mandag 11. desember 2023

Årets nobelprisar

 Vi har ei innhaldsrik helg bak oss, det var flott å følgja årets utdeling av nobelprisar såvel Fredsprisen i Oslo som dei andre prisane i Stockholm. Fredsprisen til iranske Narges Mohammadi var viktig og vel fortent. Ho er ei modig kvinne som har våga å stå opp mot det brutale og undertrykkjande regimet i Iran, og ho har betalt ein høg pris for det. Det  gjorde inntrykk å sjå dei to borna på 17 år ta i mot prisen, og så halda moras tale som var smugla ut frå fengselet  i Iran. « Kvinner, Liv, Fridom!»

Prisen i medisin og fysiologi var og vel fortent og kanskje forventa, i fjor tenkte eg dei var aktuelle kandidatar, men då gjekk prisen til svensk- estiske Svante Päbo for hans nybrotsarbeid innan genetikk. Eg har lenge følgd med på arbeid hans, det var stort då han han som den første lukkast å analysera DNA utvunne fra neandertalskjelett. Karikos og Weissmans arbeid dreier seg og om genetikk, men eit skritt vidare frå DNA, nemleg messenger RNA. Grunnforskninga deira har vore avgjerande for utvikling av nye vaksinar under coronaepidemien, og vil nok nokså sikkert  representera framskritt på mange medisinske fagfelt!

Det er ikkje så mange kvinner som har fått denne utmerkinga, i år var det tre mellom dei Claudia Goldin, professor ved Harvard. Ho fekk prisen i økonomi for si banebrytande forskning på kvinners stilling i arbeidslivet.

Så var det sjølvsagt litteraturprisen til Jon Fosse som naturleg nok fekk stor merksemd ikkje bare i Norge men over alt der verka hans blir spelt og lese! Litteraturprisen og fredsprisen er det som folk flest kan forhalda seg til, dei andre er det berre spesielt interesserte som kan forstå litt av. Eg har lenge følgd med på Jon Fosses forfattarskap, og hatt stort utbytte og glede av det, ikkje minst det siste store verket, Septologien. Kanskje har det med at eg er vaksen opp ved same fjorden som forfattaren, har same livssyn og nyttar same målet ?







lørdag 2. desember 2023

Poetica: Utan visse

 Utan visse


Skumringstimen

snart er mørkre så tett

at det må kunna gripast

og bli løfta over  på den andre  sida

i von om teikn og retning

sjå små fotspor i snøen

i korte lysglimt kan dei følgast

gjennom natta

men ikkje utan uro

og inga klår  visse

om eit nytt morgongry

likevel eit steg om gongen

varsamt.



søndag 26. november 2023

Jødedeportasjonen 26.nov.1942

I dag 26. november minnest vi deportasjonen  av norske jødar i 1942. Det er 81 år sidan, men viktigare enn nokon gong å markera på bakgrunn av aukande antisemittisme der jødar med urette blir gjort ansvarleg for israelsk politikk. Det er på mange måtar ein skammeleg dag, det var ikkje tyskarar som henta norske jødar tidleg om morgonen 26. november, det var norske politifolk som rekvirerte norske drosjar. Dei vart ført til dei ventande transportskipa Monte Rosa og Donau, totalt 555 norske jødar vart sendt til utryddingsleirane denne dagen. Av totalt  773 deporterte kom bare 38 tilbake i live.

Dagen vart markert på arkivet i Kristiansand i ettermiddag. Forfatter Simon Stranger var der saman med. sin musiker bror og heldt eit engasjerande foredrag om sin nye romam “ Museum for mordere og redningsmenn” som omhandlar jødedeportasjon, og som lik den forige roman “ Leksikon om lys og mørke” også har eit sterkt personleg innslag i det konas jødiske forfedre spelar ei sentral rolle.

Det har ikkje tidlegare vore jødiske minnesmerke i Kristiansand, men i går vart det sett opp minnetavler ved det som i 1940 var byens to jødiske forretningar. Det vart ikkje lagt ned snublesteinar då det alt er gjort i andre byar for dei involverte jødane! Eit viktig tiltak som ikkje kom for tidleg. Reidar Mosland frå Christiansands byselskap og historikar Thomas Hagen gav ei fin orientering om bakgrunnen for dette.





lørdag 25. november 2023

Pave Frans gratulerer med nobelprisen

Pave Frans sender gratulasjoner til ein vel fortent mottakar av årets nobelpris i litteratur katolikken Jon Fosse frå Strandebarm! Brevet på norsk: Jeg skriver for å gratulere deg med tildelingen av Nobelprisen i litteratur i 2023, og for å uttrykke min takknemlighet for at ditt milde trosvitnesbyrd og din dedikerte litterære stemme nå vil nå ut til et bredt publikum. Din evne til å fremkalle den allmektige Guds nådegaver, fred og kjærlighet i vår ofte formørkede verden vil helt sikkert berike livene til alle som deler troens pilegrimsvandring. Idet jeg forsikrer deg om at jeg vil huske deg i mine bønner, ønsker jeg å skjenke deg en overflod av guddommelige velsignelser. Vatikanet, 18. oktober 2023 Frans

søndag 19. november 2023

Heilage kvinner

 Det har vore tradisjon at paven heilt frå 1500 - talet har halde audiensar for folke flest. Det har gjerne hatt preg av katekese så og for pave Benedikt 16. Han tok for seg sentrale personar Kyrkjas historie, apostlar, kyrkjefedre, ordensgrunnleggjarar og heilage kvinner. Dei har blitt samla og gjeve ut som bøker, no og i norsk omsetjing på St.Olav forlag.

Kyrkja har tradisjonelt vorte oppfatta som mannsdominert, men kvinnene har heile tida vore der, og på grunnplanet i dei lokale kyrkjelydane er det nok kvinnene som har gjort den største innsatsen like frå dei første skildringane i Apostegjerningane med driftige kvinner som Lydia, og fram til våre tid!

Det har gjerne Kyrkjas historie heller ikkje vore mangel på heilage kvinner, både fomelt heilagkåra og dei som levde sine fromme liv i det ukjente. Pave Benedikt tek for seg seksten av desse kvinnene som levde frå 1100 til 1500- talet, nokon av dei svært kjente, andre meir ukjente men som likevel sette sterke spor etter seg. Av dei meste kjente kan nemnast universalgeniet Hildegard av Bingen som levde på 1100 - talet Teresa  frå Avila og Katarina frå Siena som begge vart utnemd til kyrkjelærarar i 1970. Den einaste frå Skandinavia er Birgitta frå Vadstena som saman med Katarina frå Siena var markerte personlegdomar i Kyrkja på 1300 -talet. Mindre kjent og desto meir interessant er to andre katarinarar, Katarina frå Bologna og Katarina frå Genova. Julian frå Norwich er vel ikkje formelt ein helgen, men mange er det som har hatt utbytte av å lesa det mystiske skriftet “ Revelations of Divine Love in Sixteen Showings”  som skildrar hennar ekstatiske visjonar av Guds kjærleik som ho og karakteriserar Guds kjærleik som morskjærleik! 

Belgiske Juliana av Mont Cornillon  som levde på 1100 - talet er det nok få som kjenner til, underteikna hadde  ikkje høyrt om henne før. Ho var augustinarnonne, mystiker og fekk sine første visjonar som tenåring.Ho har fått stor innverknad på ettertida avdi ho var ein sentral pådrivar for innstiftinga av Corpus Christ - Kristi lekamsfest  som  vi feirar kvart år etter pinse. Jeanne d’Arc er vel den meste kjente av desse kvinnene, Frankrikes skytshelgen og med ein livshistorie  som teke ut av ei anna verd. Romanar og filmar har gjort henne til ein del av kulturen langt utover Kyrkjas grenser!

Desse kvinnene er ulike men har det viktigaste felles. Dei var sterke og markerte kvinner i ei tid der kvinnas stilling var underordna, men ikkje i den grad som var tilfellet i hundreåra etter Mellomalderen.  Dei var framfor alt fromme kvinner med eit rikt indre bøneliv som dei henta sin styrke frå. Dei fleste av dei var visjonære mystikarar, og hadde dermed ein sterkare Gudsrelasjon enn dei fleste i dag.  Vi kan ha dei som føredøme og ideal, og vi kan læra av dei å stola på Guds nåde gjennom livets medgong og motgong, og vi kan ikkje minst bli inspirert til eit regelmessig og djupt bøneliv!



søndag 12. november 2023

For a girl becoming

 « For a girl becoming» er ei vakker lita illustrert bok av den amerikanske poeten og musikaren Joy Harjo. Ho er « native anerican»og høyrer til Mvskoke Nation. Mykje av det ho skaper er inspirert av hennar etniske bakgrunn. «For a girl becoming» er dedikert til forfattarens barnebarn og forma som vegleiing for ei ung jente på veg inn i livet! Eg kjøpte boka til dattera mi for mange år sidan.

You will fall and you will get back up again, because you are one of us.

And as you travel with us, remember all this: Give a drink of water to all who ask, Whether they be plant, creature, human or helpful spirit. May you always have clean, fresh water.

Grieve with the grieving, share joy with the joyful. Mat you build a strong path with beautiful and truthful language.

Clean your room. May you always have a home: a refuge from storm, a gathering-place for safety, for comfort.

Burt what needs to be buried.Laugh easily at yourself; may you always travel lightly and well.

Your mother labored there, so young in earthly years. And we who love you gather here. Pollen blows throughout this desert house to bless. And horses run the land, hundreds of them, for you. And you are here to bless.




tirsdag 7. november 2023

Poesiar etter Henrik Wergeland

 Då Jon Fosse flytta inn i Grotten i 2011 byrja han og å lesa meir av Grottens første eigar, vår store diktar Henrik Wergeland. Inspirert av Wergelands lyrikk kom han i 2016 med diktsamlinga Poesiar etter Henrik Wergeland, lyrikk inspirert direkte eller indirekte av Wergelands ikkje alltid like tilgjengelege verk.    

   Det Iisdryps Rislen i min barm….?

og disse Stik af Ild?

Lad Døden kalde det sin Seir!

Det er min Himmels Foraarsveir,

dens Vaarfrembrud - snart kold snart varm

min Saligheds April.

………..

O Følelse som af et Bad!

Jeg Alt tilgivet har.

En Finger paa mit Øje kom.

En Engels; det min Moders var.

Nu er min Sjel en toet Blom,

saanyfødt, barneglad.

( frå Paa Sygelejet)


HOS JON FOSSE ER DET OGSÅ ENGLAR:

Den blinde nøysemd

og den blinde tilfredsstilling


men no flyg dei attende til himmelen

for å henta draumar

til svevnen vår

( To englar møtte oss i døra)


OG SJEL:

senkt ned

kverv bort


er sorga vår song


vår sorg er song

( Når sjel i sjel)


OG HIMMEL MED STJERNER:

og kvar har sin eigen himmel med stjerner

i si eiga panne


og i verda er Guds språk

til seg sjølv

( Fridom er hjarta i ånda)

OG VIND:

for din milde mynde

lyfter graset


som når om våren ein fugl

for fyrste gong

helsar ei bølgje


(Blåse du vind)