søndag 1. juli 2018

Den indre borgen

" Vi kan betrakte sjelen som en borg helt og holdent av diamant eller meget klart krystall; inne i den er det mange rom, likesom det i himmelen er mange boliger."

Slik innleiar Teresa av Avila  første kapittel i " Den indre borgen" som ho skreiv i 1577 fem år før ho døydde. Boka vart utgjeve  første gong i 1588, og så i år 441  år etter at ho vart skreve kjem boka i norsk omsetjing ved Olaug Berdal, utgjeve på Efrem forlag. Tidlegare har sjøvbiografien "Boken om mitt liv" vorte omsett til norsk.  Begge bøkene  er sentrale  verk i kristen mystikk.

Teresa av Avila (1515 - 1582) er den store reformator og klostergrunnleggjar i Karmelittordenen, og vegleiar i indre bøn såvel for dei nonnene ho hadde ansvar for på 1500 talet som for dei som også i dag søkjer den indre bønas veg.
"Din indre borgen" vart skreve på få månadar i eit for Teresa svært vanskeleg år, ho var nyleg blitt forhøyrt av inkvisisjonen, ho vart motarbeidd av  ordensgeneralen og Johannes av Korset  hennar medreformator og nære samarbeidspartnar, var  teke til fange og plassert i eincelle anklaga for å vera opprørar av sine motstandarar i ordenen. Ho nevner ikkje noko av dette i boka, Teresa konsentrerar seg om den indre vegen ho har gått. Det var usikkert om "Boken om mitt liv" var gått tapt og Teresas skriftefar påla henne å skriva ein sjølvbiografi på nytt. Resultatet blei dette mesterverket i andelege vegleiing. Boka er skreve til nonnene i ordnenen og er prega av ein uformell og munnleg stil, ho skriv slik ho talar. Dette er heller ikkje ein telogisk sytematisk innføring i temaet, her er fullt med sidesprang og gjentakingar og den raude tråden går på kryss og tvers, men det raude tråden er der heile tida.

Teresa nyttar eit rikt biletspråk både frå naturen og dagleg livet i skriftene sine.Her er sommarfuglar og silkeormar, vinmarker og kjelder, kanskje mest kjent er hennar bileta av indre bøn som ulike måtar å vatna ein hage på .  I "Den indre borgen" er det sjela som ei borg med mange  rom eller bustadar som er den sentrale symbolikken. Vi går innover  frå rom til rom  til ein kjem til den sjuande og siste bustaden. "Vi må ikke betrakte sjelen som noe bortgjemt og begrenset, men som en indre verden hvor det er plass til alle disse herlige boliger som dere har sett, Og det er riktig at det er slik, ettersom det inne i sjelen finnes en bolig for Gud selv."  Vi blir ført gradvis innover, det er ei andeleg reise Gud leiar oss på. Kva skal til for å gå denne vegen?  "O ydmykhet, ydmykhet ! "  skriv Teresa (3.6), framfor alt å bøya seg audmjukt for Guds vilje. Og litt seinare i same kapittel gjentek ho: "Om vi ennå ikke er kommet  dit hen, gjentar jeg: ydmykhet ! Det er selve salven på våre sår. For om vi er sant ydmyke, vil kirurgen - som er Gud - komme og gjøre oss friske, selv om han kan la vente på seg."

Kva sit ein igjen med etter å ha lese heile "Den indre borgen" ?  Den raude tråden går som sagt litt på kryss og tvers men her er så mange gullkorn at ein stadig må fram med blyanten og streka under.  Mykje å ta fram igjen og meditera over. Kanskje er det likevel total inntrykket som er viktigaste, Teresa er så positiv, det nyttar, Gud er alltid viljug til å koma oss i møte.

Teresa var ikkje ein verdsfjern mystikar, tvert imot var ho praktisk og handlekraftig. Det uttrykkjer ho og klart  når ho under den sjuande bustaden skriv: " Tro meg, Marta og Maria må stå sammen når de skal ta imot Herren som sin gjest og beholde han hos seg."  Når ein tekjer på alle klostera ho grunnla tildels med stor mostand er ikkje dette så rart!

Bøna må heller ikkje bli ei tvangstrøye som ein ikkje kan vika av frå når det trengst, Teresa gjer klar beskjed om prioritering stilt overfor andres nød: "Nei, søstre, nei Herren krever gjerninger. Ser du en som er syk og som du kan gi en viss lindring, da skal du glemme hele andakten og vise at du lider med den syke."   Bøn fører til handling og handling inspirerar til å halda fram på den indre vegen !





Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar