Dominikanerpater Paul Murray er ein produktiv skribent som i fjor kom med boka "Scars" med undertittelen "Essays, poems and meditations on affliction." Her prøver han å uttrykkja smerten og lidingas problem med tre innfallsvinklar, først som korte artiklar, deretter i poetisk form og til slutt som meditasjonar over Kristi sju siste ord på krossen.
Innleiingsvis stiller han spørsmål om det i det heile går an å setja seg inn i andres liding, å setja ord på det og gje ord til trøst og oppmuntring. Blir det ikkje lett til at vi oppfører oss som Jobs vener ( a false friend friend of the afflicted), som Job med rette kan svara: " Eg kunne og ha tala slik som de dersom det var dykkar liv det gjaldt, og ikkje mitt. Eg kunne ha halde fine talar og rist på hovudet av dykk. Eg ville sett mot i dykk med munnen og lagt band på mine skjelvande lepper. Talar eg, blir mi smerte ikkje mindre. Held eg opp blir ho ikkje borte." ( Job 16.4-6)
Eg trur ikkje Paul Murray går i denne fella når han prøver å gje ordet til den lidande sjølv, dette kjem ikkje minst tydeleg fram i møtet med dei fengsla og dødsdømde som Murray skriv om både i den første delen av boka og i dei siste meditasjonane.
Peter Murray prøver ikkje å koma med teologisk eller filosofiske svar på lidingas og det ondes problem, for han er poesiens og musikkens språk betre istand til å uttrykkja det uforståelege enn det eit filosofisk essay er. Han favnar vidt, frå Job via Johannes av Korset, Beethoven og Mozart til Rainer Maria Rilke og Anna Akmatova. I Jobs bok gjev ikkje Gud oss svar på lidingas mysterium meir enn Beethoven gjennom sin musikk gjev svar til sine sørgjande vener. "But by naming, through poems and stories, the black stone of affliction - the stone that had no name but weighed heavily on our hearts - the weight of the stone is somehow lifted. We are touched by God`s grace, and healing begins." Og var det ikkje gjennom likningar - metaforar at Jesus framførte sin bodskap !
Det er her vi møter sanninga og vona, poesien, musikken, naturopplevinga og ikkje minst det personlege møtet med andre menneske. Kanskje kan då og det kjærleikens frø som Murray skriv om i "A song for the Afflicted" veksa til noko større og forsonande.
"Hidden within the deepest
self - no matter how
treacherous one has been
or how corruptible - hidden
within the deepest self
the seed of love remains."
Sterkast inntrykk gjer Murrays skildring møtet med unge dødsdømde i Sør-Afrika (under apartheid).
Kevin er 22 år og skal snart henrettast. Eit par dagar før skriv han: " I firmly believe that through darkness, pain and bitter times in life when all seems to be lost and the way out appears remote - there is and there must be a secret, a purpose,a goal, a motive, and a divine plan which God has for each one and for all of us."
Kanskje kan vi i mørket og natta sjå eit lys, ei omsorg , ei ny byrjing ? Som i diktet "Beginning" ?
"Now, after a long night
of stillness and longing,
on my brow, in the
tiny furrows of my palm,
the lines of dew
are forming. And what I
had despaired of so long
is here. The sun,
true to its wow, with
prophecies of light and air
wakes the horizon.
I have come through
after all. I have a new
dawn on my shoulders."
fredag 20. mars 2015
Ave Regina cælorum.
"Ave Regina cælorum, ave Domina angelorum,
salve radix, salve porta, ex qua mundo lux est orta.
Gaude Virgo gloriosa, super omnes speciosa;
Vale, o valde decora,
et pro nobis Christum exora."
(Hill deg himlers dronning, hill deg englers herskerinne,
vær hilset Jesse rot, vær hilset høye port,
fra deg er verdens lys opprunnet.
Fryd deg, ærefulle jomfru, du den fagreste blant alle.
Du den herligste , vær hilset. Be for oss til Krist din Sønn.)
I fastetida er det denne Maria-bøna som avsluttar dagens siste tidebøn, Kompletorium.
Den peikar fram mot det som skal koma, og er ei trøyst " in times of affliction."

tirsdag 17. mars 2015
Patriark Gregorios III: forbøn og faste for Syria
15. mars var det 4 år sidan konflikten i Syria tok til. Det starta med fredelege demonstrasjonar mot president Bashar al-Assad sitt styre, men utvikla seg etter kort tid til ein ekstremt brutal og blodig borgarkrig. Til no er meir enn 220.000 drepne i konflikten, mange av dei er sivile. I tillegg er ca 3,8 millionar flykta til nabolanda, og 8 millionar er internt fordrevne.
Den gresk-katolske patriarken av Antiotika Gregorios III har lenge vore ei uredd stemme for fred og forsoning i Syria. På 4 årsdagen for starten av konflikten kom han med ein appell om ein verdsdag med faste og bøn for fred i Syria.
Han seier følgjande: " Frå djupet av lidinga og smertene i Syria ropar vi ut med vårt lidande folk som går på den blodige krossvegen ein appell til heile verda: Det er nok ! Det er nok !. Nok av krig i Syria."
Han avsluttar med dette sterke utsagnet: " Vi trur på krafta i bøn og faste no i fastetida, og vi ber om ein solidaritetsdag for Syria. Ein dag med faste og bøn med von om fred i Syria ! "
Borgarkrigen i Syria har stått på så lenge og vi synest etterkvart å vera metta av dårlege nyhende frå dette området. Det går bare det galne vegen, det er inga von om løysing.
I dette mørket er det viktig med stemmer som Gregorios III, stemmer som ikkje gjer opp, som veit at det finst sterkare krefter enn dei som ondskapen representerar !
Den melkittiske gresk-katolske patriarken av Antiokia Gregorios III er fødd i
1933 og vart valgt til patriark i 2000.

onsdag 11. mars 2015
Legeassistert sjølvmord
NRK Brennpunkt sette nylig igjen legeassistert sjølvmord/euthanasi på agendaen i programmet om lungesjuke Siv Tove Pedersen som valde å reisa til Sveits for å få hjelp til å avslutta livet hos organisasjonen Dignitas. Programmet har i ettertid fått kritikk for å ikkje ha fått fram motførestillingar og såleis bli oppfatta som eit innlegg for å legalisera legeassistert sjølvmord. I programmet føl vi den tidlegare rusmisbrukaren Siv Tove Pedersen som no går på metadon ,og som har utvikla ein alvorleg lungesjukdom med svært nedsett funksjonsnivå. Ho har som tidlegare rusmisbrukar fått endeleg avslag på å bli sett på venteliste for lungetransplantasjon. Ho opplever eigen livskvalitet så dårleg at hjelp til å sleppa ut av dette livet er det einaste alternativet ho ser for seg. Vi møter ei sterkt lidande, og sannsynligvis svært einsam kvinne med ein traumatisk bakgrunn, og det kallar naturleg nok på medkjensle. Vi får inntrykk av at valet hennar er det einaste alterantivet. Helsevesnet er fråverande i programmet bortsett frå den sympatiske sveitsiske legen som tek i mot Siv Tove, og gjev henne omsorg før ho riggar til infusjonen som Siv Tove sjølv løyser ut.
Stein Husebø som har lang erfaring med lindring hos døyande pasientar seier i ein kommentar at han av og til får spørsmål frå pasientar om hjelp til å døy. Det som slår han er at omtrent utan unntak er det einsemd som er hovudproblemet ! Joan Slaaen som er seksjonsleiar ved Hospice Lovisenberg meiner at spørsmålet om aktiv dødshjelp eigentleg er eit rop om ein annan type hjelp, ikkje etter døden men etter meir heilheitleg omsorg. Vi har i dag kunnskap og middel til å gje slik omsorg, men diverre er det langt frå alle som får det noko Siv Toves historie er eit døme på.
Eg har tidlegare skreve om aktiv dødshjelp og legeassistert sjølvmord og synet på dette i vestleg opinion. På få år har vi sett ein tendens til at dette blir meir og meir akseptert. Nederland var det første landet som i 2002 innførte ei lov som tillet aktiv dødshjelp, i dag er 1,8 % av alle dødsfall i landet eit resultat av aktiv dødshjelp eller legeassistert sjølvmord. Belgia og Luxembourg følgde etter med tilsvararande lovverk. Sveits har ikkje lover som tillet aktiv dødshjelp, men heilt sidan 1942 har det vore lovleg å hjelpa personar til å ta sitt eige liv. Mange utlendingar, inkludert ein del norske som Siv Tove Pedersen, har nytta seg av dette tilbodet. I perioden 2008 til 2012 var det totalt 611 utlendingar frå 31 land som fekk hjelp til å døy i Sveits. I USA gjorde delstaten Oregon dette lovleg i 1997, seinare følgde Montana, Washington og Vermont. For eit par veker sidan vedtok kanadisk høgsterett og ei lov som gjer legeassistert sjølvmord lovleg. Innan kort tid følgjer nok fleire delstatar og land etter !
Men er det dette vi ønskjer, er døden verkeleg svaret på all liding og einsemd i livet sluttfase ? Stein Husebø og Joran Slaaen som arbeider med dette til dagleg meiner noko heilt anna, svaret er betre omsorg, betre pleie, betre smertelindring, meir ressursar til lindrande avdelingar .
Aktiv dødshjelp/legeassistert sjølvmord vert kamuflert som omsorg, autonomi, rett til ein verdig død,
men er eigentleg ein del av det som Pave Johannes Paul karakteriserte som "dødens kultur". I kva retning vel vi å gå i åra som kjem ?

Siv Tove Pedersen framstilt i NRKs Brennpunkt
tirsdag 10. mars 2015
Olav H.Hauge:Din veg
"Ingen har varda den veg vegen
du skal gå
ut i det ukjende,
ut i det blå.
Dette er din veg.
Berre du
skal gå han. Og det er
uråd å snu.
Og ikkje vardar du vegen,
du hell.
Og vinden stryk ut ditt far
i aude fjell."
Eg vender stadig tilbake til Olav H.Hauges poesi, ei uendeleg kjelde til refleksjon og inspirasjon.
Dette er eit av dei første dikta eg las av han, det er innleiingsdiktet i den andre diktsamlinga hans "Under bergfallet" som kom i 1951. Eg memorerte det og gjentek det for meg sjølv åleine i fjellet.
På få linjer risser han opp heile vår livslagnad, vi er kasta inn i dette livet og kan ikkje noko anna. Brått her, brått borte og gløymde. Spora viser ei kort stund men så er dei og borte, men over det heile likevel noko langt større.

søndag 8. mars 2015
Poetica:Eg og du/du og eg
,
" Eg og du", eit fundamentalt omgrep filosofisk og språkleg, forsøkt analysert av filosofar som til dømes Martin Buber og Emanuel Levinas. "Eg og du" er ikkje synonymt med "vi" som er meir generelt, meir utflytande mindre intenst. "Eg og du" er den fundamentale relasjonen både i verda her og no, og i eit metafysisk perspektiv. Møtet med andletet til den andre(du) er ifølge Levinas den fundamentale erfaringa i tilværet, noko som ligg før både ontologien og etikken. Ei erfaring som det ikkje er lett å språkleggjera, å setja fornuftige ord på. For mange år sidan reflekterte eg litt omkring dette i eit kort tekst som eg sette tittelen "Vi" på, men kanskje skulle det heller heita "Du og eg" ?
"Det blir sagt
at cherokee språket
har mange ord for vi
eg og du
eg og dei andre
eg, du og dei andre.
Eg veit ikkje om språket
med det blir rikare
eller om vi blir større
meir innsiktsfulle
likevel har eg alltid sakna
ordet for du og eg."
"Ikke deg har jeg mistet, bare verden" (Ingeborg Bachmann )
onsdag 4. mars 2015
Winterreise
«Fremd bin ich eingezogen, Fremd zieh`ich wieder aus. Der Mai war mir gewogen Mit manchem Blumenstrauß, Das Mädchen sprach von Liebe, Die Mutter gar von Eh`, - Nun ist die Welt so trübe, Der Weg gehüllt in Schnee.» («Som ein framand kom eg som ein framand drog eg Mai var mild mot meg med mang ein blomebukett, Jenta tala om kjærleik, mora til og med om ekteskap, No er verda så trist, Vegen fyllt med snø.») Slik lyder første verset på Franz Schuberts kanskje mest kjende songsyklus «Winterreise». Teksten er av den relativt ukjente poeten Wilhelm Müller,og kanskje ikkje spesielt orginal,men inspirerte likevel Schubert til heilt mot slutten av sitt korte liv å komponera dette meisterverket, som snart to hundreår seinare gjer like stort inntrykk som då det var nytt i 1827. Både tekst og musikk er skapt i romatikkens melankolske uttrykksform, tapt kjærleik, sorg, einsemd og død. Hovudpersonen dreg ut i eit kaldt og draumeaktig vinterlandskap etter å ha tapt sin store kjærleik. Det er kulde, snø, tårer, kaldt vatn, lengt etter våren, einsemd, ei siste von og så vonbrotet,verthuset som eigentleg er ein gravplass.I siste verset møter denne vintervandraren lirekassemannen(Der Leiermann) utanfor landsbyen som med stivfrosne fingrar spelar så godt han kan.Ingen bryr seg om han, ingen ser på han der han spelar og let verda passera forbi. Kanskje er det eit bilete på døden som ventar og til sist spør deg om å bli med ? «Wunderlicher Alter, Soll ich mit dir geh`n ? Willst zu meinen Liedern Deine Leier drehn ?» («Merkelege gamle mann, skal eg følgja med deg ? Vil du spela på lirekassen din til mine songar ?»)
Forfattaren Ragnar Hovland gav i 2001 ut sin versjon av «Winterreise» med same tittel. I romanen føl vi to parallelle historiar, den eine er djupt personleg, ei slags dagbok over forfattarens kamp mot ein potensielt dødelege kreftsjukdom. Den andre minner meir om Schuberts og Müllers vinterreise, men no lagt til eit vestlandsk vinerlandskap. Hovudpersonen Lindemann leitar etter sin store tapte kjærleik Johanna. Navnet til hovudpersonen er her kanskje heller ikkje tilfeldig, i vers fem i «Winterreise», kanskje det vakraste i heile syklusen, drøymer vandraren i skuggen av lindetreet ved ei kjelde. Han drøymer søte draumar og skjer kjærleiksfulle ord inn i stamma før vintervinden igjen bles iskald mot andletet hans. Lindetreet – Der Lindebaum- er eit kjent litterært symbol, vi finn det hos både Homer, Thomas Mann og Marcel Proust. Eit bilete både på kjærleik, død og minne ? Når ein fordjupar seg i vinterreisa er det kanskje denne søte, vedmodsfylte og livsfjerne melankolien som fyller sinnet.Ja,men ikkje bare den,kanskje også ei djupare forståing av dette korte og uforståelege livet. Er det ikkje det som er kjenneteiknet på all stor kunst ? Lenke til "Der Lindenbaum" vers fem i syklusen.
Abonner på:
Innlegg (Atom)