onsdag 16. september 2020

Marias sju smerter

 15. september er minnedagen for Marias smerter, tradisjonelt er det rekna med sju smerter.  Dagen har sitt opphav på 1100 talet, men vart først vanleg på 1300 talet.  Det var ikkje minst takka vera Servittarordenen som i sin spiritualitet la vekt på Jomfru Maria som  Den smertefulle Mor(Mater Dolorosa). I kunsten har dette  blitt framstilt  i form av sju sverd som peika mot Marias hjerte. I musikken har det sett sine spor i sekvensen Stabat Mater, tonesatt av ei rekkje komponistar. Eit anna døme er Pieta, Maria med den døde Jesus i armane. Minnedagen vert feira dagen etter  festen for " Korsets opphøyelse", og heng på mange måtar saman med denne for Marias deltaking i og smerte ved Kristi liding var ulik alle andre kristne, i og med at ho var hans kjødelege mor !

Marias sju smerter blir vanlegvis rekna som følgjande:

1.Simeons profeti ved Jesu framstilling i tempelet der han profeterar  at det gjennom  Marias sjel skal       gå eit sverd (Luk 2.34-35)

2. Flukta til Egypt for å unnsleppa Herodes soldatar . ( Matt 2.13-21)

3. Dei tre dagane Maria og Josef leita etter den 12 årige Jesus og fann han i tempelet (Luk 2.41-50)

4. Marias møte med Jesus på vegen til Golgata. (Luk 23.27). Den fjerde stasjonen i Korsvegsandakten.

5. Den krossfesta Jesus, og den sorga Maria måtte bera ståande under krossen. ( Jon 19.25-27)

6. Jesu lekam vert teke ned av krossen. Den trettande stasjonen i Korsvegsandakten og i kunsten som        Pieta.

7. Jesus vert gravlagt, framstilt i den fjortande stasjonen i Korsvegsandakten.


Stabat Mater dolorosa

luxta Crucem lacrimosa

Dum pendebat Filius


(Standande i grå og kvida

Herrens mor ser sonen lida

høgt på kross og skjemdartre)




                                                   Ora pro nobis !


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar