I Maria månaden mai markerar vi openberringane i Fatima i 1917. 13. mai er dei tre barna Lucia, Hyacinta og Frans i Cova da Iria litt nord for Fatima for å gjeta sauer. Ved middagstider er dei ferdig med å be rosenkransen då dei brått blir blenda av eit kraftig lys, ei ung og vakker kvinne viser seg så for dei tre barna. Ho opplyser at ho kjem frå himmelen og vil møta dei på same plass og dag kvar månad framover.Ho spør om dei er viljuge til å ofra seg til Gud og ta på seg dei lidingar som blir sendt dei som soning for menneskas synder som krenker Gud og Marias reine hjerte. Ho ber dei og om å be rosenkransen andektig kvar dag. Maria viser seg for barna kvar månad, det ryktes og ei stadig større folkemengde møter opp. Det kulminerar 13. oktober med mange titusen til stades som får oppleva det såkalla solunderet.
Hyacinta og Frans døyr tidleg av influensa, men Lucia som blir karmelittnonne lever til 2005. Ho får møta pave Johannes Paul som fleire gonger vitja Fatima. Attentatet på Petersplassen i 1981 fann stad 13. mai og paven meinte at det var Vår Frue av Fatimas forteneste at han overlevde drapsforsøket! Kula som traff han finn vi i Fatima, ein liten del av Berlinmuren som fall eit par år seinare er og stilt ut her.
Fatima vart etter kvart eit av Europas viktigaste pilegrimsmål. Mange har opplevd å bli styrka og fornya i trua etter ei vitjing her. Fatima er ein del av portugisisk nasjonalkjensle, og utgjer saman med fado og fotball dei tre F.
I påsketida avsluttar vi messa med Regina Coeli så også i dag.
Regina caeli, laetare, alleluia,
Quia quem meruisti portare, alleluia,
Resurrexit, sicut dixit, alleluia,
Ora pro nobis Deum, alleluia.
Cardiotissa (eller Kardiotissa) er et gresk begrep som betyr «den som har et hjerte», og refererer til jomfru Maria (Panagia) som viser sympati, barmhjertighet og medlidenhet. Det er også et ikonografisk motiv, navnet på et kloster på Kreta, og en ubebodd gresk øy.
Dåpsikon som i dag er formelt velsignet av p.Tien St. Ansgar.

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar