onsdag 12. desember 2018

St Lucia

Vi feirar minnedagen for Den heilage  Lucia av Syracusa 13. desember, ein av dei få helgenfestane som også har fått ein tradisjon i det protestantiske og sekulære Skandinavia.
I følge helgelegenden skal ho ha døydd som martyr på byrjinga av 300 talet. Saman med Den heilage Agathe er ho øya Sicilias mest kjende helgen. Ho vart snart ein svært populær helgen både i den vestlege og austlege kyrkja, begge stadar vert ho feira  13. desember.

Lucia kjem av latinsk  Lux - lys, og minnedagen hennar vart feira som ein lysfest i den mørkaste årstida. Lux gjev og assosiasjonar til syn, og naturleg nok er ho skytshelgen for blinde, mot augesjukdomar og mot lekamleg og sjeleleg blindhet. Bilete under viser mange små auge støypt i metall i St. Lucia kyrkja på Grand Canari. I takksemd frå dei som på hennar har vorte kvitt sine augesjukdomar ?

I den vesle landsbyen St. Lucia 700 meter opp i fjella på Grand Canari finn vi ei vakker kyrkje vigd til St. Lucia. Det stod tidlegare ei kyrkje frå 1600 talet her, men den noverande vart innvigd i 1898.
Her er vakker utsikt over den fruktbare dalen nedanfor, stille og fredfullt. St. Lucia møter oss på plassen framom kyrkja  og føl oss vidare inn i kyrkja der vi igjen møter  henne over alteret.
13. desember er byen full av pilegrimar som vil feira Den heilage Lucia, sikkert med eit langt større alvor enn det som er tilfelle i våre land der dette er ein nyoppstått tradisjon .












"Herre, vi feirer minnet om den hellige jomfru og martyr Lucia og ber om at hennes forbønn må bli oss til hjelp. Gi at vi følger hennes forbilde og lever som lysets barn, så vi engang med alle dine hellige får skue din herlighet"
(avslutningsbøn for dagens luades)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar