I Verdidebatt i avisa Vårt Land har det nyleg vore ein debatt omkring biletas funksjon i protestanisk og katolsk tradisjon. Er dei religiøse bileta bare pedagogiske hjelpemiddel eller har dei ein djupare kultisk funksjon ? Dette er ingen ny debatt, på 700-800 talet var dette kjelde til ein tragisk og splittande konflikt, den såkalla " ikonoklastiske striden." I klassisk jødedom,og også seinare i islam, har det vore forbod mot religiøse bilete, i kristendomen har bileta hatt ein sentral funksjon heilt fra dei første tider. Dette er grunngjeve med inkarnasjonen, " Ordet vart menneske og tok bustad mellom oss " (Joh 1.14). Den store teologen Johannes Damaskenos( 675 -749) uttrykkjer det slik:
" I tidligere tider kunne Gud, som er ulegemlig og uten figur, på ingen måte bli avbildet. Men nå som Gud er sett i kjødet, idet Han samtaler med menneskene, maler jeg et bilde av Gud, den synlige.
.
For jeg har sett Guds menneskelige form og min sjel har blitt frelst."
Striden om bileta, ikonane, braut ut i år 730 då keiser Leo III sendte ut eit edikt mot bruken av ikonar.
Det er ulike teoriar om bakgrunnen for dette. Påverknad frå islam og jødedom ? Tendens til andeliggjering av kristendomen og dermed rensa kyrkja for sanselege innslag ? Bilete som uttrykk for avgudsdyrking ? Uansett vart dette ein langvarig og bitter strid mellom ikonoklastane som villle fjerna alle bileta, og dei som forsvara det tradisjonelle synet og ville æra dei heilage bileta slik dei alltid hadde gjort. Striden enda med den sjuande økumeniske konsilet i Nikea i 787 som slo fast den orrtodokse læra om kva plass bileta skal ha i det religiøse livet. Avdi Gud er blitt menneske i Jesus Kristus er det også legitimt og verdfullt å æra bilete av Han, å forkasta biletleg framstilling av Sonen er å fornekta at Han er sant menneske. Konsilet slår og fast at ein kan æra bilete av Maria og helgenar og gjenstandar som er knytte til dei, såkalla relikviar. Her skil konsilet nøye mellom tilbeding - latreia - som berre tilkjem Gud og høgakting eller venerasjon - proskynesis - som tilkjem Maria, helgenar og englar. Latreia overfor andre enn Gud er avgudsdyrking. Dette er den læra som både Den ortodokse og Den katolske kyrkja har halde fast ved. Dei ortodokse feirar dette første søndag i fasten som "Ortodoksiens triumf". Bileta, ikonar er heilt sentrale i ortodoks gudsdyrking, dei forkynner trussanningar på same måte som orda gjer det. Ved å æra ikonet ærar vi og det som er ikonet sitt "urbilete" og den som er avbilda blir nærverande på ein konkret måte.
Reformasjonen medførte eit nytt syn på bileta, frå å vera ein sentral del i den kristne kultus blir dei i større eller mindre grad pedagogiske verkemedel, illustrasjonar til prestens utlegning av ordet som er det sentrale i protestantisk gudsteneste i motsetning til eukaristien i katolsk og ortodoks tradisjon.
Dei refomerte gjekk enno lenger og fjerna bileta heilt frå kyrkjeromet, medan lutheranarne inntok eit mellomstandpunkt der bileta vart bevart men fekk ein ny funksjon. Dei vart på mange måtar avsakralisert og ikkje lenger objektive uttrykk for ein guddomeleg røyndom. I tråd med dette vart også Messeofferet og tilbeding av det innvia natteverdsbrødet avskaffa, og ein stod igjen med ein abstrakt og subjektiv versjon av kristendomen. Ein del protestantiske teologar gjer forsøk på å ta tilbake noko av det som gjekk tapt, men som professor Bernt Oftestad påpeikar er det vanskelig å bryta ut av ein tradisjon der det er den subjektive erfaringa som konstituerar det religiøst gyldige.
Ikon av Den heilage Johannes Damaskenos( av Damaskus)
onsdag 22. august 2018
onsdag 8. august 2018
Poesi og venskap
30.mai 1960 døyr den russiske forfattaren Boris Pasternak( 1890 -1960). Han døyr om våren midt i fruktbløminga,ikkje om hausten når naturen går til kvile slik han hadde tenkt seg. Ved sida av sjukesenga heng jakken hans, i innerlomma på venstre side, nærast hjerte, er det ein konvolutt med påskrifta "Det kjæraste", inni den to brevark som nesten er smuldra opp, det eine frå Rainer Maria Rilke, det andre frå Marina Tsvetajeva. Tre av 1900 talets store poetar som knapt møttest men som via brev utvikla eit djupt og inderleg venskap. Breva er samla og gjeve ut. Alle tre fekk meir eller mindre ulukkelege lagnadar, dels pga. dei store historiske hendingane, dels pga. dei val dei sjølve gjorde.
Rainer Maria Rilke (1875 -1926) var den eldste av dei tre, den i ettertida mest kjente, og den dei to andre såg opp til som den store poeten i Europa. Marina møtte han aldri, Boris møtte han som tiåring då han saman med foreldrene var på veg til sommarferie i Odessa. Om bord på toget steig ein mann, Boris far kjenner han med ein gong igjen, det er Rainer Maria Rilke saman med Lou Andreas Salome på veg for å vitja Tolstoj på Jasnaja Poljana. Dei stig av toget, og den unge Boris får eit kort bilete han ber med seg seinare, Rainer Maria gjennom bjørkeskogen på veg til Russlands store diktar.
Opphaldet hos Tolstoj blir så mislukka som det kan, men for Rainer Maria er ikkje Russlands reisa utan utbytte, han reiser heim sterkt inspirert av russisk kultur og religiøsitet. Resten av livet er Rilke ein europeisk nomade, kvilelaust fartande frå plass til plass på leiting etter indre ro og kunstnerisk inspirasjon. Han får aldri ein eigen heim og lever på gåver frå rike vener. Han er fødd utan vern mot livet og tilværets kompliserte og trugande sider, følsom og bare istand til å skriva på inspirasjon. På slutten av livet finn han seg tilrette på Chateau de Muzot i Rhonedalen som vener let han leiga, her fullfører han sine store verk "Duino elegiar" og "Sonetter til Orfeus", og her døyr han av leukemi i 1926 meir forsona med døden enn med livet. Rainer Maria Rilke var ein ivrig brevskrivar og brevvekslinga med Marina og Boris er ein lite kjent del av denne omfattande korrespodansen med kjente og ukjente rundt om i Europa. Breva er kjenslelada, men prega av gjensidig respekt og beundring for kvarandres kunst.
I ein elegi til Marina skriv Rilke:
"Bølger, Marina, vi hav ! Dyp, Marina, vi himmel.
Jord, Marina, vi jord, vi tusenganger vår, lerker
som de bryter ut i sang, som fra det usynlige."
Marina Tsvetajeva (1892-1941) er vel den minst kjente av dei tre. Ho vart ikkje akseptert i si samtid, men blir i dag rekna som ein av dei store i 1900 talets russisk poesi. Ho vaks opp i ein velståande og kunstnerisk familie i Moskva, faren var professor i kunsthistorie. Lik Boris Pasternak var det musikken som vart hennar første kunstneriske uttrykksform, men ho byrja tidleg i ungdomen å skriva dikt. Revolusjonen, borgarkrigen og sovjetstyret var nådelaust mot henne og familien. Ho forlet til slutt heimlandet og levde lenge i eksil i Praha og Paris. Mannen og dottera fekk etter kvart sympati for den raude ideologien, og reiste tilbake til det sovjetstyrte Russland. Marina følgde etter og opplevde at mannen var henretta og dottera sendt til Sibir mistenkt for spionasje. Ho sat igjen svikta av alle, kanskje med unntak av Boris Pasternak, og vel døden for eiga hand i slutten av august 1941. Ingen kjem i gravferda hennar.
Boris Pasternak ( 1890 - 1960) assosierar vel dei fleste med romanen " Dr. Zhivago" som og vart filmatisert og ein stor suksess både som roman og film.. Kommuniststyret såg ikkje med blide auge på denne skildringa av 1900 talets Russland. Boka kom ut i 1957 i Italia og vart på kort tid oversatt til over tjue språk. I heimlandet var han utstøtt, ein ikkje-person, men han vart ikkje arrestert i motsetning til til elskerinna Olga. Han blir tildelt nobelprisen, men etter press frå regimet fraseier han seg denne. Det var likevel ikkje ein karriere som romanforfattar han i utgongspunktet hadde tenkt seg, han gjekk frå musikken til filosofien og vidare til lyrikken. I Russland er det som lyrikar han blir hugsa, og det er gjennom lyrikken han møter Marina Tsvetajeva og Rainer Maria Rilke. Det er mange store lyrikarar i mellomkrigstidas Russland, men ein etter ein vert dei tause. Kanskje er det som forfattaren Osip Mandelstam skriv: " Det er bare i Russland poesien blir virkelig respektert. Å skrive poesi fører til døden. Hvor ellers er poesi et vanlig motiv for mord ?"
Dei levde ikke lukkelege liv desse tre store, men dei eigde skaperevnas trolldomskunst og er ikkje gløymde!
"Farvel, motgangens år.
La oss ta avskjed, du som utfordret
fornedrelsens avgrunn!
Jeg er din slagmark,
Farvel, vide vingeslag,
fluktens frie tross,
og verdens billed, i ordet åpenbaret,
og skaperevnens trolldomskunst."
(Frå Boris Pasternak dikt "August")
Chateau de Muzot der Rainer Maria Rilke budde på slutten av livet og der han fullførte nokon av sine viktigaste verk.( Duino elgiane og Sonnettene til Oreus)

tirsdag 31. juli 2018
Cisterciensarane på Hovedøya
Med båten frå Rådhusbrygga tar det bare få minutt over til Hovedøya, i dag rekreasjonsområde for Oslo og kulturminne, men i firehundre år eit kulturelt og religiøst sentrum. Vi kjem der ein vakker og varm julidag på veg til badeplassen på sørsida går vi forbi ruinane etter klosteret og på veg tilbake tek vi ein nærare kikk på dei, og prøvar å sjå for oss munkane som arbeidde, bad tidebøner og feira messe her kvar dag i nær firehundre år.
Cisterciensarorden vart grunnlagt i Citeaux i Frankrike i 1098, og på svært kort tid spreidde denne velorganiserte ordenen seg til store delar av Europa. Alt etter tjue år var dei på plass i England, og det var herfrå dei skulle etablera seg i Norge i løpet av 1100 talet. I 1146 grunnla munkar frå Fountains klosteret det første datterklosteret i vårt land ved Lyse utanfor Bergen etter oppmoding frå biskop Sigurd frå Bergen. Alt året etter kom tolv munkar under leiing av abbed Philippus frå KIrkstead i Lincolnshire til Hovedøya utanfor Oslo. Då dei steig i land her 18. mai var det alt ei kyrkje på øya vigd til Edmund martyren, og munkane tok i bruk denne, og bygd etterkvart eit klosteranlegg i tilknytning til kyrkja i tråd med cisterciensarordenens krav . Klosterkyrkja vart vigd til Jomfru Maria og Sankt Edmund. Klosteret på Hovedøya vart etterkvart ikkje bare eit andeleg sentrum men også økonomisk stod dei seg bra med over fire hundre eigedomar rundt Oslofjorden, tømmeranlegg og fiskeri. Men på femtenhundretalet var det slutt, alt eit par år før Reformasjonen vart klosteret plyndra og brent, etter Reformasjonen vart eigedomane overteke av kongen og steinrestane vart mellom anna brukt til Akershus festning.
Det skulle gå 467 år før cisterciensarordenen kom tilbake til Norge, rett nok ikkje Hovedøya men Tautra og etterkvart Munkeby i Trøndelag. Her er det no levande klostersamfunn som lever i tråd med ordenens tusen årige regel og tradisjon.

Den heilage Ignatius av Loyola
I dag feirar vi minnedagen for Ignatius av Loyola (1491 - 1556), helgen og ordensgrunnleggjar. Han er skytshelgen for retrettar og retretthus, for soldatar og gravide kvinner.
Ignatius var av adelig familie og valgte ein militær karriere, men etter å ha blitt alvorleg såra opplevde han ei sterk omvending. Som eg tidlegare har skreve om oppsøkte han klosteret på Montserrat med den svarte Madonna som ligg like utanfor Barcelona. I etterkant oppheldt han seg i Manresa ikkje langt frå Montserrat, og det var her han fekk inspirasjon til å forfatta si veiledning i det andelege livet - Exercitia Spiritualia, eit skrift som har inspirert kristne langt utanfor Den katolske kyrkja. Frå Spania drog han til Roma og vidare på pilegrimsreise til Jerusalem. I utgangspunktet hadde han ikkje som hensikt å stifta ein ny orden, men han vart gradvis overtydd om sitt kall. Han studerte teologi i Paris og vart prestevigd i 1538.
Ei gradvis veksande gruppe vener og medarbeidarar samla seg rundt Ignatius, og planan om ein orden vaks fram, i 1540 godkjente pave Paul III ordenen som fekk det ofisielle navnet Societas Jesu - Jesu selskap. På folkemunne vart dei kalla jesuittar av dei to latiske orda Jesu og Ite, dvs. gå til Jesus som var bodskapen dei forkynte. Ignatius orden var ein misjonsorden som raskt spreidde seg til Sør-Amerika, Afrika og Asia. Ordenens første store misjonær var Franciscus Xavier som verka i India, Fillipinene, Indonesia og Japan, der han førte mange til trua.
Ignatius av Loyola var omstridt i si samtid og vart fleire gonger klaga for kjetteri, men det lukkast ikkje å finna grunnlag for kjettersk lære hos han. På same måte har Jesuittordenen vore omstridt, det er nok å minna om at ordenen på slutten av 1700 talet vart forboden, og i Norge hadde ikkje jesuittar tilgang før i 1956. Kanskje er noko av grunnen til det at dei dyktigaste og mest initativrike unge menn med prestekall fann seg til rette her. Jesuittane har utmerka seg såvel i drift av skular og universitet som i vitskapeleg arbeid, mange har kompetanse i naturvitskapeleg fag i tillegg til teologi. Pave Frans er i så måte eit typisk døme, i det han har utdanning i kjemi og har undervist i dette faget.
Men det er nok som misjonsorden at Jesu Selskap har sett dei sterkaste spora.
Ad Majorem Dei Gloriam - For Guds større ære

mandag 16. juli 2018
Vår Frue av Karmelberget
I dag 16.juli er minnedagen for Vår Frue av Karmelberget (Jomfru Maria av Karmelberget) som er Karmelittordenens vernehelg. Alle karmelittar stiller seg under hennar vern. Minnedagen viser til Karmelberget der ordenen oppstod på 1100 talet, og den første ordenesgeneralen Simon Stock som i 1251 skal ha hatt ein visjon av Gud mor der ho gjev han det heilage skapularet som eit teikn på forbundet med Gud!
søndag 15. juli 2018
Poetica: Det ho viser oss
Det ho viser oss
Eg forstår ikkje alt rett som det er må eg slå opp i den fransk-norske ordboka for Thérèse har eit rikt språk som ho velviljug delar med oss souvenirbutikken i Les Buissonnets seks euro og vel verdt det ein kort tekst for alle årets dagar regnfulle haustmorgonar sludd og vinterkalde kveldar klare vårdagar med fuglesong varm og blømande sommartid vi finn ikkje alltid spora som viser den vesle vegen men Thérèse gjev oss små teikn om bodskapen utover tid og rom Takk du som lova å spre roser og som held alle lovnadar. Du for alltid trufaste.
søndag 1. juli 2018
Den indre borgen
" Vi kan betrakte sjelen som en borg helt og holdent av diamant eller meget klart krystall; inne i den er det mange rom, likesom det i himmelen er mange boliger."
Slik innleiar Teresa av Avila første kapittel i " Den indre borgen" som ho skreiv i 1577 fem år før ho døydde. Boka vart utgjeve første gong i 1588, og så i år 441 år etter at ho vart skreve kjem boka i norsk omsetjing ved Olaug Berdal, utgjeve på Efrem forlag. Tidlegare har sjøvbiografien "Boken om mitt liv" vorte omsett til norsk. Begge bøkene er sentrale verk i kristen mystikk.
Teresa av Avila (1515 - 1582) er den store reformator og klostergrunnleggjar i Karmelittordenen, og vegleiar i indre bøn såvel for dei nonnene ho hadde ansvar for på 1500 talet som for dei som også i dag søkjer den indre bønas veg.
"Din indre borgen" vart skreve på få månadar i eit for Teresa svært vanskeleg år, ho var nyleg blitt forhøyrt av inkvisisjonen, ho vart motarbeidd av ordensgeneralen og Johannes av Korset hennar medreformator og nære samarbeidspartnar, var teke til fange og plassert i eincelle anklaga for å vera opprørar av sine motstandarar i ordenen. Ho nevner ikkje noko av dette i boka, Teresa konsentrerar seg om den indre vegen ho har gått. Det var usikkert om "Boken om mitt liv" var gått tapt og Teresas skriftefar påla henne å skriva ein sjølvbiografi på nytt. Resultatet blei dette mesterverket i andelege vegleiing. Boka er skreve til nonnene i ordnenen og er prega av ein uformell og munnleg stil, ho skriv slik ho talar. Dette er heller ikkje ein telogisk sytematisk innføring i temaet, her er fullt med sidesprang og gjentakingar og den raude tråden går på kryss og tvers, men det raude tråden er der heile tida.
Teresa nyttar eit rikt biletspråk både frå naturen og dagleg livet i skriftene sine.Her er sommarfuglar og silkeormar, vinmarker og kjelder, kanskje mest kjent er hennar bileta av indre bøn som ulike måtar å vatna ein hage på . I "Den indre borgen" er det sjela som ei borg med mange rom eller bustadar som er den sentrale symbolikken. Vi går innover frå rom til rom til ein kjem til den sjuande og siste bustaden. "Vi må ikke betrakte sjelen som noe bortgjemt og begrenset, men som en indre verden hvor det er plass til alle disse herlige boliger som dere har sett, Og det er riktig at det er slik, ettersom det inne i sjelen finnes en bolig for Gud selv." Vi blir ført gradvis innover, det er ei andeleg reise Gud leiar oss på. Kva skal til for å gå denne vegen? "O ydmykhet, ydmykhet ! " skriv Teresa (3.6), framfor alt å bøya seg audmjukt for Guds vilje. Og litt seinare i same kapittel gjentek ho: "Om vi ennå ikke er kommet dit hen, gjentar jeg: ydmykhet ! Det er selve salven på våre sår. For om vi er sant ydmyke, vil kirurgen - som er Gud - komme og gjøre oss friske, selv om han kan la vente på seg."
Kva sit ein igjen med etter å ha lese heile "Den indre borgen" ? Den raude tråden går som sagt litt på kryss og tvers men her er så mange gullkorn at ein stadig må fram med blyanten og streka under. Mykje å ta fram igjen og meditera over. Kanskje er det likevel total inntrykket som er viktigaste, Teresa er så positiv, det nyttar, Gud er alltid viljug til å koma oss i møte.
Teresa var ikkje ein verdsfjern mystikar, tvert imot var ho praktisk og handlekraftig. Det uttrykkjer ho og klart når ho under den sjuande bustaden skriv: " Tro meg, Marta og Maria må stå sammen når de skal ta imot Herren som sin gjest og beholde han hos seg." Når ein tekjer på alle klostera ho grunnla tildels med stor mostand er ikkje dette så rart!
Bøna må heller ikkje bli ei tvangstrøye som ein ikkje kan vika av frå når det trengst, Teresa gjer klar beskjed om prioritering stilt overfor andres nød: "Nei, søstre, nei Herren krever gjerninger. Ser du en som er syk og som du kan gi en viss lindring, da skal du glemme hele andakten og vise at du lider med den syke." Bøn fører til handling og handling inspirerar til å halda fram på den indre vegen !

Abonner på:
Innlegg (Atom)