tirsdag 5. juni 2018

Konrad Mägi - estisk kunstnar i Norge

Musee D`Orsay  er det alltid utbytterikt å gå innom når ein er i Paris, alle dei kjente verka av Gauguin, van Gogh, Monet, Toulus-Lautrec etc , men så dukkar det også opp andre ukjente og spennande utstillingar. Denne gongen "Festival baltique" med kunst og kultur frå dei baltiske landa.
Festivalen vil opna eit vindauga mot kulturen, historia og legendene i Estland, Latvia og  Litauen, tre land i vårt Europa som  frameleis er lite kjent etter å ha vore skilt frå resten i eit halvt hundreår, står det i programmet.

Vi går gjennom ustillinga og så dukkar det brått opp norske motiv. Det er den estiske kunstnaren Konrad Mägi som oppheldt seg i Norge i 1908 - 1910. Mägi var  hovudsakleg landskapsmalar men vi finn og eit fascinerande portrett av ei norsk jente. Han var född i 1878 og døydde i 1925, utdanninga hadde han frå St. Petersburg og Paris. Han hadde sans for landskap og sterke fargar, og var tidleg inspirert av impresjonisme og fauvisme, etter kvart i større grad av ekspresjonismen.

                                                 Portrett av norsk jente.



                                                             Norske  landskap

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar