lørdag 12. oktober 2024

Gater i mørke - Om Patrick Modiano

 Eg har tidlegare skreve om den franske forfattaren Patrick Modiano og hans bøker, og igjen vender eg tilbake til hans liv og litteratur. Eg har byrja på hans mest sjølvbiografiske nok, «Un Pedigree» (Ei stamtavle) og som sekundær litteratur svenske Per Arne Tjäders analyse av Modianos bøker i «Gare d’Austerlitz». Tjäder byrjar og sluttar med referansar til sjøvbiografien. Innleiingvis ei brevveksling mellom Patrick og faren italiensk - jødiske Alberto Mondiano frå midten av sekstitalet. Breva understrekar det kompliserte forholdet i faren, og ein barndom prega av fråver og tap. Foreldrene kjørte sine løp og var i liten grad til stades i livet hans, men det mest traumatiske var likevel utan tvil tapet av broren Rudy som døydde av leukemi 10 år gammal. Det er sterkt å lesa hans skildring av då faren og onkelen kjem med beskjed om at Rudy er død, broren som han leika med sist helg uvitande om det som snart skulle skje. Sjølv om det bare er «Un Pedigree» som er eksplisitt sjølvbiografisk er det sjølvbiografiske trekk i alle hans romanar, både tapet av broren, den kompliserte ungdomstida og ikkje minst foreldrenes liv under den tyske okkupasjonen før han vart fødd i 1945. Han har gjeve uttrykk for ei oppleving av minnet som går tilbake frå før fødselen, foreldrenes opplevingar er alt innprenta i han. Men minnet er ein svikefull ven i Modianos bøker, kva er sant, kva er fantasi eller minne forandra av ettertidas opplevingar?

Så opnar det seg ei ny verd frå slutten av sekstitalet. Han debuterar i 1968 med romanen « La place d’Étoile» som kjem ut på det prestisjefylte forlaget Gallimard. Boka har naturleg nok tematikk frå okkupasjonsåra med fokus på jødisk identitet og lagnad. På  denne tida opplevde Paris det såkalla studentopprøret. Aldersmessig var han nok ein sekstiåttar men hans tematikk var fjernt frå den dagsaktuelle politikken.«Le temps, le passé, la mémoire» (Tida, fortida, minnet) er mine sentrale tema skriv han mange år seinare.

Å fullføra den første romanen var utan tvil eit stort løft for den unge Modiano,« Un Pedigree» avsluttar med at han har sett sine nygifte vener Roger og Chantal vel avstad og han tenkjer:« Den kvelden kjente eg meg lett om hjertet for første gong i livet mitt.Det tunge trugsmålet som har hengt over meg alle desse åra, og som alltid tvinga meg til å vera på vakt, det hadde løyst seg opp i den parisiske vårlufta.Eg hadde klart meg over på den andre sida. Det var på tide.»






Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar