søndag 29. september 2024

September

 

Sist i september

Solfylte dagar

fjorden urørleg spegelblank

lyset stig over lyngheia

det er tida for å løfta blikket

frå åker og eplehage

men ikkje som forfedrane

dei skulle ha alt klart

framfor det trugande kalde mørkre

likevel ei svak uro

halvvegs til vintersolkverv

ventande leitar du bak i minnet

men det er ein svikefull ven

å stø seg på.



 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar