tirsdag 27. august 2019

Med Jesus vil eg fara

Elias Blix salme "Med Jesus vil eg fara" er vel ein av dei mest kjende og elska av dei nynorske salmane. Men det er fleire andre salmar han er kjent for, ikkje minst Fedrelandssalmen " Gud signe vårt dyre fedreland, "No livnar det i lundar" , "Kling no klokka" og "Eg veit meg eit land". Det er salmar som mange , iallfall av den eldre generasjone lærte utanatt i skuletida. Sjølv om Elias Blix er mest kjent som salmediktar, var det på fleire andre område i samfunnet  han sette spor etter seg. Professor og teolog, språkforskar innan semittiske språk, bibelomsetjar, politikar for venstre og kyrkjestatsråd i Johan Sverdrups regjering. For oss som nyttar nynorsk er han ein heilt sentral person ved sida av Ivar Aasen. Han var sterk forkjempar for nynorsk skriftmål og skreiv alt på 1850 talet salmar på nynorsk. For  nøyaktig 150 år sidan gav han ut "Nokre salmar", den første salmeboka på nynorsk.
Som kyrkjestatråd var han arkitekten bak "jamstellingsvedtaket"i 1885, nynorsk og bokmål skulle vera jamstelte som skriftmål. Han var og sentral i omsetjinga av Bibelen til nynorsk.

"Med Jesus vil eg fara" er skreve på eit klårt og vakkert nynorsk. Her er fine naturbileta, "vesle blomen" og referansar til bibeltekstar, "Sarons lilje". Men salmen er og eit sterkt personleg vitnemål, denne kunne ikkje vore skreve av nokon som ikkje har hatt ei oppleving av at ein personleg Gud føl oss  frå vogge til grav. Jesus "blømar fagert opp i meg" , vi veks som kvister på han som er vintreet i Guds hage. Dette er bilete frå mystikken, ikkje frå teoretisk teologi.





Med Jesus vil eg fara

Med Jesus vil eg fara
på livsens ferd i lag.
Gud, lat den samferd vara
alt til min døyand dag!
Det er mi høgste æra,
det er mi største ros,
hans fylgjesvein å vera
og vandra i hans ljos.

Min Jesus, sannings stjerna,
lys opp min mørke veg!
Mitt hjarta vil så gjerna
få fylgja etter deg.
Du lyser enn i verdi
som før frå Betlehem.
Ver du mitt ljos på ferdi,
til heim med deg eg kjem!

Min Jesus, gjævast givnad,
min eignalut og skatt!
I all min gang og livnad
meg støtt for auga statt!
Som vesle blomen trugen
ser opp mot sol og dag,
til deg så vender hugen,
til deg kvart andedrag.

Min Jesus, Sarons lilja,
bløm fagert opp i meg!
Lat ingen ting meg skilja
og riva bort frå deg!
Du vintre i Guds hage,
min kjære Herre Krist,
unn også meg den lage
å veksa som din kvist!

Du til di grein meg sette
alt i min fyrste vår,
med livsens dogg meg vætte,
gav sol og signa år.
Du vil og vokster gjeva
alt til min siste slutt:
lat meg i deg få leva,
i deg få anda ut!

T:  Elias Blix (1875)
M: Antwerpen 1540/Norsk folketone (Sunnmøre)
S:  Norsk Salmebok 418



2 kommentarer:

  1. Et rørende vakkert dikt som gir klump i halsen når man leser det eller synger det som salme.

    SvarSlett
  2. Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.

    SvarSlett