Krigen i Ukraina gjer sterk inntrykk på alle, ikkje minst dei siste brutale bileta frå byen Butsja. Ekstra sterkt inntrykk gjer det når ein møter enkelt lagnadar som den ukrainsk-ortodokse presten fader Volodomyr Koskin. Han klarer å flykta frå den beleira Mariupol saman med kona Julija ,men foreldra blir igjen. Mora blir drept i eit russisk artilleri åtak, ho blir gravlagt i hagen under eit kirsebærtre. Sonen skriv: "Mamma, livet ditt ble tatt fra deg av russsiske onde ånder, og jeg vil aldri glemme det. Mamma, du ble begravet i din egen hage, like ved kirsebærtreet som du var så glad i. Mamma, vær så snill og be for meg, fordi det er vaneskelig for meg. Det er som om hjertet mitt har blitt revet ut, og såret bare vokser. Mamma, takk og jeg sier ikke farvel fordi jeg tror at atskillelsen bare er midlertidig."
Det er med risiko for sitt liv at ukrainske prestar og biskopar blir i landet. Agentar for Russland registrerar geistlege som dei meiner støttar den ukrainske hæren. Dei står på såkalla dødslister, dette gjeld både ukrainsk-ortodoske , katolske og gresk-katolske prestar. Den katolske biskopen i Kyiv Vitalij Kryvytskyj er klar over dette, men har har som sine 160 prestar valgt å bli for å støtta sine sognebarn. Biskopen bruker si tid til humanitært arbeid og til andelege støtte til sin prestar og legfolk.
Erkebiskopen i den ukrainske gresk-katolske kyrkja Sviatoslav Shevchuk opplyser at kyrkjene har blitt humanitære senter for internt foredrevne flyktningar. Han var ellers nyleg i Butsja for å be ved massegravene som vart oppdaga der.
"Og der, ved ei open massegrav, der vi såg dei skamfarte og livlause kroppane, ba vi for deira evige kvile . Og i den bøna spør eg meg sjølv, spør eg Gud, Gud, kva er meinga med å elska deg og elska,sin neste."
"Og nær denne massegrava, når eg ser på hendene til våre myrda brødre og søstre, forstår eg noko svært viktig; å elska sin neste er å kjenna seg knytt til han. Det tyder at vi er menneske saman i fellesskap, at vi høyrer til den same arten menneske. Og der han eller ho kviler i massegrava, kunne det like gjerne vore eg som vart lagt."
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar