torsdag 22. mars 2012

Ernesto Cardenal

I natten opplyste ord

I natten opplyste ord:
PEPSI-COLA  PALMOLIVE CHRYSLER COLGATE CHESTERFIELD
som slukkes og tennes og slukkes og tennes,
de røde grønne blå lys fra hotellene og barene
og kinoene, trappistene går opp i koret
og tenner sine neonlamper
og åpner sine salmebøker og korbøker
mellom millioner av radioer og fjernsynsapparater.
det er lampene til de kloke jomfruer som venter
på sin brudgom i De Forente Staters natt.


Slik skriv poeten og presten Ernesto Cardenal (f. 1925) frå tida i trappistklosteret Gethsemani i Kentucky.
Han var der fleire år på femtitalet og vart påverka av munken og forfattaren Thomas Merton. Alt i 1948 hadde han gjeve ut si første diktsamling, seinare har han vore svært produktiv både som poet, teolog og politikar. Etter tida i Gethsemani vende Cardenal tilbake til Nicaragua der han grunnla eit kristent fellesskap på Solentiname øyane i Nicaragua-sjøen. Han vart prestevia i 1965. Teologisk og politisk stod han sentralt i den latin-amerikanske frigjeringsteologien.
Etter kvart vart han engasjert i sandinistane sin frigjeringskamp mot Somoza diktaturet. Etter at diktatoren fall i 1979, vart han kulturminister i Daniel Ortega si revolusjonære sandinist-regjering. Som frigjeringsteolog og aktiv politikar vart han refsa av pave Johannes Paul II under hans vitjing til Nicaragua i 1983.
Ernesto Cardenal er framleis aktiv som skribent og foredragshaldar. I poesien sin knytar han ofte bibelske motiv saman med det politisk dagsaktuelle. Han har  mellom anna fleire fine parafrasar over dei bibelske salmane.Slik som denne over Salme 7:

Salme 7

Befri meg Herre
fra SS,NKVD,FBI og Guardia Nacional

Befri meg fra deres Krigsdomstoler

Du er den som dømmer stormaktene
Du er dommeren over Justisministrene
og Høyesterettsdommerne

Beskytt meg, Herre, mot falske rettssaker !
Beskytt dem som er deportert eller landsforvist
dem som er anklaget for spionasje og sabotasje
og dømt til tvangsarbeid

Herrens våpen er frykteligere
enn kjernevåpen!
De som utrensker andre
skal en gang selv bli utrensket

Men jeg vil synge for deg, for du er rettferdig
jeg lovsynger deg i mine salmer
                                              og i mine dikt.

 

søndag 18. mars 2012

Romersk triptykon

Oppfyllelsen - Apokalypsis

Slutten er like usynlig som begynnelsen.
Verdensrommet trådte frem av Ordet, og vender også tilbake til Ordet.
I Sixtinas midte har kunstneren uttrykt den usynlige slutt
i Dommens synlige dramatikk -
Og den usynlige slutt ble liksom klarhetens høydepunkt:
omnia nuda et aperta ante oculos Eius ! ¤
Ordene som står skrevet hos Matteus her forvandlet til en kunstnerisk visjon:
"Kom dere salige........gå, dere forbannede"...........
Og slik svinner slektene  -
Nakne kommer de til verden, og nakne vender de tilbake til jorden de ble tatt fra.
"Av jord er du kommet, til jord skal du bli."
Det som hadde form, blir formløst.
Det som var levende - er nå dødt.
Det som var vakkert - er nå ødeleggelsens avskyelighet.
Men ikke alt av meg dør,
det uutslettelige varer !

¤ Alt nakent og bart for Hans øyne.


Mot slutten av livet skriv Johannes Paul II " Romersk triptykon" som er ein meditasjon over
Michelangelos fresker i Det sixtinske kapell. Det byrjar som naturskildringar i  " Undring" og "Kilden", for så å gå til Michelangelos " Genesis". Siste delen har tittelen "Høyden i Moria landet" og omhandlar Abraham.

" Det var Tre Reisende som han mottok med stor ærbødighet
  Abram visste likevel at det var Han.
  Han, den ene.
  Han gjenkjente Røsten. Han gjenkjente løftet."


"Tres vidit et unum adoravit."

Shall I compare thee to a summers`s day ?

Shall I compare thee to a summer`s day?
Thou art more lovely and more temperate.
Rough winds do shake the darling buds of May,
And summer`s lease hath all too short a date.
Sometimes too hot the eye of heaven shines,
And often is his gold complexion dimmed,
And every faire from faire sometimes declines,
By chance or nature`s changing course untrimmed.
But thy eternal summer shall not fade,
Nor lose posession of that fair thou ow`st,
Nor shall Death  brag thou wand`rest in his shade
When in eternal lines to time thou  grow`st.
          So long as men can breathe or eyes can see
          So long lives this, and this gives life to thee.

Shakespears  sonette nr 18 om kjærleiken , det korte og forgjengelege livet som likevel kan leva vidare i poesien. Det er eit av dei finaste kjærleiks dikt i verdslitteraturen.







Erik Bystad har omsett alle Shakespears 154 sonetter til  norsk(Aschehoug 2004) Slik lyder denne sonetten i norsk omsetjing.

Skal jeg si du er lik en sommerdag ?
Du har mer ynde og mer harmoni.
Hver maiknopp skakes bryskt av vindens jag,
og sommerens lånte tid er fort forbi.
For het iblant er himmeløyets glød,
og ofte blir dets gylne glans obskur.
Alt skjønt går fra det skjønne og mot død,
på grunn av skjebne eller streng natur.
Men alltid skal din sommer finnes her,
din skjønnhet skal bestå, du skal forbli,
og ikke gå hvor dødens skygge er:
Av diktet evig, oppstår du i tid.
      Så lenge menn kan ånde, øyne se,
      har diktet liv.Og du får liv ved det.

fredag 16. mars 2012

Poetica:Mars

                                     Mars
                 Lyset som stig
                 over skitne snørestar
                 krigsguden hutrar
                 under kaldt duskregn
                 trekk kappa tettare rundt seg
                 stikk sverdet i slira
                 og så kan krokusen bløma ? 


         

søndag 11. mars 2012

Johannes av Damaskus

Første søndag i fasta feirar Den ortodokse kyrkja  minnedagen for "Ortodoksiens siger". Dagen er til minne  om det endelege punktum for biletstriden i 843, striden hadde då vart i vel 100 år.På den eine sida stod dei såkall ikonoklastane som meinte at det var avgudsdyrking å æra dei heilage bileta, på den andre sidan dei som meinte at ikonane var eit sentral uttrykk for den sanne trua og den rette gudsdyrkinga. Striden byrja då keiser Leo III i 726  la ned forbod mot at religiøse bileta vart dyrka og vist offentleg. Det meste av religiøse bilete som var  laga til då , vart øydelagt i striden som følgde dette forbodet. Det var teologisk usemje, men som i dei fleste stridar før og etter dreia dette seg også om politikk og sosiale motsetningar.
Munkane og den vanlege mann i gata kjempa for å behalda dei religiøse bileta sine. Dei hadde ein sterk alliert i Johannes av Damaskus  ( ca 676- 749). Johannes vaks opp i Damaskus som son av ein kristen embetsmann som arbeidde for den muslimske kalifen. Faren sørgde for at sonen fekk ei grundig opplæring i den tidas vitenskap og teologi.  Siste delen av livet oppheldt Johannes seg i Mar Saba klosteret i Palestina.
Han var ein produktiv forfattar, mest kjent er hans  tre skrifter til forsvar for dei heilage bileta. Johannes argumenterar utfrå skapinga, inkarnasjonen og oppstoda. Han går mot dei som nedvurderar den materielle verda. " Du talar ille om materien og kaller den simpel. Det gjer og manikearane, men Den heilage skrifta seier at den er god, for det står skreve: Gud såg at alt han hadde gjort var godt, ja svært godt."
Han skil mellom  "latreia" - tilbeding som berre tilkjem den treeinige Gud og "time"- vørdnad som kan rettast mot heilage ting og personar.
Johannes av Damaskus sine skrifter vart viktige i kampen for dei heilage bileta, og var med på å danna grunnlaget for det som er kalla "Ortodoksiens siger."  Han har fått sin plass som ein av dei sentrale kyrkjeferdrene både i den vestleg og austlege kyrkja. Dei heilage bileta - ikon - har ein viktig plass i ortodoks religiøs praksis, men har i moderne tid også fått større og større utbreiing  i dei vestlege kyrkjesamfunna.
Arkimadritt Johannes Johansen seier i ei preike på minnedagen for "Ortodoksiens siger": " Av dette ser vi at de hellige ikoner slett ikke bare er noe sært orientalsk fra gammel tid som har overlevd, men er det sanne uttrykk for den kristne grunnlære om at Jesus Kristus  er Guds ord som har blitt menneske av kjøtt og blod som Guds Bilde blant oss. Ethvert hellig ikon er en bekreftelse på og  forkynnelse av det."






Gudsmor-ikon med dei tre hender. Ifølge legenden skal Johannes av Damaskus som straff ha fått kutta av den handa han skreiv med. Etter at han hadde bede framfor eit ikon av Gudsmor skal handa ha blitt lekt.

onsdag 7. mars 2012

Poetica:Scordatura

                           Scordatura

Dette er utanfor orda
på den andre sida
det kan ikkje gripast
det er urørleg
og samstundes i rørsle

komprimerte paradoks

Tonar utan lyd
røyster som ikkje kan høyrast
ugjennomskinleg ljos
umålbare fargar
ord som ikkje kan seiast

Fingrane glir over perlene
og berre rosa er skjør nok
til å visa det som er utanfor.

tirsdag 6. mars 2012

Rosenkranssonatene

Heinrich Ignaz Biber (1644-1704) var fødd i Bøhmen men verka det meste av livet som musikar og komponist i Salzburg. Han var stor i si samtid men gjekk så i gløymeboka som så mange andre, for så å verta oppdaga på nytt i vår tid. Det musikkstykket som ein framfor noko forbind med Biber, og som han vorte hans mest populære verk er  Rosenkranssonatene ,også kalla Mysteriesonatene( Die Rosenkrantz Sonaten, Mysterien  Sonaten). Verket utgjer seksten delar, eit for kvar av dei  opprinneleg femten rosenkransmysteria ( i 2002 la pave Johannes Paul II til ytterlegare fem) og ein avsluttande passacaglia for solo fiolin. Rosenkranssonatene er spesielle av fleire grunnar. Dei prøver å gå til kjernen av dei kristne mysteria og er tett med symbolikk, referansar og kryssreferansar. Dei er og ekstremt vanskeleg å framføre, ikkje minst pga. "Scordatura" som er eit uttrykk for at instrumenta er stemt i ulikt nivå for kvar sonata.
Svært spesielt er i så måte er sonaten som omhandlar oppstoda(Surexit Christus hodie). Fiolinens to  strengar  i midten krysser kvarandre, kanskje eit symbol for at Kristi Oppstode så totalt forandrar verda ?


Dette er Rosenkransmysteria, "Lysets mysterier" kom til i 2002, og var naturleg nok ukjent for Biber. Hvis ikkje hadde han nok komponert 21 sonatar ?

Gledens mysterier (man/lør)
1.Engelen bringer Maria det glade budskap (les gjerne Luk 1,26-38 )
2.Maria besøker Elisabeth (les gjerne Luk 1,39-56 )
3.Jesus blir født i Betlehem (les gjerne Luk 2,1-21 )
4.Jesus blir frembåret i templet (Les gjerne Luk 2,22-38 )
5.Jesus blir gjenfunnet i templet (les gjerne Luk 2,41-52 )
Lysets mysterier (tors)
1.Jesus døpes i Jordan (les gjerne Matt 3,13-17)
2.Jesus står frem under bryllupet i Kana (les gjerne Joh 2,1-12)
3.Jesus forkynner Guds rike og kaller til omvendelse (les gjerne Mark 1,14-15
4.Jesus forklares på berget (Les gjerne Luk 9,28-36)
5.Jesus innstifter nattverden (les gjerne Luk 22,14-20)
Smertens mysterier (tirs/fre)
1.Jesu dødsangst i Getsmane (les gjerne Luk 22,39-44)
2.Jesus blir pisket (les gjerne Joh 19,1)
3.Jesus blir tornekronet (les gjerne Joh 19,2-3)
4.Jesus bærer sitt kors til Golgata (Les gjerne Joh 19,17)
5.Jesus blir korsfestet og dør (les gjerne Joh 19,18-37)
Herlighetens mysterier (bes gjerne ons/søn)
1.Jesu oppstandelse fra de døde (les gjerne Joh 20,1-10)
2.Jesu himmelferd (les gjerne Apg 1,6-11)
3.Den Hellige Ånds komme (les gjerne Apg 2,1-12)
4.Marias opptagelse til himmelen (Les gjerne Åp 11,19-12,1)
5.Marias kroning i himmelen (les gjerne Åp 2,10b)


Under kobling til sonaten som omhandlar Jesu dødsangst i Getsemane :
        
http://www.youtube.com/watch?v=1Vr-qxq-KnA&feature=related


Andrew Manze (fiolin) og Richard Egarr(orgel)  har spelt inn Rosenkranssonatene på Harmonia Mundi i 2002. Omslaget  har med eit sitat frå Georg Herberts(1593-1633) dikt "Easter."

"The Cross taught all wood to resound His name,
        who bore the same.
His stretched sinews taught all strings, what key
Is best to celebrate this most high day."

Elie Wiesel

" Og jeg som tror at Gud er kjærlighet, hva kunne jeg svare min unge intervjuer, hvis blå øyne gjenspeilte den sorg han hadde sett  bryte fram i ansiktet  hos et barn som skulle henges." Slik skriv forfattar-kollega og ven Francois Mauriac i forordet til   Elie Wiesels (f.1928) " La nuit"(Natten) som utkom i 1958.  Wiezel skildrar deportasjonen av  dei ungarnske jødane  til Auschwitz i 1944, og korleis  han på mirakuløst vis klarde å overleva  medan foreldrene og veslesøstera Tzipora omkom. Naturleg nok kom dette til å prega Elie Wiesel resten av livet, men i større grad enn dei fleste andre snudde han ein tragisk lagnad til eit aktivt samfunnsengasjement, for humanisme og menneskerettar, mot  barbari og fanatisme. I eit intervju nyleg karakteriserar han fanatismen  som ein av dei største utfordringane menneska står overfor i dette hundreåret.
"Jeg betrakter fanatismen som hån mot religionen og alt som er edelt i mennesket. Det er en gift som vi må bekjempe." Ikkje ufortent fekk Wiesel Nobels fredspris i 1986.
Elie Wiesel vaks opp i eit jødisk samfunn i den vesle byen Sighet i Transilvania i det noverande Romania.
Oppveksten var prega av den jødiske religionen, Elie var eit svært fromt barn. I "Natten" skriv han om korleis han som trettenåring ville fordjupa seg i Kabbala, den jødiske mystiske tradisjonen.
Men Auschwitz-Birkenau leiren vart eit vendepunkt også religiøst sett. Snart sytti år seinare uttrykkjer han følgjande: " På mange måter forstår jeg ikke Gud. Han så, og likevel var han taus. Jeg har retten til å oppgi troen på Gud, og jeg har seks millioner grunner til å rettferdiggjøre en slik beslutning. Men jeg tilhører Talmud-tradisjonen, som legger mer vekt på spørsmålene enn på svarene. Så jeg insisterer overfor meg selv at jeg stadig tror på Gud. Jeg tror på Gud fordi min far og min bestefar og deres forfedre trodde på Gud, og jeg håper at jeg ikke er den siste i rekken.Men min tro er en "såret tro."
Sjølv om hans tru på Gud og menneska er såra har han ei framtidsvon. Kanskje er det trass alt meir lys enn mørkre i menneska. "Mitt håp for den kommende generasjon er at min fortid ikke skal bli deres fremtid."







Elie Wiesel, Angela Merkel og Barack Obama i Buchenwald.

" De  er beskjedne,mine bønner og ydmyke. Ikke mer enn jeg kunne be en fremmed  om , en fremmed jeg tilfeldig møtte i tusmørket i et ugjestfritt land."