tirsdag 31. juli 2018

Cisterciensarane på Hovedøya

Med båten frå Rådhusbrygga tar det bare få minutt over til Hovedøya, i dag rekreasjonsområde for Oslo og kulturminne, men i firehundre år eit kulturelt og religiøst sentrum. Vi kjem der ein vakker og varm julidag på veg til badeplassen på sørsida går vi forbi ruinane etter klosteret og på veg tilbake tek vi ein nærare kikk på dei, og prøvar å sjå for oss  munkane som arbeidde, bad tidebøner og feira messe her kvar dag i nær firehundre år.

Cisterciensarorden vart grunnlagt i Citeaux i Frankrike i 1098, og på svært kort tid spreidde denne velorganiserte ordenen seg til store delar av Europa. Alt etter tjue år var dei på plass i England, og det var herfrå dei skulle etablera seg i Norge i løpet av 1100 talet. I 1146 grunnla munkar frå Fountains  klosteret det første datterklosteret i vårt land ved Lyse utanfor Bergen etter oppmoding frå biskop Sigurd frå Bergen. Alt året etter kom tolv munkar under leiing av abbed Philippus frå KIrkstead i Lincolnshire til Hovedøya utanfor Oslo. Då dei steig i land her 18. mai var det alt ei kyrkje på øya vigd til Edmund martyren, og munkane tok i bruk denne, og bygd etterkvart eit klosteranlegg i tilknytning til kyrkja i tråd med cisterciensarordenens  krav . Klosterkyrkja vart vigd til Jomfru Maria og Sankt Edmund. Klosteret på Hovedøya vart etterkvart ikkje bare eit andeleg sentrum men også økonomisk stod dei seg bra med over fire hundre eigedomar rundt Oslofjorden, tømmeranlegg og fiskeri. Men på femtenhundretalet var det slutt, alt eit par år før Reformasjonen  vart klosteret plyndra og brent, etter Reformasjonen vart eigedomane overteke av kongen og steinrestane vart mellom anna brukt til Akershus festning.

Det skulle gå 467 år før cisterciensarordenen kom tilbake til Norge, rett nok ikkje Hovedøya men Tautra og etterkvart Munkeby i Trøndelag. Her er det no levande klostersamfunn som lever i tråd med ordenens tusen årige regel og tradisjon.











Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar