Forfattaren Paal-Helge Haugen kom i 1990 men diktsamlinga "Meditasjonar over Georges de la Tour" som er ein diktsyklus inspirert av denne franske 1500 talls kunstnaren. Eg las diktsamlinga då ho kom og på ny no, og vart grepen av korleis orda blir ei forsetjing av det lys og mørkre som Georges de la Tour prøvde å få fram i bileta sine. Dei er heilt unike, eg har aldri sett noko liknande og det hadde nok heller ikkje Paal-Helge Haugen då han skreiv boka for snart 30 år sidan. Her diktet om Josef, tømmermannen som også har inspirert meg.
XXVII
(Josef , tømmermannen)
Så kjem den, til sist
rislande ned over hovudet
hals hender
umerkeleg veksande straum
av nåde, ufortent
for den tørst som aldri
kan sløkkast
Vaskar bort den silande oska
frå nedbrende dagar
som rann mellom fingrane
Ei flodbølgje gjennom brakkvatn
forlist meining, rekved
Kom møt den, du som kan
Kom la deg fylle
før verden igjen blir til stein
før du kverv inn
og under
fredag 26. mai 2017
Biskop Anders Arborelius om sakramenta
Karmelittbroder og no biskop og kardinal Anders Arborelius kom for 30 år sidan med boka "Trosmedtation" som er ei samling artiklar om sentrale tema i katolsk tru. Ikkje minst er kapittelet om Maria vel verdt å lesa. Kapittelet om sakramenta oppsummerera på ein klar måte det som er kjernen i det sakramentale:
I Jesus Kristus møter vi heile Guds røyndom i eit skapt vesen, Det kristne heilskapssynet er bestemt av inkarnasjonen. Jesus er Faderens sakrament som er kome til verda for å føra menneska tilbake til Han som er alle tings utgangspunkt og mål. " Det finst ikkje noko anna Guds skarament enn Kristus" som Augustin uttrykkjer det.
Sakramenta har samstundes både ein jødisk og allmenn-menneskeleg bakgrunn, Det Jesus gjorde og sa bygde alltid på Israels trus samstundes som det hadde eit vidare perspektiv som omfatta alle menneske over alt og til alle tider. Sakramenta er uttrykk for Guds objektive vilje til å frelsa oss og nåden som verkar i sakramenta er heilt hans verk (ex opere operato) Vi kan ikkje framkalla hans nærver gjennom tru og kjærleik, for han er alt der eit steg framom oss. Vår evne til å ta imot (ex opere operantis) er eit resultat og eit svar på Guds frie gåver. Gud vil gje menneska seg sjølv og det kan bare ta imot med sine to tomme hender.
Dei sju sakramenta uttrykker på ein priviligert måte korleis Kristus er nærverande og verkar i verda. Gjennom dei blir vi leia inn i varig felleskap med Han som alltid er nærverande.
I Kyrkja vil det alltid vera eit fruktbart samspel mellom det sakramentale og det karismatiske. Det som knyter dette saman er Den heilage Ande som verkar gjennom sakramenta og gjer at dette er meir enn bare teikn og symbol, men og uavhengig av desse over alt der menneska ferdast.
"Sakramenta leiar oss alltid inn i Guds fulle fellesskap. Dei frir oss frå oss sjølve og det at vi er inneklemt i vår trange verd. Vi får nøkkelen til Guds verd, slik at vi kan møta Han i alle ting. Ingenting treng skygga for utsikten. Alt er gjennomskinleg. Heile den nye skapelsen er oppfylt og gjennomlyst av den herleggjorde Kristus." avsluttar biskop og kardinal Anders Arborelius.

mandag 22. mai 2017
Gratulerer biskop Anders !
Norden fekk sin første kardinal då pave Frans i går utnemnde biskop Anders Arborelius OCD til ein av fem nye kardinalar. Den formelle utnemninga ville finna stad i Roma 28.juni. Karakteristisk nok visste Anders Arborelius ingenting om dette på førehand og han fekk veta det via media.
Anders Arborelius vart fødd i 1949 og konverterte til katolisismen 20 år gammal og gjekk inn i karmelittklosteret i Norraby to år seinare. Han vart prestevigd i 1979 og utnemnd til biskop av Stockholm i 1998. I Sverige blir han rekna som menneskeleg svært omgjengeleg og open for økumenisk samarbeid. I fjor haust tok han imot pave Frans i Lund i samband med reformasjonsjubileet.
Han har skreve ei rad bøker, dei fleste med utgangspunkt i karmelittisk spiritualitet.
Eg har personleg møtt han ein gong, det var ei eintydig sterkt positiv oppleving.
I boka om Elisabeth av treenigheten "Ditt nærver er min glede" har han skreve "In Laudem Gloriae (han valgspråk) I bønens enhet." Underteikna Anders Arborelius ocd.

søndag 21. mai 2017
Issadalen
"Han vendte tilbake drukken av inntrykk, først og fremst av skogsvåren, hvis skjønnhet ikke lå i noen enkelt detalj, men i det tusenstemmige koret av forhåpninger. I tretoppene, som spisset seg sorte mot solgladshimmelen, fløytet trostene sin melodi, og høyt oppe i luften brekte bekksinene lik lam som tumlet seg etsteds i det fjerne, bak det grønnrosa silkeskimmeret."
Slik opplever den 12 årige Tomasz våren i Issadalen i nobelprisvinnaren Czeslaw Milosz skilding i romanen "Issadalen" (Dolina Issy). Tomasz veks opp i dette innsjølandet på grensa mellom Polen og Lithauen der Milosz skildrar ein barndom som også er hans eigen i tida like etter første verdskrig. Boka kom i 1955 og Milosz hadde då flykta frå det kommunistiske Polen til USA, og kanskje er det eit ikkje eit ubetydeleg element av heimlengt og nostalgi i boka.
Tomasz veks opp hos besteforeldrene, foreldrene driv sine prosjekt langt borte forhindra av grenser og krig til å henta han. Men det er ingen dårleg oppvekst for eit barn som er kjenslevart og glødande interessert i alt rundt seg. Issadalen er eit magisk univers, ei verd fylt med eventyr og urgamle myter der dei underjordiske vesenar er like verkelege som fuglane i lufta. Her er fortida like nærverande som no tida, dei eldgamle heidenske forestillingane ligg like under katolisismen. ( Lithauen skal ha vore eit av dei siste områda i Europa som vart kristna) "Ingen lever alene; man fører en samtale med dem som er gått forut, deres liv inkarneres i en, man stiger oppover en trapp og besøker i deres fotefar hver krik og krok av historiens hus."
Dette er og eit mulitikulturelt område som vekselvis har lege under Polen, Lithauen, Russland og Tyskland, Tomasz veks opp i den polske overklassen, omgjeve av Lithauiske bønder. Han får ein nært forhald til fleire av dei, og oppdagar gleda og spenninga ved jakt, og nedturen når han ikkje klarer å treffa rådyrbukken som kjem like mot han. Boka er sett saman av kapittel som dels skildrar Tomasz opplevingar og tankar, dels daglegdagse hendingar og meir dramatiske kapittel i dette vesle lokalsamfunnet langs den langsomt flytande Issaelva. Konfliktar, giftarmål, brann og sjølmord men og dei vakre stundene i naturen med vekster, dyreliv og årstidenes skifting. Naturen er nær, fortida er nær, augneblinken opnar seg utover mot både det nære og det kosmiske. Karakteristisk nok blir
Melkevegen kalla Fuglevegen: "Melkeveien, som på disse kanter kalles Fugleveien, risset sine tindrende tegn på himmelvelvingen."
Men så er det brått slutt, mora til Tomasz dukkar opp og tek han med til byar langt borte. Kjem han nokon gong tilbake ? Vi augnar her litt av Milosz eige vedmod over eit barndomsparadis som for alltid er tapt (og det er det for oss alle !)
"Det gjenstår å ønske deg lykke til Tomasz, Din videre skjebne vil for alltid forbli gjetninger, for ingen kan vite hva den verden du er på vei mot, vil gjøre deg til ."

torsdag 18. mai 2017
Pavevindauget
I bispepalasset i Krakow er der eit vindauga med bilete av pave Johannes Paul, det vender ut mot gata ul Franciskanska. Frå dette vindauget talte paven til sin tilhegjarar når han var på ein av sine mange reiser til byen der han verka som prest, biskop og erkebiskop i mange år. Det vart stilt spørsmål frå folkemengda og paven svarte. Den italienske journalisten Vittorio Messori stilte også sentrale spørsmål til pvane og dei vart seinare publisert i boka "Over håpets terskel." Eit av kapittela her har tittelen "Synagogen i Wadowice" der paven kjem inn på forhaldet til det jødiske folket og den jødiske religionen som han karakteriserar som "storebrødre i troen." Utgongspunktet er konsildokumnetet "Nostra aetate" ( I vår tid) som omhandlar relasjonen mellom Kyrkja og dei ikkje kristne religionane. For pave Johannes Paul blir ikkje dette bare teori men og noko djupt personleg :
"Til grunn for formuleringene i denne erklæringen fra Vatikankonsilet, ligger mange menneskers erfaring, både jøder og kristne. Også min personlige erfaring helt fra mine tidligste år i den byen hvor jeg ble født. Jeg husker først og fremst folkeskolen i Wadowice, hvor minst en fjerdedel av elevene i klassen min var jødiske gutter. Her må jeg fortelle om vennskapet til en av disse klassekameratene:Jerzy Kluger. Dette vennskapet har fortsatt helt fra skolepulten til i dag. Jeg ser levende for meg bilede av jødene som hver lørdag bega seg til synagogen; der den lå rett bak gymnaset vårt. Jeg går ut fra at begge de religiøse gruppenen var forenet i vissheten om at de ba til en og samme Gud. Tross sprogforskjellene bygget bønnene i kirken og synagogen i utstrakt grad på de samme tekstene."
Heile Jerzy Kluger familie blir drept under Holocaust, sjølv overlever han og treff pave Johannes Paul igjen mange år seinare i Roma. Han vart ein viktig formidlar mellom paven og det jødiske samfunnet.
På slutten av dette viktige kapittelet refererar paven til eit møte med representantar for det jødiske samfunnet. Ein av dei som er tilstades kjem bort og takkar paven for det kyrkja har gjort for kjennskapen til den sanne Gud i løpet av desse to tusen åra. I desse orda forstår pavne "hvordan Den nye pakten tjener som fullbyrdelse av det som har sine røtter i Abrahams kall, i Sinai- pakten direkte med Israel og hele den enormt rike arven fra profetene som var inspirert av Gud - de som hundrevis av år før denne avslutningen gjorde Ham Gud skulle sende i "tidens fylde", nærværende i Den hellige skrift."

tirsdag 16. mai 2017
Fatima 1917- 2017
13.mai var det hundre år sidan Maria openberringa i den vesle portugisiske byen Fatima. Jomfru Maria viste seg for dei tre små borna Jacinta, Lucia og Francisco. Ho viste seg seinare ei rekkje gonger dette året, sist 13.oktober då omlag 50.000 var tilstades og vart vitne til det såkalla solunderet.
Maria oppfordra til bot og omvending og la spesielt vekt på å be rosenkransen dagleg. Kyrkja har seinare gjeve si formelle godkjenninga til desse openberringa.Ikkje minst pave Johannes Paul la stor vekt på Fatima og han meinte at Vår frue av Fatima kom han til hjelp ved attentatet i 1981, drapsforsøket fann og stad på dagen for Fatima openberringa 13. mai. Året etter kom han til Fatima for å takka:" Jeg kommer hit i dag fordi akkurat på denne dagen, ifjor, skjedde attentatet mot Pavens liv på Petersplassen. Og. som på underfullt vis, sammenfaller det med jubileet for den første åpenbaringen i Fatima, som skjedde 13. mai 1917. Disse datoene hang sammen på en slik måte at jeg i det så et speielt kall til å komme hit. Og derfor er jeg her i dag. Jeg kom for å takke Guds forsyn, på dette sted som Guds Mor ser ut til å ha valgt spesielt. Det er ved Guds nåde at vi ikke ble utslettet - gjentar jeg nok en gang med Profeten."
No 35 år seinare kjem så pave Frans til Fatima i samband med hundreårsjubileet, høgdepunkt var heilagkåringa av Jacinta og Francisco som begge døydde eit par år etter openberringane. Lucia levde til 2005 nær hundre år gammal. Over ein halv milion pilegrimar var samla på den store plassen framfor katedralen der dei tre er gravlagde. Uansett kva ein meiner om desse openberringane er det ingen tvil om at Fatima har betydd og betyr mykje for så mange. Dei som kjem her kan ikkje unngå å bli prega av bodskapen frå Fatima.
Frå markeringa av Fatima i St. Paul kyrkje i Bergen
Linke til video frå Fatima med pave Frans
https://www.youtube.com/watch?v=XdVKrJDx5WI

søndag 7. mai 2017
Mors hår var aldri kvitt
Paul Celan (1920-70) var tyskspråkleg rumensk jøde. Familien omkom i Holocaust men sjølv klarte han å rømma fra leiren og overlevde krigen. Han kom til Frankrike og debuterte som forfattar. Tematikken hans er sterk preg av det han hadde opplevd. Hans meste kjente dikt er Dødsfuge (Todesfuge) der han skildrar utryddinga av jødane. Han strekte språket til yttergrensa for å få fram det han ville inntil han ikkje orka meir og enda livet i Seinen femti år gammal.
OSPETRE, lauvet ditt blenkjer kvitt i myrkret.
Mors hår var aldri kvitt.
Løvetann, so grønt er Ukraina.
den ljosleitte mor mi kom ikkje heim.
Regnsky, kvi drygjer du yver brunnen ?
Den stille mor mi græt for alle.
Runde stjerne, du vind den gylte sløyfa.
Mors hjarte vart såra av bly.
Eikedør, kven lyfte deg av gangjarni ?
Den milde mor mi kan ikkje koma.
(Omsett av Olav H. Hauge)
Auschwitz - minnesmerke med oske frå dei døde

Abonner på:
Innlegg (Atom)