mandag 25. juni 2018

Tre favorittar

Frå siste nummer av vekeavisa Dag og Tid dette innlegget om tre av mine favoritt poetar:



1.Tomas Tranströmer(1931-2015) Psykologen og poeten som vart tildelt Nobelprisen i litteratur i 2011 skreiv ikkje mykje,det meste kan rommast i ei pocketbok på eit par hundre sider. Men kvantiteten er ikkje viktig når ein let seg gripa av metaforane hans,musikaliteten i språket,det mangetydige.Tranströmer gjev oss ikkje dogmatiske svar på livets gåter,men rikeleg stimulans til undring.

2.George Mackay Brown(1921-96) Han skreiv dramatikk,noveller og essay,men var framom alt poet. Djupt grunnfesta i heimstaden Stromness på Orknøyane skildrar han livet til bønder og fiskarar,men med eit utsyn utover det. Det lokale vert knytt saman med bibelhistoriar,katolsk tradisjon og ikke minst den norrøne kulturen.Mackay Brown favnar alt dette med kjærleik,slik folk på øyane omfavnar han som sin store poet.

3.Kenneth Steven(1968-) Skotsk poet,barnebokforfattar og omsetjar.Han budde mange år i Norge og set om norsk litteratur.«Safirblå isfuglfryd» er eit utval av hans poesi på norsk,tittelen speglar hans sterke naturkjensle.Den skotske landsbygda,naturen og folket der er  grunntemaet, men heile tida med  eit større perspektiv,historia og ikkje minst den keltiske tradisjonen frå Iona og St.Columba.






Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar