
The sleet coming in wet cotton on the wind
To build against the dykes;
And sometimes the sun like a single eye
Blind behind the clouds;
And daffodils, the frail green of them,
Hidden away and hurting in the wind -
I am no longer full of my own emptiness
But just light and sky, listening,
And able to hear at last.




Diktsamlinga Columba avsluttar med St. Columbas bøn:

Be thou a smooth way before me,
Be thou a guiding star above me,
Be thou av keen eye behind me
This day, for ever.

lørdag 11. april 2020

Korsveg langfredag

Årets korsveg i Kristiansand.
Korsvegen har vanlegvis 14. stasjonar frå Jesus vart dømd til døden til han vert gravlagt.

14. stasjon: Jesus vert gravlagt


57 Då det vart kveld, kom det ein rik mann som heitte Josef. Han var frå Arimatea og hadde òg vorte ein Jesu læresvein. 58 Han gjekk til Pilatus og bad om å få Jesu kropp, og Pilatus gav ordre om at han skulle få han. 59 Josef tok Jesu kropp, sveipte han i eit reint linklede 60 og la han i den nye grava han hadde hogge ut til seg sjølv i bergveggen. Så rulla han ein stor stein framfor gravopninga og gjekk. 61 Men Maria Magdalena og den andre Maria var der. Dei sat beint framfor grava. (Matt 27.57-61)










Korsvegprosesjonen på langfredag  har vanlegvis samla fleire hundre menneske, i år var vi pga coronasmitten berre seks. Likevel vart korset bore rundt med stopp  og bøn ved sentrale institusjonar
i Kristiansand sentrum.

"Oppstandelsens lys bak gravens mørke."

torsdag 9. april 2020

Poetica:Skjærtorsdag

Skjærtorsdag - vi minnest fotvaskinga og innstiftinga av eukaristien. Jesus i dødsangst i Getsemana og dei sovande læresveinane.


Skjærtorsdag

Slik delte du med oss av mogne korn og mørke gjæra druer og let oss ikkje att åleine i svevnen, urolege vakna vi, din einsame lagnad tårene,sveitten og blodet vi ikkje kunne dela men vår uro tok du på deg vi tause,uverdige tenarar.




søndag 5. april 2020

Påske

Palmesøndag og vi går inn i påskeveka. Ei veke utanom det vanlege, ei veke med stengte kyrkjer og i bokstaveleg forstand blir det stille. Vi føl messer og liturgi på internett , men det blir på ingen måte det same som å vera tilstades.
Dei siste vekene har for heile verda vore ei sjokkarta oppleving. Dei fleste hadde ikkje venta dette, ingen land eller styresmakter var førebudd, sjølv om dei som har innsikt i korleis virus oppfører seg for lengst har kome med åtvaringar. Dei åtvara: det vil bare vera eit tidsspørmål når den neste pandemien kjem ! Jmfr David Quammens bok frå 2012 "Spillover".
Men vi kan ikkje gje oss over i fortviling og mørke. Erkebiskop i New York, som i dag kanskje er den hardast ramma byen av coronasmitte, kardinal Timothy Dolan reflekterar i eit innslag på facebook over overgangen mellom mars og april. Det er overgangen mellom vinter og vår, vi går frå mørke til lyset , frå døden til livet. Så poengterar han at det også er kjernen i påskebodskapet. Lat oss ikkje mista motet, døden fekk ikkje det siste ordet likevel !



Den amerikanske forfattaren Raymond Carver døydde i 1988 av lungekreft. På slutten av livet skriev han diktsamlinga " A new Path to the Waterfall." På den siste sida finn vi det vesle diktet
"Late Fragment" som  kan gje von  og trøyst.

And did you get what
you wanted from this life, even so ?
I did.
And what did you want ?
To call myself beloved, to feel myself
beloved on the earth.

onsdag 1. april 2020

The everlasting Mercy

Av og til opnar dei små detaljar i naturen for noko større og djupare. Den engelske poeten John Masefield (1878 - 1967) skildrar dette i diktsyklusen "The everlasting Mercy".
Eg ser på den vesle bekken  og solstrålende som glitrar i det rennande vatnet, og kjenner at det er akkurat desse små, vakre detaljande vi treng i denne mørke og deprimerande tida. Lat oss ikkje tapa motet !



O glory of the lighted mind.
How dead I'd been, how dumb, how blind.
The station brook, to my new eyes,
Was babbling out of Paradise,
The waters rushing from the rain
Were singing Christ has risen again.
I thought all earthly creatures knelt
From rapture of the joy I felt.
The narrow station-wall's brick ledge,
The wild hop withering in the hedge,
The lights in huntsmans' upper storey
Were parts of an eternal glory,
Were God's eternal garden flowers.
I stood in bliss at this for hours.






søndag 29. mars 2020

Han ville blitt 98 år

28. mars, oftast like før påske men ein sjeldan gong i påskeveka. Min far var fødd denne dagen langt tilbake i 1922, og vi feira årleg gebursdagen hans. På 70 årsdagen var han bortreist, 80 år vart feira stort, 90 berre med dei næraste. I fjor feira vi 97 årsdagen på Rosendalstunet der han budde dei siste fem åra. Han var redusert men sette nok pris på at vi var der denne dagen. Vi visste ikkje at det vart siste gebursdagsfeiringa, men vi var klar over at det kunne det godt vera. Så døydde han verdig og fredeleg 13. oktober i fjor. Det var ein fin avskjed og ei gravferd slik han hadde ønskt det. Det hadde det ikkje vorte dersom han døydde i desse dagar med coronasmitte og sterke restriksjonar på alt offentleg og privat samver.
Eg la nyleg ut eit bilete av han og ein kamerat som leikar ved bekken (Vetlelvo) like bak huset der han budde.Det er sannsynlegvis teke på byrjinga av 1930 talet, altså omlag nitti år sidan. Det er ei anna verd han rører seg i og som ikkje er vår, vi kan bare "lean kindly across the abyss/to hear words that were once wise" som poeten og presten R.S. Thomas (1913-2000) skriv i diktet eg siterar under.
Men eg er ikkje sikker på det siste "words that were once wise", det fint ord som held og ikkje blir utdatert, det finst ord som held i tid og æve(men det visste nok R.S Thomas og)




Ninetieth Birthday by R. S. Thomas


You go up the long track
That will take a car, but is best walked
On slow foot, noting the lichen
That writes history on the page
Of the grey rock. Trees are about you
At first, but yield to the green bracken,
The nightjars house: you can hear it spin
On warm evenings; it is still now
In the noonday heat, only the lesser
Voices sound, blue-fly and gnat
And the stream's whisper. As the road climbs,
You will pause for breath and the far sea's
Signal will flash, till you turn again
To the steep track, buttressed with cloud.

And there at the top that old woman,
Born almost a century back
In that stone farm, awaits your coming;
Waits for the news of the lost village
She thinks she knows, a place that exists
In her memory only.
You bring her greeting
And praise for having lasted so long
With time's knife shaving the bone.
Yet no bridge joins her own
World with yours, all you can do
Is lean kindly across the abyss
To hear words that were once wise.


22.mars 2012:Nittiårsdagen vart feira med middag på Rosendal Fjordhotell

onsdag 25. mars 2020

Marimesse om våren

25. mars og vi feirar Maria Bodskapsdag som etter liturgireformen offisielt har navnet "Herrens bebudelse"
Dagen vert også kalla Marimesse om våren, Vårfruemesse eller Voffremyss på dialekt der eg kjem frå. Pga. Coronasmitten får vi ikkje feira dagen med messe i dag og vi får ikkje knela under Credo når vi vedkjenner at vi trur på inkarnasjonen. Men sjølv under normale tilstandar er det ikkje like stort fokus på dagen som på dei andre kristne høgtidene.For eigentleg er dette den eine av dei to viktigaste kristne høgtidene, Maria bodskapsdag til minne om at Kristus vart menneske og påskedag til minne om at han overvann døden.
Under er eit lite dikt eg skreiv til denne dagen inspirert av eit familiebilete der bestemora mi står saman med foreldre og søsken framom barndomsheimen. Ho nytta ordet "Voffremyss" om denne dagen.
To små søstre skulle snart bli henta av englar som eg skriv i diktet.
Vi set spesielt vår lit til Marias forbøn i desse tunge tider



Marimesse om våren

Voffremyss sa bestemora mi
dei gamle merkedagane enno ein del av kvardagen
primstaven vendt mot sommarsida
ei krune for himmeldronninga.
På bilete frå førre hundreårsskifte står ho
saman med familien framom barndomsheimen
velstelte potteplanter,lauvtuge frukttre 
og reine gardiner
søstrene på fem og ni år snart tekne ut av tida
foreldrene alvorstyngde som om dei alt merkar
skuggen av englar.
Ver ikke redde de ventande! 
Tenestekvinna skal om litt gje sitt svar !




Antifon til vesper: Se, jeg er Herrens tjenerinne.Det skje meg etter ditt ord.

Magnifikat Notre Dame de Paris:
https://www.youtube.com/watch?v=dpB8GfnbQ3o