torsdag 29. oktober 2015

Nordisk råds litteraturpris

Nordisk råds litteraturpris gjekk i år ikkje ufortent til Jon Fosse for roman trilogien Andvake , Olav draumar og Kveldsvævd. Fosse har dei siste åra profilert seg som ein av dei mest spelte samtidsdramatikarane, men han skriv og lyrikk, barnebøker, essay og romanar. Han seier at i åra framover vert det mest prosa og ikkje meir dramatikk. Både i form og innhald har han funne si eiga orginale uttrykksform. Språket er eit enkelt, kanskje litt arkaisk nynorsk, framført i ei kompakt form med stadige gjentakingar og variasjonar over eit tema. Personane hans uttrykkjer universelle problemstillingar i ei tidlaus ramme, men som og er grunnfesta i ei lokal ramme, det vest- norske.
Fosse rører og ved dei store religiøse spørsmåla. Vinnartrilogien blir karakterisert både som evangelietekst, visjonsdikting og kristen mystikk. For Fosse er mystikar, han prøver heile tida å uttrykkja dei erfaringar som ikkje så lett let seg fanga av språket. I samtaleboka med Eskil Skjeldal - Mysteriet i trua- får vi  ei fascinerande innsikt i akkurat dette. Her gjer han og greie for sin veg til Den katolske kyrkja. Vel verdt å lesa.
Til lukke med prisen Jon Fosse ! Vi ser fram til fleire bøker i åra som kjem.

Ein stille vind

ein vind går igjennom livet
og andar stille rørsle

han seier det finst ei stille
open for deg og for meg

han seier det finst ei redsle
som ikkje gjer oss redde

han seier det finst ein lagnad 
og lagnaden er stille

(Frå Stein til stein 2013)



1 kommentar:

  1. Ja det var ein velfortent pris. Ein flott diktar. Ein nydelig triologi.

    Marie/MT

    SvarSlett