fredag 15. november 2024

Søster Clare Crockett ein ny helgen ?

 Sr. Clare Crockett  var ei ung nonne frå Derry i Nord- Irland som om ikkje lenge blir vurdert for det første steget mot helgenstatus. 12. januar til neste år vil ho bli erklært som Guds tjener i ein sermoni i Spania  der ho i 2001 slutta seg til ordenen Servant Sisters of the Home of the Mother. Dette er ein ny orden grunnlagt i 1982 som rettar seg spesielt mot unge , og som har fokus på Eukaristien og Maria.

Clare Crockett vart fødd 14. november 1982 og omkom i eit jordskjelv i Ecuador 16.april 2016. Ho er gravlagt i fødebyen der ho alt har inspirert mange, spesielt mange unge til å finna tilbake til si katolske tru. Folk i heimbyen er overvelda med tanken på utsiktene til å få sin eigen helgen!

Clare Crockett var ein person som skilte seg ut alt som barn, ho hadde ei utstråling som gjorde henne til det naturlege midtpunkt over alt der ho var til stades. Ho hadde talent som skodespelar og deltok i TV- programm alt frå 15 års alder. Ho var døypt katolsk, men familien var ikkje ivrige katolikkar og Clare var ikkje spesielt religiøst interessert i oppveksten. Ho sette meir pris på fest og moro enn å gå til messe. Så skjedde det noko i påskeveka 2000 då ho var 18 år. Meir eller mindre tilfeldig hadde ho blitt med på ein tur til Spania som viste seg å vera ein pilegrimstur. På langfredag vart ho overtydd om å delta i hyllinga av Kristi kors ved å gå fram og kyssa det. Noko skjedde med Clare i det ho bøygde seg for korset, sjølv skildrar ho det slik:« Eg veit ikkje korleis forklara akkurat kva som skjedde.Eg såg ikkje englekor eller kvite duer som kom ned på meg, men eg var sikker på at Herren var på krossen for meg.» For Clare var det «All or nothing» som er tittelen på ein dokumentar om henne, ho kjente sterkt på å kallet til å gje seg heilt til Kristus.Clare reiste heim til Nord-Irland, det neste året vart ho drege mellom utsiktene til ein verdsleg karriere som skodespelar og kallet til ordensliv. Guds kall sigra og alt året etter var ho tilbake hos søstrene i Spania som postulant, dei førebels løftene vart avlagt i 2006 og dei endelege løftene i 2010. Den første tida var ho i Belmonte i Cuenca, men i 2012 vart ho overført til Ecuador. Det var ho resten av livet inntil ho på tragisk vis omkom i 2016. Clare viste seg også her som den heilt spesielle personen ho var, det var særleg arbeid blant barn og ungdommar som opptok henne. Ho fekk særleg god kontakt med dei unge gjennom sin humor, sitt åpne og vinnande vesen, og ikkje minst sitt musikalske talent, gitaren hadde ho alltid med seg. I dokumentarfilmen «All or nothing» møter vi både barn, ungdomar og vaksne som skildrar sitt møte med Clare Crockett og det sterke inntrykket ho gjorde på dei, mange fekk eit levande forhold til Kristus gjennom hennar vitnemål. Etter påtrykk frå mange blir det no opna ein prosess som evt. vil føra fram til helgenstatus. Ho vil i såfall bli ein av fleire unge helgenkandidatar frå siste halvdel av 1900 talet.




søndag 3. november 2024

Rekviem

 Fin framføring av Maurice Duruflés Rekviem i Kristiansand domkirke i kveld. Allehelgenskonsert med Kristiansand domkor supplert med Agder ungdomskor og musikarar frå symfoniorkesteret. Vi fekk og høyra Bachs Passacaglia og fuge i c- moll, dessutan Duruflés « Quatre Motets sur des thèmes grégoriennes»

Maurice Duruflé ( 1902-86) er nok ikkje så kjent som fleire andre store komponistar i Frankrike på 1900 talet, til dømes Francis Poulenc, Louise Vierne og ikkje minst Olivier Messiaen. Det kjem nok delvis av at Duruflé var svært sjølvkritisk og perfeksjonistisk pg bare få verk vart publisert og framført i hans levetid. Han  vart i 1929 organist i St.- Etienne- du - Mont, ein stilling han hadde resten av livet. Frå 1943 var han også professor i harmonilære ved konservatoriet i Paris.

Vi har akkurat markert Allehelgensdag og Allesjelersdag med vekt på såvel store og små helgenar som alle dei som gjekk framom oss over dødens grense. Dei katolske rekviemtekstane gjev ei meingsfull ramme rundt alt dette.



  • Inngang
Kvile i alle æve gje dei Herre
og lat lyset som varer evig skinne for dei.
Deg tilkjem lovsangen, Gud i Sion,
og til deg skal det gjevast lovnader i Jerusalem.
Høyr bøna mi,
Måtte all lekam komme til deg.
  • Herre
Herre, miskunn deg, Krist, miskunn deg
  • .
Tilgjev, Herre, sjelene til alle kjære
løys dei frå alle lenkjene og gje nåde for syndene
og la dei vinne å unngå dommen
og la evig lys signe og glede dei.
  • Vreidedagen
.
  • Ofring
O Herre Jesus Krist! Konge i æva!
Fri sjelene til dei døde frå straffene i helvete
og den djupe grava.
Fri dei frå gapet til løva
ikkje lat dei bli oppslukte av underverda,
ikkje lat dei falle i mørkret.
lat merkesmannen, heilage Mikael, leie dei i heilagt lys
slik du eingong lova Abraham og etterslekta hans.
Offer og bøn til deg, Herre, ber vi fram.
Ta du dette til deg for dei tyngde sjelene som vi i dag feirar minnet til.
Lat dei, Herre, frå døden gå over til livet
slik du eingong lovte Abraham og etterslekta hans.
  • Heilag
Heilage Herre Gud Sebaot
fylt er himmel og jord av æra di
velsigning som kjem i Herrens namn
Hosianna i det høgste!
  • Guds lam
Guds lam, som ber verdas synder,
gje dei kvile, for all tid kvile.
Lat det evige lyset skinne for dei, Herre,
i lag med dine heilage i all æve, for du er god.
Kvile i all æve gje dei Herre,
og lat lyset som varer evig skinne for dei.
  • Fri meg
Fri meg, Herre, frå den evige døden
på den tunge skakande dagen
når himmelen rokkast til like med jorda:
då kjem du for å dømme slektene gjennom eld.
Skjelve gjer eg, og eg fryktar ristinga som kjem
og den kommande vreiden.
Den tunge dagen, vreidedagen, elende og ulykker,
den mektige og veldig beiske dagen.
Kvile i all æve gje dei Herre,
og lat lyset som varer evig skinne for dei.
  • I paradiset
I paradiset førte englane an:
då du kom lyfte martyrane deg
og leidde deg inn i den evige byen Jerusalem.
Englekoret lyfte deg
og i lag med Lasarus, som eingong var fattig, skal du ha kvile i all æve.
  • Gode Jesus
Gode Jesus Herre gje dei kvile
gje dei kvile, for all tid kvile.



lørdag 2. november 2024

Den salige Chiara Luce Badano

 

Den salige Chiara Badano

Vi har akkurat markert Allehelgensdag og det passer godt å presentera ein av dei nye unge heilage!

Mange kjenner nok til Den salige Carlo Acutis, tenåringen som døydde 15 år gammal av kreft og sannsynligvis blir helgenkåra til neste år. Mindre kjent er nok ein tilsvarande historie frå eit par år tidlegare, underteikna hadde knapt høyrt om Den salige Chiara Luce Badano før eg tilfeldig kom over hennar historie nyleg.

Chiara vart fødd i den vesle nord-italienske byen Sassello 29. oktober 1971. Foreldrene Ruggero og Maria Teresa Badano hadde i over ti år prøvd og bedt om å få barn, endeleg lukkast det og dei vart velsigna med vesle Chiara. Chiara var eit barn utanom det vanlege. Alt frå fire års alder hadde ho eit særleg blikk for andre, ho delte leiker med fattige barn, inviterte inn trengande og vitja eldre. Chiara elska å høyra Evangelia og å delta i den heilage messefeiringa. Då ho var ni år vart ho med i Focolare rørsla som er eit katolsk fellesskap som arbeider for dialog og fellesskap mellom alle mennske. Focolare er opprinneleg italiensk, grunnlagt av barneskolelæraren  Chiara Lubich i 1942, men har etterkvart fått avleggarar i 180 land. Chiara hadde kontakt med grunnleggaren av Focolare, og ho deltok ivrig i deira samlingar. Ho fekk tilnavnet «Luce» avdi ho synest å utstråla lys med sin smilande ansikt og sin personlegdom.

Chiara var ein heilt normal tenåring, sporty, sosial, aktiv og vennekjær,men ho hadde heile tida blikket retta mot Kristus og vitna, ikkje så mykje med ord som med sitt eksempel og si omsorg for andre. Då ho var sytten år tok livet brått ei ny vending. Ho spelte tennis og merka sterke skuldersmerter, det viste seg å væra ein sjelden for beinkreft – osteogent sarkom. Dei neste to åra vart tunge og smertefulle, men ho heldt fram med å utstråla lys og kjærleik. Vener kom på vitjing for å trøsta henne, men det enda med at det var ho som trøysta dei. Heile tida hadde ho også foreldre som støtta henne, og som nok var i djup sorg over utsiktene til å mista sitt einaste barn. Ein kardinal som vitja henne undra seg over lyset i augene hennar og ho svarte: « Eg prøver å elska Jesus så mykje eg kan.» 7. oktober 1990 døyr Chiara Luce i heimen sin i Sassello, ho er enno ikkje fylt nitten år. Ho har vore klar over at det går mot slutten og førebur gravferda som til eit himmelsk bryllaup, ho får sjukesalvinga,skriftemålet og nattverden. Det siste ho seier til mora er: « Adjø. Du må vera lukkeleg for eg er lukkeleg.» Fleire tusen deltak i gravferda nokre dagar seinare. Men det er ikkje slutt med det, alt i 1998 blir det opna for ein saligkåringsprosess for Chiara. I 2002 skjer mirakelet som opnar for saligkåring, ein ung mann med hjernehinnebetennelse blir på mirakuløst vis frisk. 25. september 2010 blir Chiara Luce Badano erklært som salig av pave Bendikt, det nest siste steg før helgenkåringa. Fleire titusen er samla for å ta del i den høgtidelege sermonien.

Pave Benedikt seier følgjande om Chiara: «Jeg inviterer dere til å bli kjent med henne. Livet hennes var kort, men inneholdt et vidunderlig budskap. 19 år fulle av liv, kjærlighet og lys. De siste to år også fylt med smerte, men alltid levd i kjærlighet og lys, et lys som strålte rundt henne og kom innenfra, fra hennes hjerte fylt av Gud. Hvordan er dette mulig ? Hvordan kan en 17 -18 år gammel jente leve gjennom lidelsen på en slik måte? Menneskelig håpløst, og samtidig spre kjærlighet, renhet, fred og tro. Tilsynelatende er det nåde fra Gud, men denne nåden  måtte også ha menneskelig medvirkning og forberedelse. Chiaras egen medvirkning naturligvis, men også hennes foreldre og venner. I dag vil jeg fremheve dette på en særlig måte. Salige Chiara Badanos foreldre lever, de var i Roma i forbindelse med saligkåringen – jeg møtte dem personlig. De er vitner om det grunnleggende faktum som forklarer alt: deres datter var fylt med Guds lys. Og de var de første som tente dette lyset, som kommer fra tro og  kjærlighet. Hennes mor og far tente troens flamme i sin datters sjel, og de hjalp Chiara å alltid holde den brennende, til og med i de vanskeligste stunder i vekst, og særlig gjennom lidelsens prøvelser.»

Chiara er eit eksempel for alle truande men spesielt for dei unge. Ho er skytshelgen for ungdom og for Verds-ungdoms dagen. Minnedagen er 29. oktober.

Salige Chiara Luce be for oss !

 




mandag 28. oktober 2024

Frigjeringsteologar

 Nyleg døydde teolog og dominikanerpater Gustvo Gutierrez (1928 - 2024) i ein alder av 96 år. Han vart fødd og  døydde i Lima i Peru. Han vart prestevia i 1959, og gjekk seinare inn i Dominikanerordenen  i 1971 kom hans teologiske hovudverk om frigjeringsteologi. Av mange  er han blitt karakterisert som «frigjeringsteologiens far», sjølv om det nok var fleire andre som bidrog til å utforma det teoretiske grunnlaget for denne teologiske retninga. Fleire av desse kom på kant med Vatikanet som til dømes brasilianske Leonardo Boff, ikkje minst pave Johannes Paul hadde liten sans for katolske geistleges politiske engasjement i marxistisk inspirerte retningar.På 1960 -1970 talet vaks det fram aukande medvit om sosial utrettferd også blant mange kristne,
ikkje minst i Latin-Amerika som var prega av fattigdom, stor klasseforskjell og brutale militærregime.Frigjeringsteologane var misfornøgde med ei kyrkje som i for stor grad hadde vore unnvikande i sin kritikk av eit system som skapte fattigdom og urettferd. Dei nytta marxistiske omgrep og analyse, men var og inspirert av sentrale bibelske forteljingar som til dømes utferda frå Egypt. Dei fleste ville i utgangspunktet nytta fredeleg og demokratiske middel for å oppnå eit meir rettvist samfunn., men nokon som presten Camillo Torres i Colombia, gjekk eit steg lengre og slutta seg til geriljaen som kjempa for ein sosialistisk revolusjon. Det latin-amerikanske bispemøte i Medellin i 1968 kom med relativt radikale sluttdokument som i stor grad var utforma av Guttierez. 

I følge Guttierez syn var frigjeringsteologien i rørsle for og av fattige som reflekterar Guds inngripen på vegne av dei fattige. Gud er dei fattiges Gud, Han stiller seg på dei undertryktes side. Lik dei andre frigjeringsteologane vart hans teologi granska av av Vatikanet, men han fekk ikkje tilsvarande kritikk som Leonardo Boff og Ernesto Cardinal, presten og poeten som gjekk inn i sandinistregimets regjering i Nicaragua. Den store teologen Karl Rahner tok Gutierrez i forsvar, og han hadde ein dialog med såvel Pave Benedikt som pave Frans. Iflg. pater Arne Kirsebom fjerna Gutierrez seg aldri frå tradisjonell katolsk teologi, han forstod at det han hevda måtte vera  inkorporert i Kyrkjas lære.Mange tankar frå frigjeringsteologien er med åra teke opp i såvel protestantisk som katolsk teologi. Ikkje minst har pave Frans vore ein eksponent for solidaritet med dei fattige og undertrykte.Sjølv om Kyrkjas primære oppgåve er å forkynna evangeliet vil dei fleste vera samde i at vi har eit ansvar for både våre medmenneske og for det Skaparverket vi alle er avhengige av.

Frigjeringsteologane på 1960-70 talet hadde nok eit for optimistisk syn på at eit sosialistisk styre ville føra til meir rettferd. I dag veit vi at dette ikkje var tilfelle.To av dei mest undertrykkande regime i Latin-Amerika  Nicaragua og Venezuela har eit styre prega av sosialistiske tankegang. I desse landa har dei fattige det verre enn nokon gang. Eit venstreorientert regime i Bolivia har heller ikkje ført til meir rettferd. Cuba har hatt eit sosialistisk regime i over seksti år, men er framleis eit dårleg fungerande diktatur. Det hindrar  oss ikkje i å sjå på Gustavo Gutierrez som ein viktig teolog som med bibelsk inpirasjon har fått oss til å få augene opp for at vi også har eit ansvar for å bidra til eit meir rettvis verd.

     

søndag 20. oktober 2024

Forfølgde for si tru

 Stefanus alliansen fokuserar på dei som blir forfølgde for  si religiøse tru. Alliansen gjev ut eit magasin som kjem annankvar månad med fokus på situasjonen i ulike land. I siste nummer var det fokus på Nord-Korea som vi veit er det kanskje mest undertrykkande regime i verda. Bare det å eiga ein bibel eller eit anna religiøst symbol kan medføre opphald i fengsel eller fangeleir på ubestemt tid. Alt som sår tvil om leiaren Kim Jong- un sin posisjon som eineherskar er strengt forbode. Dette gjeld all religion, og framfor alt kristendomen.

Den franske katolske nettsida Aleteia hadde nyleg ein oversikt over dei land i verda der religionsfridomen er mest avgrensa og der det er vanskelegast å evangelisera. Ikkje uventa er det Nord-Korea som tronar på topp, deretter kanskje litt uventa Marokko som mange oppfattar som eit mindre strengt muslimsk land. Deretter føl Libya, Usbekistan, Iran og så eit hunduistisk land nemleg Nepal. Dei resterande landa er muslimske, Maldivene, Saudi-Arabia, Somalia og Sudan. Ei rekkje andre land har også avgrensa religionsfridom til dømes Russland som er eit ortodoks land, men Jehovas Vitne er forbode, og ei rekkje protestantiske forsamlingar blir oppfatta som vestlege agentar!

Det er viktigare enn nokon gong å stå opp for religionsfridom, og gje støtte til alle forfølgde gjennom markeringar og forbøn. 10. november Stefanus alliansens søndag for dei forfølgde. Det vert arrangert markeringar med fakkeltog ei rekkje stadar i landet.


 Dei 21 koptiske martyrane som vart drept i Libya av IS i 1995.

lørdag 19. oktober 2024

Poetica:Gater i mørke


Gater i mørke

Bilete i svart – kvitt

litt ut av fokus og falma

brett på eine hjørnet

plukka ut frå denne usorterte

bunken i eit umedvite innfall

eller overvintra røyndom

med spor av samtalar

frå ei tapt ungdomstid

i samver med  kjenningar

for lengst sletta frå adresseboka

eller eit glimt frå draumen i forgårs

utflukt til Bois de Boulogne

ein søndag i august ukjent år

uklåre andlet gater i mørke

for minnet er svikefullt

det skil sjeldan skarpt

om kjenslene likevel gjer det.

 


Patrick Modiano f. 1945, nobelprisen i litteratur 2014. Sju av hans romanar er omsett til norsk, sist «Danserinnen» som kom i år. Han bør lesast av alle som er fascinert av Paris, og av det som ifølge han sjølv er hans tre hovudtema: «Le temps, le  passé, la memoiré» (Tida, det som har vore og minnet). Eller som den svenske journalisten og forfattaren Knut Ståhlberg uttrykkjer det i tittelen på si svært lesverdige bok om Paris og litteraturen: «Det förflutnas ständiga närvaro.» Kanskje får ein ikkje meir innsikt av å lesa Modiano, men absolutt større undring!

søndag 13. oktober 2024

Det förflutnas ständiga närvaro

«Det förflutnas ständiga närvaro», eg liker denne svenske formuleringa om fortida som fortset å vera til stades i liva våre, det gjeld ikkje berre Modianos liv og litteratur, men naturligvis oss alle.Det gjeld ikkje minst meg sjølv  denne dagen søndag 13.oktober. Eg går nøyaktig fem år tilbake, det var også ein søndag 13.oktober 2019, ein dag som vi minnest som heilt unik! Både inngongen og utgongen av dette livet kom ekstra tett på oss i det barnebarn/oldebarn Mathilde vart fødd omlag samstundes som far/bestefar/ oldefar døydde godt over 97 år gammal og mett av dage. Han hadde vore skrøpelig og prega av aldersdemens i lang tid og det var forventa då han sovna roleg inn på Rosendalstunet. Denne dagen vart heilt spesiell,både emosjonelt og eksistensielt, men det opplevdes godt og meiningsfullt.Livets inngong og utgong er omslutta av noko større, Guds omsorg i dette livet og i det neste. På gravsteinen har vi sitert Salme 121: «Herren skal vara din utgang og din inngang frå no og til evig tid.»

Men 13.oktober er og dagen min farfar vart fødd i Horsens i 1873, på hans førtiårsdag døyr hans andre kone Hanna ,13. oktober 1913.Dei er berre gravlagt der min far ligg på bilete under.


Kyrkjegarden ved Kvinnherad kyrkje der både min far og besteforeldre er gravlagt.

Malmanger i Rosendal 1908.Min bestefar kom til bygda 1899 og har enno ikkje bygd huset som i dag ligg til høgre på den nedre tredjedelen av biletet.

Rosendal omlag 1930, huset min bestefar bygde eit tiår tidlegare ligg nede til venstre.


lørdag 12. oktober 2024

Gater i mørke - Om Patrick Modiano

 Eg har tidlegare skreve om den franske forfattaren Patrick Modiano og hans bøker, og igjen vender eg tilbake til hans liv og litteratur. Eg har byrja på hans mest sjølvbiografiske nok, «Un Pedigree» (Ei stamtavle) og som sekundær litteratur svenske Per Arne Tjäders analyse av Modianos bøker i «Gare d’Austerlitz». Tjäder byrjar og sluttar med referansar til sjøvbiografien. Innleiingvis ei brevveksling mellom Patrick og faren italiensk - jødiske Alberto Mondiano frå midten av sekstitalet. Breva understrekar det kompliserte forholdet i faren, og ein barndom prega av fråver og tap. Foreldrene kjørte sine løp og var i liten grad til stades i livet hans, men det mest traumatiske var likevel utan tvil tapet av broren Rudy som døydde av leukemi 10 år gammal. Det er sterkt å lesa hans skildring av då faren og onkelen kjem med beskjed om at Rudy er død, broren som han leika med sist helg uvitande om det som snart skulle skje. Sjølv om det bare er «Un Pedigree» som er eksplisitt sjølvbiografisk er det sjølvbiografiske trekk i alle hans romanar, både tapet av broren, den kompliserte ungdomstida og ikkje minst foreldrenes liv under den tyske okkupasjonen før han vart fødd i 1945. Han har gjeve uttrykk for ei oppleving av minnet som går tilbake frå før fødselen, foreldrenes opplevingar er alt innprenta i han. Men minnet er ein svikefull ven i Modianos bøker, kva er sant, kva er fantasi eller minne forandra av ettertidas opplevingar?

Så opnar det seg ei ny verd frå slutten av sekstitalet. Han debuterar i 1968 med romanen « La place d’Étoile» som kjem ut på det prestisjefylte forlaget Gallimard. Boka har naturleg nok tematikk frå okkupasjonsåra med fokus på jødisk identitet og lagnad. På  denne tida opplevde Paris det såkalla studentopprøret. Aldersmessig var han nok ein sekstiåttar men hans tematikk var fjernt frå den dagsaktuelle politikken.«Le temps, le passé, la mémoire» (Tida, fortida, minnet) er mine sentrale tema skriv han mange år seinare.

Å fullføra den første romanen var utan tvil eit stort løft for den unge Modiano,« Un Pedigree» avsluttar med at han har sett sine nygifte vener Roger og Chantal vel avstad og han tenkjer:« Den kvelden kjente eg meg lett om hjertet for første gong i livet mitt.Det tunge trugsmålet som har hengt over meg alle desse åra, og som alltid tvinga meg til å vera på vakt, det hadde løyst seg opp i den parisiske vårlufta.Eg hadde klart meg over på den andre sida. Det var på tide.»






søndag 29. september 2024

September

 

Sist i september

Solfylte dagar

fjorden urørleg spegelblank

lyset stig over lyngheia

det er tida for å løfta blikket

frå åker og eplehage

men ikkje som forfedrane

dei skulle ha alt klart

framfor det trugande kalde mørkre

likevel ei svak uro

halvvegs til vintersolkverv

ventande leitar du bak i minnet

men det er ein svikefull ven

å stø seg på.



 

Vår Frue av Rosenkransen

 

Vår Frue av Rosenkransen

Oktober er Rosenkransmåneden og 7. oktober feirer vi Vår Frue av Rosenkransen. Selv om vi ber Ave Maria på hver av de små perlene er ikke Rosenkransen primært en bønn til Maria, men en bønn vi ber sammen med Maria til Kristus samtidig som vi konsentrerer oss om de fire mysterier som omfatter hele Kristi liv og virke. De gledefulle som omfatter Kristi fødsel og tidlige liv, de smertefulle som omfatter hans lidelse og død, de herlighetsfulle som omfatter han oppstandelse og himmelfart. I 2002 la så pave Johannes Paul til Lysets mysterier som omfatter hendelser i Kristi offentlige virke. Vi markerer Rosenkransmåneden med felles rosenkransbønn og prosesjon. Det blir hengt opp en rosenkrans ved Maria-kapellet og Fatima statuen blir tatt frem og pyntet.

I oktober er det også en rekke minnedager for helgener som hadde en sterk Maria fromhet og nok ba rosenkransen med hengivenhet. Vi kan trygt la oss inspirere av deres liv og be om deres forbønn. Første oktober feirer vi Thérèse av Jesus barnet og Det hellige ansikt ( 1873 -97) som mange har et sterkt og nært forhold til. 15. oktober markerer vi Karmelittordenens store klosterstifter og helgen Teresa av Avila (1515 -82), hennes skrifter har betydd mye for mange. 5. oktober har vi minnedagen for Faustina Kowalska (1905 -38), som har inspirert andakten til Den guddommelige barmhjertighet. 12. oktober feirer vi så en helgen fra vår tid, Den salige (snart hellige) Carlo Acutis (1991 – 2006). Til slutt må vi ikke glemme minnedagen for Olav den Helliges omvendelse 16. oktober.

Alle oppfordres til å be rosenkransen og meditere over de fire mysteriene. La oss også inspireres av de hellige  som Guds i sin store nåde har gitt oss, og som vi minnes spesielt denne måneden!

(St.Ansgar nytt oktober)






.

St.Ansgar Rosenkransprosesjon om kvelden 5.oktober

 

tirsdag 17. september 2024

Pave Frans om litteratur

 « Det beste forsvaret for litteratur eg har lese» seier nobelprisvinnar Jon Fosse om pave Frans brev frå juli i år der han tek for seg kva nytte vi kan ha i vår personlege modning av å lesa god litteratur. Brevet var opprinneleg tiltenkt unge prestekandidatar, men paven skriv innleiingsvis at det og må angå alle engasjert i pastoralt arbeid, ja faktisk alle truande. Han oppmodar alle til å lesa såvel romanar som poesi, og understrekar at å lesa ei bok krev større personleg engasjement i motsetnad til audio- visuelle media. Litteraturen gjer det reflekterande rommet større, og ein let seg kanskje ikkje så lett lura av « fake news» som blir spreidd digitalt kommenterar Fosse. Paven meiner og at litteratur er viktig for at truande kan engasjera seg i samtidskulturen, og ikkje minst setja seg inn i andre menneskes erfaring.

Paven dreg fram eigne erfaringar, som ung lærar på ein jesuitt- skule brukte han medvite litteratur i undervisninga.Her trekk han og fram sin landsmann den store forfattaren Jorge Louis Borges som fortalte sine studentar at det  viktigaste er rett og slett å lesa, å gå i direkte kontakt med litteraturen, å fordjupa seg i den levande teksten ein har framfor seg, framfor å bli opphengt i idear og kritiske kommentarar.

Han går og inn på det meir spesifikte religiøse når han skriv at litteratur kan gjera framtidige prestar meir kjenslevare for det fullt menneskelege i Herren Jesus. Slik kan dei og formidla det som Det andre Vatikankonsilet uttrykkjer : « det er bare i mysteriet om Ordet som vart kjød at mysteriet menneske kan bli klart fullt ut.» Det er ikkje noko fjernt og abstrakt, men det konkrete livet til alle menn og kvinner med deira sår, ønskje, minne og voner.

Paven refererar vidare til ulike forfattarar både truande og ikkje truande. T.S. Eliot, Marcel Proust, Jean Cocteau, Jacques Maritain, teologar som Ignatius, Karl Rahner, Basileos av Caesarea. Han avsluttar med eit sitat av den tysk språklege jødiske poeten Paul Celan:« Dei som verkeleg lærer å sjå, kjem nær det som er usynleg.»

« Eg er stolt av å tilhøyra ei kyrkje med ein øvste leiar som tenkjer så klokt om litteratur.» seier Jon Fosse, og eg kan slutta meg til det!

 


lørdag 14. september 2024

Korsets opphøyelse

 I dag feirar vi minne dagen for "Korsets opphøyelse".

Korsets opphøyelse

Vi feirer minnedagen for Korsets opphøyelse 14. september. Ærbødighet og hyllest av Jesu kors nevnes allerede på 300 – tallet. Keiserinne Helena skal ifølge tradisjonen ha foretatt en reise til Det hellige land i 328, og skal der ha funnet restene av korset Jesus ble naglet til. Dette skal være bakgrunnen for minnedagen i september. Korsmesse om høsten var den gamle norske betegnelsen på denne dagen, markert med et kors på primstaven. Fra å være et instrument for tortur og død er korset blitt et symbol på Guds uendelige kjærlighet. Det er et stort mysterium, men som Paulus skriver i 1. Korinterbrev: «For ordet om korset er dårskap for de som går til grunne, men for oss som blir frelst er det Guds kraft.»

Den hellige Teresa Benedikta av Korset (Edith Stein 1891 -1942) hadde større innsikt i korsmysteriet enn de fleste, og hun opplevet også til slutt å bære korset inn i martyriet. Hun skriver om sitt første møte med korset: «Det var mitt første møte med korset, og med den guddommelige kraft som korset formidler til dem som bærer det. Min vantro brøt sammen, og Kristus strålte frem, Kristus i korsets hemmelighet.»

 


 Ave Crux spes unica!

tirsdag 3. september 2024

Meir om tru og tvil

 Blaise Pascal seier ein stad: « Oppfør deg som en troende, ta vievann, gå til messe, og du vil ende som en troende.» Ein form for sjølvsuggesjon vil nokon hevda, men og eit uttrykk for viljens og vanens omskapande kraft. Likevel fjernt frå Unamunos San Manuel, hos han er det ingen samanheng mellom sanning og handling. Han forkynner Guds ord om det evige liv, men det er ikkje det han oppfattar som. sanning. « Il faut s’abetir» seier Pascal vidare, det er naudsynt å bli dum, eller kanskje å bli som eit barn med barnets avgrensa fornuft?

Eg går til Francois Mauriacs « Min tro» som han dedikerte til sine barnebarn når dei fylte seksten år. Han skreiv boka mot slutten av livet, og ho kom på norsk i 1970. Eg har med ujamne mellomrom vendt tilbake til Mauriacs skildring av kvifor han likevel heldt fast ved den trua han var vaksen opp i. Han innleiar boka med følgjande utsagn:« Hvor ofte har ikke mennesker kommet til meg og hyklet misunnelse: Så lykkelig du må være som tror på et evig liv! Som om troen bestod i å eie en sikkerhet grunnet på evidens. Troen er en dyd - en av de tre som er rettet mot Gud, og den nevnes før håpet og kjærligheten. Ordet dyd antyder at troen krever bruk av viljen, den standhaftige og møysommelige vilje.» I utgongspunktet var ikkje trua noko han ville, for han var fødd og oppdratt innanfor ein religion han lærte å praktisera. Likevel må viljen ha kome inn på eit nokså tidleg tidspunkt, « sammen med de første trosanfektelser og den første tvil.»  Denne viljen var næra av ei kjenslemessig tiltrekning, men og av den hjelp han erfarte å få gjennom bøna og sakramenta.Lenger ute i boka understrekar han dette: « Ikke for noe i verden ville jeg gi avkall på de sakramenter som den romerske kirke gir meg del i. Den er de facto for meg en livskilde og har i mine øyne sin historiske hjemmel i tekstene, også de eldste, nemlig Paulus brev.»

« Min gjeld til Pascal» er tittelen på ein av dei siste kapitela, men Pascal er med gjennom  heile teksten, og  han vedgår at han for ein stor del kan takka Pascal for å ha stått i mot rasjonalismen og « kjødets dunkle krefter.» I fjor markerte vi at det var 400 år sidan denne geniale vegleiar såvel innan vitskapens rasjonalitet som i den andelege sida ved tilværet vart fødd. Han er framleis aktuell som eg tidlegare har skreve meir utførleg om. Det høver å avslutta med Mauriacs ord til sin store landsmann: «  Ilden fra en eneste natt i Pascals liv er nok til å opplyse oss hele livet igjennom og i likhet med barnet som nattlampen beroliger i et rom fyllt av skygger, kommer vi til å sove uten frykt, takket være denne ild.» 




søndag 1. september 2024

Om tru og tvil

 Den spanske filosofen og forfattaren Miguel de Unamuno ( 1864 - 1936) står i den eksistensialistiske tradisjonen etter Pascal og Kierkegaard. Men ulik Kierkegaard som med alle sine verk fell inn i den same kjede av premiss, er det motsatt med Unamuno. Han var ein produktiv forfattar med ei rekkje verk innan ulik sjangrar som spriker i ulike retningar. Men det er tre verk som vi kan sjå i samanheng og som illustrerar den same eksistensialistiske tematikk, det er dei filosofiske verka « Om den tragiske livsfølelse» og « Kristendommens agoni» dessutan den vesle romanen « Martyren, den gode San Manuel». Det tragiske oppstår i motsetnaden mellom tru og fornuft, mellom hjernen som seier nei og hjertet som seier ja. Vi ber i oss ein grunnleggjande lengt etter å vera udøyelege, men fornufta får oss til å tvila. Kanskje er der ingenting og denne angsten for La Nada er det som plager Unamuno. Tru og fornuft blir for han fiendar på grunn av motsatte interesser, dei kan ikkje forsonast og trekkjer i to retningar mot væren og inkje. Men kanskje kan fornufta nytta sin skeptisisme på seg sjølv og dermed bli kasta ned i den avgrunnen der kjenslenes fortviling møter fornufta som har strekt seg utover sanninga. Det er Kierkegaards « det objektive uvisse» der ein har kasta seg ut «paa de 70.000 Favne Vand og dog tror.»

Eg les omigjen « Martyren, den gode San Manuel» som eg las for mange år sidan. Kort fortalt handlar den vesle romanen om landsbypresten Don Manuel, ein tilsynelatande from og oppofrande mann som landsbyens innbyggjar ser på som ein helgen i levande live. Boka er ført med stemma til Angela Carballino som er hans andelege datter, og som kjenner til det tragiske livskjensla presten ber på. Han har tapt trua og kan ikkje lenger forestilla seg eit liv utover døden. Redsla for inkje - La Nada er det einaste han har att. Likevel held han  fram med å preika evangeliet, feira messe og høyra skriftemål med slik styrke og innleving at han vert sett på som ein heilag mann. Don Manuel kan ikkje ta livsgleda frå desse enkle menneska , for dei vil ikkje tola å høyra sanninga! Men kva innebær det eigentleg å ikkje tru, tviler ikkje vi alle meir eller mindre? Ein annan stad skriv Unamuno:« Nåvel, la oss leve dette forgjengelige liv, for det finnes ikke noe annet, mumler tausheten i denne kroken til ham:«Hvem vet?» Den døyande presten taler til Angela:«Du Angela, du skal alltid fortsette å be, be for oss syndere, at vi helt inn i døden skal drømme om kjødets oppstandelse og det evige liv….»

Miguel  de Unamuno vaks opp i ein from katolsk familie, og hadde tenkt på  ein livsveg som prest, men han valgte sin store kjærleik Conca som han gifte seg med i 1891. Seinare kom han på kant på Kyrkja,  og  det vart advart mot romanen, men den vart ikkje satt på index slik hans filosofiske verk. Etter å ha lest boka pånytt kan eg på ingen måte sjå at ho kan truga trua, kanskje tvert om . Eg vel å gå vidare til Pascal  som og var hans inspirator og Forfattaren og nobelprisvinnaren Francois Mauriac som skriv om si gjeld til Pascal. ( forts)



onsdag 21. august 2024

Å leve i Guds nærvær

 « Den helligste, vanligste og nødvendigste øvelsen i det åndelige liv er å leve i Guds nærvær - å venne seg til og glede seg over Hans guddommelige selskap. Man må samtale ydmykt og kjærlig med Ham til enhver tid, i ethvert øyeblikk, uten regler og begrensning, spesielt i fristelsens stund, i lidelse, i tørke og i motvilje og til og med i utroskap og synd.»

Slik skriv den audmjuke franske karmelittmunken broder Lorens av Oppstoda. For han var sjølve kjernen i det andeleg liv å leva i Guds nærver. Han hadde nok forlengst vore gløymt lik dei fleste som levde på 1600- talet, men nroder Lorens etterlet seg skrifter som har gjort han til ein andeleg vegleiar. St.Olav forlag gjev i år ut ei fullstendig utgåve av hans tekstar og brev i norsk omsetjing. Han er ikkje ukjent i Skandinavia frå før, også i protestantisk samanheng, både Frelsesarmeen, Misjonskyrkja og metodistane har oppdaga kva for andeleg skatt vi her har å gjera med!

Kven var denne fromme og audmjuke munken, ukjent i si levetid? Han vart føddi 1614 som Nicolas Herman i Lorraine i det nordøstre Frankrike. Foreldrene var djupt truande og oppdrog han i tråd med det. På denne tida herja Tredveårskrigen og den unge Nicolas vart soldat. Han lei under såvel tyskarar som svenskar og vart såra slik at han etter kvart måtte ta avskil med soldatlivet, sannsynlegvis var det i 1635. Han følte no på eit religiøst kall og søkte råd hos ein slektning som var karmelittmunk. Ei stund levde han som eremitt, men kom etter kvart til karmelittklosteret på Rue de Vaugirard i Paris. Han var då 36 år, to år seinare avla han dei ævige løftene. Så skjer det ikkje så mykje meir i livet til Nicolas, no broder Lorens. Han lever eit stille liv i klosteret, arbeider dels på klosterets kjøkken, dels på skomakerverkstaden inntil han døyr i klosteret i 1691.Men  det er ikkje slutt med det, Abbé Joseph de Beaufort som var ein trufast ven av broder Lorens gjev kort tid etter hans død ut skriftene hans med ein eigen lovtale som innleiing. Etter kvart vart skriftene oversatt og utbreidd i heile Europa, og som sagt også blant protestantar. Slik sett får han også økumenisk innverknad på ettertida.

Kva er det som har gjort han så populær? Han er enkel og liketil, men samstundes djuptpløyande. Han legg som sagt sterk vekt på kva det innebær å leva i Guds nærver og korleis ein kan oppnå det. Dersom Gud er den levande som har skap alt, då er vi som menneske også kalt til fellesskap med Han. Dette knyter han opptil såvel skapinga som inkarnasjonen og oppstoda, og ikkje minst dei teologale dyder. Likesom Johannes av Korset vektlegg han å leva i tru, von og kjærleik! Dette er heller ikkje så vanskeleg, det viktige er bare å ta imot Gud og lata seg elska av han. Det handlar om å først leva i passiv og så i aktiv form -  å først levast og villast av Gud før vi aktivt lever saman med han og vil det som han vil.Dette gjeld ikkje minst i dei små daglegdags ting som utgjer storparten av liva våre.

« Under vårt arbeid og våre andre gjøremål, selv når vi leser eller skriver om det som er om åndelige ting, ja selv i våre ytre andaktsøvelser og muntlige bønner skal vi stoppe opp noen øyeblikk, så ofte som mulig, for å tilbe Gud i vårt hjertes innerste og smake Ham om enn bare i det forbigående, og som om vi stjal oss til det.»




lørdag 10. august 2024

Bo Bergman

 Den aldrande svenske poeten Bo Bergman ( 1869- 1967) sit på balkongen og ser utover Stockholm der han har budd det meste av livet. Det er utanom turistsesongen og Djurgårdsfärjan går mot ein folketom kai. Bo Bergman ser det symbolske i dette: « Charon, du gamla färjman, ro hit ett tag.Mitt namn är Bo Bergman.Nu kommer jag.» Ikkje lenge etter blir han bønhøyrt, og går inn i det store ukjente etter 98 år på jorda.

Kom när jag sover

men väck mig inte.

Lägg din iskalla hand

på min panna,

så går febern över,

den gamla envisa febern

som kallas livet.

Bo Bergman levde eit svært langt og produktivt liv som forfattar, journalist, kritikar, mange årig medlem av Svenska Akademien, men kanskje ikkje eit lukkeleg liv. « Varför ska ödet hårdast slå dem som älska mest?» Han fekk aldri Maria Almqvist som han møtte som heilt ung og vart forelska i. « Hon var den rätta, den enda, den nödvändiga.» Dei vart aldri eit par, men heldt kontakt og brevveksla heile livet. Han skildrar det i det vakre diktet «Stjärnöga» som eg tidlegare har sitert.

Bo Bergman skreiv romanar, noveller og memoarfragment, men han var framfor alt lyrikar, ein av dei mest leste i si samtid sjølv om han nok kom noko i skuggen av venen Hjalmar Söderberg. Han skreiv i tradisjonell form og hadde liten sans for modernismen, melankolsk og melodisk og mykje av det han skreiv er blitt tonesatt. Tematisk er han også tradisjonell, han skriv om kjærleik og lengting, om døden og tida som går, om møte og avskjed.

Nu är flamman

slocknad, bara

tidens långa flöde

glider jämt

förbi.

Vara samman,

skiljas, fara,

det är så vart öde

är bestämt

att bli.

( frå Avskedet)

Eg les på ny « Vårfrost» som er ei samling med både lyrikk og noveller. Per Wästberg som kjente Bo Bergman godt har skreve eit innsiktsfullt portrett av forfattaren og hans samtid. Han er nok lite kjent i Norge, men vel verdt å bli kjent med for alle som set pris på fin poesi!





Teresa Benedikta av Korset

 9.august er minnedagen for Den heilage Teresa Benedicta av Korset ( Edith Stein 1891 - 1942). Filosof, karmelittnonne, martyr og helgen. Alt skytshelgen for Europa og sannsynlegvis snart  kyrkjelærar!

Eg har nyleg skreve om henne , men her kjem eit lite poetisk bidrag om ein person eg ser grenselaust opp til!

Teresa  Benedikta av Korset

Ikkje trua til fedrene,

men tanken din

som lodda nærare og djupare

i alt det som finst.

Ei svevnlaus natt med

soga om Teresas veg i Karmel,

morgonsola kjem med Sanninga.

Den gamle pakta i den nye,

vatnet som frelsar og heilaggjer,

trua så vel som tanken

næra av Thomas skarpe logikk.

Porten til Karmel har opna seg,

Korset  ventande på dine ord

og din lagnad.

Martyriet i aust,

eit såra Europa ber sin skytshelgen

om enno større nåde.



 

søndag 4. august 2024

Frå nihilisme til tru

 I det siste har det vore fleire intervju i media med yngre menn som er på veg til eller har funne sin plass i Den katolske eller ortodokse kyrkja. Sjølv om det ikkje er noko eksakt tall på dette, blir det av enkelte oppfatta som ein trend. Simen Andreas på 31 år er ein av desse, han fortel om ein bakgrunn  frå protestantisk kristendom, men han oppfatta seg som agnostikar frå konfirmasjonsalder. Han kunne ikkje slå seg til ro med dette og søkte vidare både i protestantiske retningar og buddhisme, han gjekk på bibelskule og studerte religion. Det fungerte dårleg og han kom ut av det  som ateist. Lik mange unge menn lytta han til Jordan Peterson på YouTube, det førte han vidare til ortodokse Jonathan Pageau som vart ein døropnar mot ortodoksien der han etterkvart fann sin plass. Tilsvarande historiar finn vi i truskursa til Den katolske kyrkja, med fleire års erfaring som undervisar er mitt inntrykk at det no er flest søkjande unge menn som kjem til oss. Naturlegvis kvinner og litt eldre og, dessutan barnefamiliar, men absolutt eit poeng i at vi her ser ein trend, om enn langt frå å vera ei stor rørsle! Mange har vore innom andre retningar både kristne, austlege religionar og filosofiske system. Enkelte har slite med depresjonar som kan vera vel så mykje eksistensielle som psykologiske. Interessant er her også den aukande skilnaden ideologisk og politisk mellom unge kvinner og unge menn som er observert i det siste. Kvinner er meir liberale og går mot venstre, menn meir konservative og orienterar seg mot høgre. Det er neppe heile forklaringa, men med ei konservativ haldning søkjer ein kanskje lettare mot det stabile og varige ? Både katolisismen og ortodoksien har sin røter i oldkyrkja , og er kanskje meir medvitne om det enn dei fleste protestantiske retningar! 

Men det som utan tvil er karakteristisk for vår tid er ei oppløysing av tradisjonar, normer og etikk i mykje større grad enn det vi har sett tidlegare i historia. Der ein tidlegare gjekk inn i ein kulturell og religiøs tradisjon lagt der av tidlegare generasjonar, er det no opp til deg sjølv å finna ut av dette merkelege tilveret og finn den vegen som dine indre kjensler peiker på! Det er ikkje så rart at mange havnar i eit nihilistisk mørke som i neste omgang kan utvikla seg til ein depressiv tilstand. Vi må ikkje gløyma at dødsårsak nummer ein for unge menn er suicid! 

Kva har vi i såfall å tilby desse søkjande unge menn og kvinner? Noko konkret og varig, noko som har stått i totusen år og i langt mindre grad enn verda rundt har forandra seg. Noko som ikkje er avhengig av kva den enkelte kjenner på til ei kvar tid, noko som legg større vekt på det store fellesskapet av levande og døde og ikkje deg og Jesus åleine. Noko som er synleg gjennom dei sakramentale nådemiddel som føl oss frå spebarnsalder til død! Definitivt eit godt alternativ til nihilisme og mørkre.





tirsdag 30. juli 2024

National Eucharistic Congress

 Messa med eukaristifeiring er sjølve kjernen i katolsk praksis. Nylig var det ekstra fokus på Eukaristien i USA der den Nasjonal Eukaristiske  kongressen vart markert i Indianapolis, Indiana 17-21 juli i sommar. Meir enn 50.000 truande frå heile USA møttest i Indianapolis i det som dei amerikanske biskopane lanserte som inngangen til ei «National Eucharistic Revival». Målet med dette er å « renew the Church by enkindling a living relationship with the Lord Jesus Christ in the holy Eucharist.» Mange kom som ekte pilegrimar over fire ruter lagt opp frå ulike delar av landet. I tillegg til legfolk deltok meir enn 1600 prestar, biskopar og kardinalar, dessutan over 1000 ordensfolk. På programmet stod foredrag, messe, skriftemål, Eukaristisk prosesjon gjennom byen og framfor alt Eukaristisk tilbeding ( Adoration).Dette var den første Eukaristiske kongressen i USA sidan krigen. Opninga og avslutninga fann stad på Lucas Oil Stadium, der også ei stor forsamling deltok i tilbeding - Adoration. Svært mange opplevde dette som eit stort andeleg løft og ei positiv vitamininnsprøyting i sitt trusliv. Moder Adela Galindo, nonne og ordensgrunnleggjar frå Nicaragua sa det slik i eit foredrag:« Here is what  we need to proclaim.That no darkness is greater than the light of the Eucharist.That no sin is greater than the merciful heart of the Eucharist.Basically,brothers and sisters,that love is greater than death!»

Biskop Andrew Cozzens oppsummerte kongressen slik:« It has been my experience and I hope yours that we’ve lived an experience of heaven. Of course the Eucharist is a foretaste of heaven.»

I alle negative og bisarre nyhende frå USA er det viktig å få fram alt det positive som skjer, dette er definitivt noko av det mest oppløftande som har funne stad i sommar!




tirsdag 2. juli 2024

Kvardagsmystikk

Biskop og kardinal Anders Arborelius har ved sida av sine geistlege plikter også vore aktiv som forfattar og foredragshaldar. Han har gjeve ut  samlingar med preiker og artiklar, biografiar mellom anna om Edith Stein, teologiske verk med vekt på karmelittisk spiritualitet. « Hverdagsmystikk. Kunsten å leve i Guds nærver» er nyleg gjeve ut av St.Olav forlag, omsett av Eivor Oftestad. Det er ei meditativ bok, ei vegleiing for dei som søkjer Guds nærver  i kvardagen. Biskop Anders skriv at det er eigentleg ikkje ei bok som skal lesast, men « snarere en slags bruksanvisning som skal lede fram til erfaringen av Guds nærver.» Han kjem  innleiingsvis også med ei åtvaring, dei som ikkje har til hensikt å øva seg i Guds nærver vil ikkje ha nytte av boka, og dette er heller ikkje eit slags hurtigkurs i kvardagsmystikk. Å gå mystikkens veg er aldri ein prestasjon eller konsum, det er alltid Guds ufortente nåde. Kvardagsmystikken  kan bera frukter i vanlege menneskers daglegliv, men det det kjem ikkje utan hinder. Biskop Anders skriv at det største hinderet ofte er på det moralske planet, kvardagsmysikk heng alltid saman med kvardagsetikk. Ein kan ikkje forventa å oppleva Guds nærver i kvardagslivet « dersom man ikke tar sitt kors opp i hverdagen, følger Kristus og bærer det åk som HANS bud - alle! - krever.»

Bok er bygd opp med ti korte kapittel, kvart kapittel vert avslutta med ei praktisk øving og ei bøn frå Kyrkjas rike tradisjon. Boka er naturleg nok inspirert av broder Lorens av Oppstoda, ein karmelittmunk som levde på 1600 talet, hans skrifter « Å leve i Guds nærver» kom ut parallelt med biskop Anders bok, og med føreord av han.

Alt i kvardagslivet kan bli ein inngangsport til ei djupare Guds- relasjon. Forutsetninga er tosidig, Skapinga og Inkarnasjonen.« Inkarnasjonen er det nødvendige hengselet mellom skapelse og frelse.» 

« Nåden fullbyrder det som har sin begynnelse i naturen.Alt til DITT navns ære. Frelsen må hvile trygt på skapelsens grunn. Hvis ikke risikerer den å bli hengende i løse luften.»

Vi er skadeskotne vesen, innsnevra i egoismen, men Skaparens nærver i skaperverket gjev oss likevel del i « et positivt grunnsyn.»

« Erkjennelsen av å være skapt og i ethvert øyeblikk gjenstand for Guds kjærlighet og forsyn, virker dypt helbredende.» Vi kan dermed få ein sunn forankring i røyndomen.

Kvart kapittel har ei overskrift av to små ord, « Du og nå», « Her og der», « Se og be»…….til sist « Sove og love». Det hjelper til å fokusera på den personlege Gud som eit DU som er nær oss i kvardagen her og no, ikkje der og då. Alle dei grå kvardagane som ikkje er så grå likevel når vi evnar å sjå bak det ytre og få eit glimt over det mysterium som dette livet verkeleg er!

Det er naturleg å avlutta med svevnen og lovprisninga. « Natt etter natt brer søvnens barmhjertige kappe seg over meg. Det hellige vekselspillet mellom dagens strev og nattens hvile hjelper meg til å bli værende i Guds nærver.» Når vi legg oss og sovnar gjev vi oss over i Guds omsorg, svevnen blir då bøn og lovprisning. Å gje seg over i Guds omsorg kvar kveld blir ei førebuing til den dagen vi for siste gong gjev oss over. Biskop Anders avsluttar difor denne vesle juvelen av ei bok slik : « Hver eneste innsovning er en øvelse i kunsten å dø.Er det ikke rart at jeg aldri helt kan beskrive hvordan jeg sovner? Og når det skjer ? Det bare skjer.DU tar over. Jeg slipper tøylene. Slik er det også med døden. » 

Eg las boka i eit strekk for å få oversikt, men dette er ei bok som må lesast langsamt eit lite stykke om gongen som ein så kan la synka ned. Det blir då ein form for lectio divina.




søndag 30. juni 2024

Sein sundagsettermiddag

 Eg les gamle tekstar frå over 30 år tilbake, og festar meg ved denne frå 1991 med utgangspunkt i diktsamlinga « Meditasjonar over Georges de la Tour» av Paal Helge Haugen.

« Sein sundagsettermiddag

dette streif av ufortent lykke

som bryt seg ut av tida

med vengeslag med dyreaugo

med eit elska andlet gjennom den store

stilla lagt til ro bak steinar

smeltande snø barnerøyster

Sein sundagsettermiddag

nokre sekund»

Dette diktet seier litt om mine eigne kjensler akkurat no ( våren 1991). Eg vart  i det heile svært oppglødd over denne diktsamlinga, eg føler mange av dikta talar til meg på ein særskild måte. Kanskje er det avdi dei avspeglar tida og i enno større grad tidløysa? Kanskje er det på grunn av ljoset som er i desse dikta, ljoset frå Georges de la Tours  måleri. Dette tvetydige ljoset, realistisk men samstundes ikkje av denne verda. Så er det mørkre og natta, det forgjengelege, det gåtefulle. Møtet mellom dagen og natta, ljoset og mørkre, mysteriet!

« Skuggen din har vore hos meg

lenge, lik ei søster

som aldri vart fødd

Du som vart tatt ut av tida

lagt ned, felt inn

i det andre

Det skimrande håret ditt

ei linje av hemmeleg  glede

langs nakken, ein famn

av kjærleik som aldri

nådde fram


Tatt ut av tida i ei anna tid

og enda kjenner eg skuggen din

kjenner deg

som den vesle angen av ryllik

frå bronsealdergrava

ein ange som dagen

i dag, høgsommar, ryllik

balsamerte timar

tre tusen år eldre»

Det fortel noko om mine eigne opplevingar av ein varm sommardag langt, langt tilbake.Det er sundag, i mi førestilling er det alltid sundag. Ikkje kva som helst sundag, med « den sundagen». Solljos, små vindpust i enga, forventing og samstundes ro. Vissa om ei tidlaus oppleving.Opplevinga av å ha vore her, denne sundagen i over tusen år, forventninga om å skulla vera her enno tusen år. Smaken av tidløysa, av å oppleva tusen år i eit sekund, og bera det med seg i sitt eige indre.Ein kosteleg skatt!




torsdag 27. juni 2024

Fridom frå sjølvrealiseringstyranniet

 Eg les biskop og kardinal Anders Arborelius bok «Hverdagsmystikk» som nyleg kom i norsk utgåve. Som alltid gjev han klår og gjennomtenkt vegleiing til det moderne splitta mennesket. Han byggjer på heile den karmelittiske tradisjonen og no spesielt på 1600 talls munken Broder Lorens av Oppstoda, hans skrifter « Å leve i Gus nærver» kom og nyleg også på norsk med føreord av biskop Anders.

« Jeg er et splittet menneske.Det er en nøktern påstand og noe de fleste antagelig kan kjenne seg igjen i. Jeg dras mot ulike hold.Livet mitt består av bruddstykker og løse biter. Jeg opplever ikke at jeg er hel. Likevel lengter jeg etter å være hel og få del i DIN helbredelse og DIN hellighet.»

Filosofen Kaja Melsom kom for eit par år sidan med boka  «Den fordømte friheten» med det som er karakterisert  som eit oppgjer med dagens «selvrealiseringstyranni.» Aldri før i historien har vi hatt så stor fridom til å følga ein karriere der vi får realisert alle vår evner og draumar. Vi har blitt tuta øyrene fulle av at vi har fridom til å bli kva vi vil berre vi står på .Det er det spektakuære og unike som gjeld, ikkje det kvardagslivet dei aller fleste av oss likevel må ta til takke med.Ein skal være seg sjølv, ingen kopi, unik i evner og framtoning. Men dette går ikkje i hop, vi blir ikkje unike nok og sit att med nederlagskjensla og enno verre ei grunnleggjande skamkjensle. Ein skal prestera på alle arenaer, yrkeskarriere, fritid, parforhold, familie, samfunnsengasjement og attpåtil kjenna seg lukkeleg. Det går bare ikkje, ein får ikkje det livet ein drøymde om, det vart ikkje den karrieren som skulle løfta ein heilt til toppen. I beste fall vart det eit vanleg liv med oppturar og nedturar, i verste eit liv der alt stoppar opp og ein sit att med psykiske problem, og eit liv som arbeidsufør slik tilfellet er med altfor mange unge i dag.Kaja Melsom har ikkje noko klart svar, men på slutten av boka refererar ho til dei gamle greske tragediane sitt meir realistiske syn på livet.

« Som en motvekt til dagens frihetsideal trenger vi moderne tragedier som advarer oss mot å tro at bare vi  lytter til oss selv og velger «rett», vil vi bli belønnet med et langt og lykkelig liv.Dette er vår tids hybris, som gjør oss hjelpeløse i møte med livets realiteter.»

Dei greske tragediane kan gje oss innsikt, men dei gjev ikkje noko meir. Eg vender tilbake til «Hverdagsmystikk», der ein kan finna samanheng og meining i det nære og kvardagslege. Det er også der vi kan møta ein Gud som talar til oss som ein person, ikkje ei diffus makt!

« Jeg styres ikke av blinde krefter. Jeg blir ikke kastet rundt av stormens bølger. Rolig og stille kan jeg komme tilbake hit, til DEG.»



lørdag 22. juni 2024

Alain Cribier – ein medisinsk pioner

 


Dei fleste fekk nok med seg kong Haralds dramatiske ferietur med heimtransport i ambulansefly, og deretter pacemaker-operasjon. Kongen hadde alt i 2005 -68 år gammal  gjennomgått ein større klaffeoperasjon der det vart sydd inn ein biologisk ventil mellom venstre hjertekammer og hovudpulsåra. Ein slik ventil har avgrensa levetid og det viste seg etter 15 år også i kongens tilfelle. For eit par tiår sidan hadde alternativet vore ein ny stor hjerteoperasjon, eit risikabelt prosjekt på ein eldre person. I dag har vi eit alternativ, gjennom ei åre i lysken kan legen føra eit tynt kateter med ein samanfalda ventil, som så blir blåst opp med ein ballong i rett posisjon. Skånsomt for skrøpelege eldre  som kan vera på beina alt dagen etter, og utskrivast etter eit par dagar. Det var nok langt færre som fekk med seg at han som utvikla denne teknikken – TAVI med eit medisinsk  uttrykk – Professor Alian Cribier ved universitetssjukehuset i  Rouen døydde nyleg 79 år gammal. Ikkje bare kongen med tre millionar andre over heile verda har god grunn til å takka Alain Cribier for fleire år med god livskvalitet.

Professor Alain  Cribier  vart fødd i Paris i 1945, karrieren stod mellom musikk og medisin, han valte det siste men kunne nok og blitt ein dyktig pianist, Som spesialist i hjertesjukdomar såg han

mange med alvorlege klaffefeil der ein hadde lite å stilla opp med. Han byrja å reflektera over om ein kunne hjelpa desse på ein meir skånsom måte enn ved åpen hjertekirurgi, var det mogleg å konstruera ein kunstig ventil som kunne førast inn gjennom blodårene ? Han møtte stor motstand, det er var ikkje teknisk mogeleg og uansett for risikabelt ! Alain Cribier let seg ikkje knekka av motstanden korkje frå kollegaer eller industrien. Etter mange dyreforsøk saman med lojale medarbeidarar var han klar for det første inngrepet på menneske. 16. april 2002 fekk ein svært sjuk 57 år gammal mann som den første ein såkalla TAVI. Det var vellukka og var på mange måtar eit medisinsk kvantesprang. I dag er dette inngrepet rutine på alle store hjerteavdelingar over heile verda, indikasjonen vert gradvis utvida og komplikasjonane færre og færre.

Alain Cribier er blitt karakterisert som ein mann med uvanleg stor omsorg for sine pasientar, men og for sitt team av medarbeidarar, ikkje  minst kollegaer i starten av karrieren. Kanskje var det ikkje tilfeldig at han var inspirert av legen, teologen, musikaren og fredsprisvinnaren Albert Schweitzer som han vart kjent med i ungdommen ? Har dette interesse og overføringsverdi til andre enn dei som sjølv har klaffesjukdom eller jobbar for å hjelpa dei som har det ? Ja det trur eg, for i ei tid der alle store framskritt tilsynelatande skjer gjennom  «team work» og globale  nettverk viser historien til  Alain Cribier at det kreative enkelt menneske som tenkjer nytt og er uthaldande nok, kan løfta verda eit eller fleire hakk oppover. Denne utviklinga ville kome uansett vil mange hevda, ja men kanskje først fleire år seinare, og mange ville då  ikkje fått tilbodet. « A great doctor has  left us, but his work lives on» stod det i minneordet i  European Heart Journal. Tre millionar pasientar og mange kollegaer kan  minnast han i takksemd.

(Innlegg i Dag og Tid 14.juni)