mandag 31. desember 2018

Poetica: Godt nytt år 2019

Nyttårsafta og inngongen til eit nytt år. Åra føl kvarandre så fort no, kva er det med denne tida som subjektivt går raskare dess eldre ein blir ?  Åra svinn ,slik menneska svinn, slik landa og svinn som arkitekten Bjørn Berge skriv om i "Landene som forsvant 1840 - 1970". Ei fascinerande bok med mange små essay om land og landområde som for ei kort stund krevde større eller mindre grader av sjølvstende. Ein del av dei har vi høyrt om Schleswig, Oranjefristaten,  Danzig og Trieste, andre er heilt ukjente som  Corrientes, Labuan og Kapp Juby. Felles for desse landområda er at dei gav ut frimerke, og forfattaren illustrerar boka med frimerke frå si eiga rikhaldige samling. Frimerke som og snart bare er eit historisk fenomen ?

Så nyttårsdikt:

Hans Børli skreiv dette i 1947:

Nyttårs-natt

Så står jeg på ny under himmelens velv
som før i frysende år. - 
Jeg lytter til tonge, vedmodige skjelv
fra klokka som timetall slår.

Og klemtene faller i stillheta ned
lik mynter av skinnende gull -
som året betaler mi spillegjeld med
til handa som venter er full.


Og så mitt eige nyttårsdikt:

Primstaven vendt mot vintersida
kalenderblada reve av
året vender umerkeleg
mellom Julenatt og Epifani
år legg seg jamsides år
slik bølge føl bølge
mot vintertomme strender
der spora før deg er vaska ut
og dine fotefar forsvinn likeeins
kan du likevel løfta blikket
frå vonløysa
bera augneblinken lik ei fane
like inn i stjernenatta ?


                                                    Godt nytt år 2019 !


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar