Det er 100 år sidan Europa vart herja av ein brutal og meiningslaus krig som vi kjenner som den først verdskrigen, men i mange europeiske land er dette "Den store krigen" (The great war) Det var ein katastrofe som kullkasta heile det gamle Europa kartet, imperium gjekk under og nye land oppstod. Krigen kasta sin skuggar over heile det tjuande hundreåret like fram til vår tid.(Balkan, Tyrkia, Midt-Austen). Den andre verdskrigen var ein direkte følge av den første, og mange historikarar ser på dette som ein moderne tredveårs krig med ei tjueårs våpenkvile. For den menige soldat var første verdskrig ei ekstremt brutal oppleving med meinigslaust store tap av menneskeliv. Krigen vart ført på gammeldagsvis med moderne våpen, bataljon etter bataljon kraup opp av skyttergravene, storma gjennom ingenmannsland og vart møtt av granater og mitraljøseeld. Slaget ved Somme som tok til 1. juli for nøyaktig hundre år sidan er kanskje det beste eksempelet på dette. Storbritannia og Frankrike sette i gang ein storstilt offensiv mot tyskarane ved elva Somme i Nord-Frankrike. Etter intenst bombardement av tyske stillingar vart bølge etter bølge med soldatar sendt mot dei tyske stillingane , det enda med ein meningslaus massaker der Storbritania tapte 60.000 mann den første dagen av slaget. Då slaget ved Somme omsider var over var 420.000 britar og 200.000 franskmenn drept eller såra. Ein heil generasjon unge menn forsvann i det inferno som den første verdskrigen utvikla seg til, i Storbritannia prega det nesten alle familiar og alle lokalsamfunn for lang tid framover. Slaget ved Somme er skildra i detalj mellom anna av den britiske militærhistorikaren John Keegan. Dersom ein ønskjer ei lettlest og grundig innføring i denne historiske epoken er den danske historikaren Nils Arne Sørensens verk "Den store krigen" som nyleg kom i norske utgåve på Dreyer forlag, sterkt å tilrå. Han tek for seg bakgrunnen for krigen, krigens utvikling og ikkje minst krigen sette frå den vanlege soldaten sin synsvinkel og dessutan det sivile samfunnet under krigen. Dei to siste delene av boka tek for seg "Et nytt europakart" og "Krigen etter krigen", det gjev innsikt til å forstå heile det tjuande hundreårets historiske utvikling. Interessant er det å lesa om minnekulturen etter krigen med dei mange minnesmerka, krigsgravplassene og minnemarkeringane. Det avsluttane bilete viser Angela Merkel og Nicolas Sarkozy under ei felles fransk tyske markering i 2009 ! Vi har heldigvis kome eit stykke vidare på 100 år.
Krigen er skildra ikkje berre av historikarar, men og av forfattar og kunstnarar som sjølv deltok. Eg har tidlegare skreve om kunstnaren Paul Nash som skildra det krigsherja landskapet i bileta sine. Den kanskje best kjende krisgskildraren er poeten Wilfred Owen (1893-1918), han skriv krigspoesi utfrå eigen erfaring som offiser frå 1916 til han fall like før krigsslutt i 1918.Owen skriv realistisk og brutalt om soldatlivet i skyttergravene, her er lite igjen av samtidas glorifisering av den "ærefulle" kampen for fedrelandet ! Han er kritisk til leiarane, dei som sette i gang krigen og dreiv den framover i eit meiningslaust blodbad, men han er varm og omsorgsfull i skildringa av kameratskapet ved og bak slagmarka.
Hymne for fordømt ugdom
"Hvilke gravferdsklokker for dem som dør som kveg ?
-Bare kanonenes avsindige drønn.
Bare kaklende rifler med helvetes preg
kan harke og stamme fram bønn på bønn.
Ingen spotter dem nå, ingen messe eller klokkeklang
Og ingen sørgesang, men bare kor
av skingrende granathyls syke sang,
og trompeter som kaller fra sorgfull fedrejord.
Hvilke lys kan løftes så de ledes til sin krans ?
Ikke i guttenes hender, men i øynene likevel
vil skinne en hellig gløds farvel.
Likkledet deres, pikepannenes bleke glans;
blomstene langmodige sjelers ømme smil,
hver langsom skumring en gardin som lukkes til."
Somme 1916