onsdag 13. juni 2018

Louis og Zelie Martin - Thereses foreldre

Bak i krypten under Basilique Sainte-Therese i Lisieux finn vi eit alter med relikviane til Thereses foreldre Zelie fødd Guerin (1831-1877) og Louise Martin (1823 - 1894). Det er ein plass for meditasjon og bøn, indre stille bøner og dei ein skriv ned og legg igjen på små lappar. I oktober i år blir det ekstra fokus på Thereses foreldre, då kjem deira relikviar saman med Thereses til dei nordiske landa.

Kvifor slik fokus på dette ekteparet frå 1800 talet ?  Dei var rett nok foreldre til ein av moderne tiders  største helgenar, men det  var ikkje difor dei vart heilagkåra  i 2015  som det første katolske ekteparet erklært som helgenar samstundes. Dei har vorte karakterisert som "eit profetisk ektepar" som realiserte ekteskapet som sakramental nåde i sine eigne liv.  Dei var begge prega av djup og inderlege katolsk tru heilt frå unge år, begge tenkte på klosterkall men vart rådd frå dette då dei meldte seg som potensiell munk og nonne. Det var gjennom familielivet og som gode samfunnsborgarar dei skulle realisera sitt kall.

Då dei møttest i godt vaksen alder hadde begge vore yrkesaktive i fleire år og dreiv sine eigne suksessfulle foretak, Louise som urmaker, Zelie med produksjon  av dei såkalla Alencon- kniplingane. Etter kvart var det hennar foretak som gjorde mest av seg, og Louise selde sin forretning for å delta i konas produksjon av kniplingar. Dei var kjent for å vera svært samvitsfulle i sine yrke, og Zelie utmerka seg med stor omsorg for alle sine ansatte.

Louise og Zelie fekk ni barn, den eldste var Marie Louise fødd i 1860, den yngste Therese fødd i 1873. Dei opplevde mykje sorg i det tre av barna døydde som spebarn, ei  jente i tidleg barnealder.
Familielivet var preg av sterk omsorg og kjærleik  overfor dei fem døtrene som alle til slutt valgte klosterlivet. Messe kvar  morgon og felles bøn var naturlege   element i eit familieliv med småborn, og eit travelt yrkesliv. Døtrene vart nok forma av dette, og vart naturleg opne for Guds kall og vilje med liva deira. I 1877 ramma tragedien familien, Zelie vart sjuk av brystkreft. Ho og døtrene drog til Lourdes i vona om at ho skulle verta lækt på Marias forbøn, men ho døydde kort tid etter. Louise stod att som enkemann med eineansvar for  fem døtre mellom 17 og 4 år. Han valde då å flytta frå Alencon til Lisieux der kona hadde slektningar som kunne støtta den hard prøva Martin familien.Dei slo seg ned i huset som fekk navnet Les Buisonnets som eg tidlegare har skreve om. Dermed vart det  Therese av Lisieux og ikkje Therese av Alencon .




                   Relikvieskrinet til Louise og Zelie Martin i krypten i Basilique Sainte-Therese

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar