søndag 9. desember 2018

Hans Børli - 100 år

I går 8. desember var det 100 år sidan lyrikaren Hans Børli (1918 -1989) vart fødd. Dagen vart markert med ei rekke arrangement over heile landet for Hans Børli er vorte ein av våre mest folkekjære poetar. Han er kanskje ein av dei som vert hyppigast sitert , og han har nådd langt utover  den  relativt vesle  gruppa som til vanlg er interessert i lyrikk. Kva er det som gjer at han har når fram  til så mange ? Han nyttar enkle og daglegdagse bilete og  han er ofte personleg, men samstundes er det ei djupne i dikta hans som når langt utover det nære og daglegdagse. Han er allmennmenneskeleg  og universell, han rører ved dei store eksistensielle tema i tilværet på ein måte vi kan kjenna oss att i.  Han nærmar seg det religiøse i mange av dikta,  men er på ingen måte dogmatisk. Eg trur han er religiøs slik ein vert religiøs ved å leva i og tett på naturen !
Hans samla dikt er ei gullgruve ein kan venda tilbake til igjen og igjen, her er alltid noko nytt å oppdaga !

Eit ofte sitert dikt er "Junikevld" frå 1958, det er også ein av mine favorittar:

" Vi sitter i slørblå junikveld
og svaler oss ute på trammen.
Og alt vi ser på har dobbelt liv,
fordi vi sanser det sammen.

Se - skogsjøen ligger og skinner rødt
av sunkne solefalls-riker.
Og blankt som en ting av gammelt sølv
er skriket som lommen skriker.

Og heggen ved grinda brenner så stilt
av nykveikte blomsterkvaster.
Nå skjelver de kvitt i et pust av vind,
- det er som om noe haster........



Å, flytt deg nærmere inn til meg
her på kjøkkentrammen !

Den er så svinnende kort den stund
vi mennesker er sammen."




Til Hans Børli i takksemd !

Bak oss ligg furustammer
og bleike stubbar lyser i haustregnet
duren frå motorsaga svinn
vi sit tankefulle mot kvelden

Ingen tre fell lenger for handa di
skogen er stille,
trestubbar og røter rotnar,
men fara dine blir verande.

Du som pakka sekken,
og drog mot skogen
øvst i skken ei lita bok med grønt omslag
Simone Weil brev og essay.

I tømmerkoia togg du deg igjennom
desse tekstane av intelektuelt klarsyn
og eit hjartas lenging
framom terskelen som aldri skulle trøast over.

Berre rørast av ein uro
som også er min eigen
når eg skal førast fram
mot den same terskelen

 Slik blir alt knytt saman
her vi sit i haustkvelden
eit samliv i alt det som er og det som vart
men hjarta ditt visste alt dette.



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar