mandag 2. januar 2023

Heilage familiar

 I dag feirar vi minnedagen for av trehundretalets viktige kyrkjelærarar, nemleg Basilios den store og hans gode ven Gregor av Nazianz. Saman med Basilios yngre bror vert dei omtala som dei kappadokiske fedrene. Dei stod sentralt i den arianske striden  i sine  forsvar av vedtaka frå kyrkjemøta i Nikea og Konstantinopel. Men det var fleire  heilage i Basilios og Gregors familie, ikkje minst søstera Macrina  den yngre. Ho var ei svært from kvinne som etter kvart vart nonne og abedisse. Ho hadde stor innverknad på sine brødre , og ho påverka Basilios til å gå i kloster då han kom attende frå studiar i Aten.  Dei var alle utan tvil prega av å vaksa opp i ein svært from men og velståande familie. Det siste gjorde nok  til at dei og kunne vera rause i sine almisser. Farmora Macrina den eldre , faren Basilios den eldre og mora Emmelia vert og rekna som heilage, ved sida av den før nevnte Gregor og broren Peter av Sebasteia, dessutan  ei anna søster Theosebia.

I moderne tid er det vel berre Martin familien i Lisieux som kan måla seg med dette. I dag minnest vi og Vår helgen Therese av Liseux i det det er 150 år sidan ho vart fødd, 2. januar 1873. For eit par år sidan vart også foreldrene Louise og Zelie helgenkåra og det er nyleg starta ein saligkåringsprosess for søstera Leonie!

Eg tek med ein liten tekst av Macrina som vel er den som er minst kjent av desse heilage. Ho skal ha sagt det like før ho døydde i 379.

Du har fridd oss fra frykten for døden. Du har gjort slutten på dette livet  til begynnelsen på det sanne livet. En dag vil du ta tilbake det du har gitt, forvandle med nåde  og udødelighet våre dødelige og uskjønne rester. Måtte min sjel bli mottatt i dine hender, uplettet og ubesudlet , som et offer til deg."



1 kommentar:

  1. Inspirerende lesning! Takk for at du deler, Frode!

    Pax Christi!
    Ragnhild

    SvarSlett