onsdag 6. april 2022

Poetica:Under ditt vern (Sub Tuum Praesidium)

 

Under ditt vern

Kanskje går det ikkje an

å vita nøyaktig når tida

fall gjennom hendingshorisonten

og vart til mørkre

mørkre og blod,

med undring og sjokk såg vi

at lyset vart brote

på si reise i kosmos

no var ikkje døden blindpassasjer

men kartlesar og navigatør,

Mariupol – Butsja – Irpin

gjennom sludd og ørkengater

er det nokon som samlar

og delar ut  ei handfull

med dyrekjøpt lys,

om berre ein flik av di

våte og blodige kappe

blir deira vern  og  vår tilflukt.

 

 


 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar