tirsdag 12. mars 2019

Den mørke Mellomalderen ?

Lærarar i historie på universitetsnivå opplever av studentane må "avlærast" feilaktige og negative forestillingar om Mellomalderen. Mellomalderen blir oppfatta som ein mørk periode prega av undertrykkjing og vald mot kvinner og minoritetar. Kristendomen la eit mørke over Europa som ein ikkje byrja å koma ut før i renessansen og opplysningstida. Pardoksalt er det at den muslimske kulturen  på denne tida blir oppfatta  som så mykje meir fredeleg og tolerant enn den kristne europeiske kulturen.

Kanskje er ikkje dette så paradoksalt når ein går til lærebøkene i historie som blir nytta i skulen.
Kristoffer Tyssøy Høisæther har analysert  lærebøkene som blir nytta i grunnskulen og den vidaregåande skulen i dag. Han finn ein slåande forskjell i korleis i korleis den europeiske sivilisjonen  bli skildra som mykje meir brutal, blodig og intolerant enn den muslimske. Ulike forteljartradisjonar kjem fram i læreverka der forteljinga om den islamske verda er langt meir romatiserande enn forteljinga om det kristne Europa. Mange faktorar spelar inn, ikkje minst orientalisme idelogien anført av Edward Said der ein har ein innbitt frykt for å koma med kritikk mot ikkje vestlege kulturar. Læreverka avspeglar  her   ein klart selektiv bruk av kjelder.

Kva er så sanninga om Mellomalderen ? Det er naturlegvis inga enkelt sanninga om nokon tidsepoke, aller minst om Mellomalderen. Det var ei valdeleg tid   slik det har vore i alle kulturar like  opp til moderne tid, men tida etter Mellomalderen var ikkje mindre valdeleg, noko ikkje minst hekseprosessane avspeglar. Mange trur at desse fann stad i Mellomalderen, noko som er heilt feil, hekseforfølgjinga fann stad på 15-1600 talet, altså i den tidlege moderne tida !
Mellomalderen var og ei blømingstid for kunst og kultur, eit klart døme på det er dei gotiske katedralane frå 11-1200 talet. Det religiøse livet stod sterkt, noko mellom anna klosterordenane avspeglar. For kvinnene betydde klosterlivet eit alternativ til eit strevsamt liv med mange barnefødslar og tidleg død. Her kunne dei få utvikla evner dei ellers ikkje hadde hatt høve til.
Enkelte markerte seg sterkt og er blitt hugsa for ettertida som Hildegard av Bingen, Birgitta av Vadstena og Katarina av Siena.

Sett med vår tids auge, og det er ein vanleg feil når ein vurderar fortida, var dette ei undertrykkande tid men  ikkje verre enn hundreåra som følgde! Naturlegvis blir det einsidig når ein berre vel kjelder som støttar opp om den ideologien ein alt har bestemt seg for som den objektive sanninga.




                        Cathedral Notre-Dame de Chartres, eit av Mellomalderens mesterverk






Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar