søndag 5. april 2015

Påskenatt

Vi feirar årets viktigaste høgtidsdag: Påskevigilien. Lumen Christi - Lyset frå Kristus.
Kyrkja er fullsatt når det store påskelyset som er tent utanfor kyrkja blir bore inn i prosesjon og påskelovsongen framført som innleiing til feiringa av oppstoda.

"Fryd deg - du himlenes engleskare !
Juble av glede, Guds  mysterier !
La frelsens basun kunngjøre den stor konges seier !
Må også jorden - lysende i den evige konges klarhet,
glede seg i sin nye strålekrans,
og vite, at mørket som omslutter verden, er hevet.
Glede seg skal også Kirken, vår mor,
kledt i glansen frå så stort et lys,
mens denne hall gjenlyder av mengdens mektige sang.

(Innleiinga til Påskelovsongen-  Exultet)

Etter lesinga av påskenatts mange bibeltekstar følgjer  dåpsliturgien med velsigning av dåpsvatnet og påskelyset. To unge vaksne blir døypt og ein konvertitt stadfestar trua, og alle får deretter fermingas innsegl.
Deretter kan alle ta del i fornyinga av dåpsløftet.
Etterpå sosialt samver ut i dei små timar med god mat og drikke. Det er ikkje minst viktig, for dette er og feiringa av det store fellesskapet!




                                Pave Frans med påskelyset

mandag 30. mars 2015

Kilden - Brevet om fiskeren Markus

"Et menneske kommer til verden - en ånd daler ned på jorden, den roter en støvsky op omkring sig, tar støv på og sleper det rundt. Når dens tid her nede er omme, legger det atter støvet av og vender tilbake i det eviges favn."
Slik avsluttar forfattaren Gabriel Scott romanen " Kilden - eller brevet om fiskeren Markus" som kom ut i 1918, og som etter kvart har vorte ein klassiker i norsk litteratur. Eg les denne vakre, vesle boka frå snart hundre år tilbake om igjen og blir grepe av bokas bodskap som er så enkel, men samstundes med eit djup som rører ved dei aller største spørsmåla i liva våre. Livet og døden, meininga med tilveret og vår plass i det, skaparverket og Guds eksistens. Den fattige fiskaren Markus funderar over Guds eksistens med utgangspunkt i ei hummerteine. "Teinen har sikkert nok sin frembringer, en teine kan vel ikke gjøre sig selv ? De kloke hoder smiler og spør ? Og hvad er så en teine mot verden ? "
Slik utviklar han si enkle men samstundes logiske tankerekkje. Fiskaren Markus er filosof, men  vel i større grad mystikar. Når han legg seg til ro for kvelden i det vesle huset i Kleven står det evige like utanfor. Scott skriv så vakkert: " Det suste sakte utenfor huset, det evige stod mot glasset og så inn med et dypt blikk." Markus fangar opp litt av dette der han ligg på ryggen og ser opp. "Her råder en klarhet i ham og om ham, han rykkes hen gjennem rummet og tiden, gjennem en endeløs renhet og fred."  Slik blir han ein visjonær, gjennom det enkle og daglegdagse ser han det store mysteriet i tilveret som ingen filosof kan forklara.
Boka er og ei folkelivsskildring frå Sørlandskysten på byrjinga av 1900 talet, vi møter eit lite lokalsamfunn som livnærer seg av det sjøen gjev dei. Men det er og eit samfunn med sosiale skillelinjer, og heilt nedst står den audmjuke, fattige og fromme fiskaren Markus. Livet har ikkje gjeve han familie og materielle goder, men han har likevel forsona seg med det. Når  døden bankar på tidlegare enn han hadde tenkt klarar han å forsona seg med den også !
" For tilværelsen har ikkje mørket til mål, ikkje gledesløsheten og tvilen og døden, tilværelsen har lyset til mål og gleden, takknemligheten og håpet. Det er alt saman tilværelsens lønn, forborget dypt i dens eget skjød....."






søndag 29. mars 2015

Inntoget i Jerusalem palmesøndag

 
            "Bryt ut i jubel, dotter Sion!
            Rop av glede, dotter Jerusalem!
            Sjå, kongen din kjem til deg,
            rettferdig og rik på siger,
            fattig er han og rid på eit esel,
            på ein eselfole. "

            (Sak 9.9)

Antifon til Benedictus palmesøndag: "La oss med palmegrener i hendene, bøye oss for Herren som kommer, la oss løpe ham i møte med hymner og sanger, lovprise ham og si: Velsignet være Herren."

tirsdag 24. mars 2015

Maria bodskapsdag

25.mars. Maria bodskapsdag eller Marimesse om våren til minne om engelens bodskap til Maria om at ho skulle føda verdas frelsar.
Her teksten i latinsk, norsk og tysk versjon. (Luk 1.46-55)
Magnificat anima mea Dominum,

et exsultavit spiritus meus in Deo salutari meo.

Quia respexit humilitatem ancillae suae.
Ecce enim ex hoc beatam me dicent omnes generationes.

Quia fecit mihi magna,
qui potens est, et sanctum nomen eius.

Et misericordia eius
a progenie in progenies timentibus eum.

Fecit potentiam in brachio suo,
dispersit superbos mente cordis sui.

Deposuit potentes de sede
et exaltavit humiles.

Esurientes implevit bonis et divites
dimisit inanes.

Suscepit Israel puerum suum,
recordatus misericordiae suae.

Sicut locutus est ad patres nostros,
Abraham et semini eius in saecula.

Meine Seele erhebt den Herrn,

und mein Geist freuet sich Gottes, meines Heilands.

Denn er hat die Niedrigkeit seiner Magd angesehen.
Siehe, von nun an werden mich selig preisen alle Kindeskinder.

Denn er hat große Dinge an mir getan,
der da mächtig ist und des Name heilig ist.

Und seine Barmherzigkeit währet immer
für und für bei denen, die ihn fürchten.

Er übet Gewalt mit seinem Arm
und zerstreut, die hoffärtig sind in ihres Herzens Sinn.

Er stößt die Gewaltigen vom Stuhl
und erhebt die Niedrigen.

Die Hungrigen füllt er mit Gütern
und lässt die Reichen leer.

Er denkt der Barmherzigkeit
und hilft seinem Diener Israel auf,

wie er geredet hat unsern Vätern,
Abraham und seinem Samen ewiglich.

Min sjel opphøyer Herren,

og min ånd fryder seg i Gud, min frelser.

For han har sett til sin tjenestekvinne i hennes fattigdom.
Og se, fra nå av skal alle slekter prise meg salig,

for store ting har han gjort mot meg,
han, den mektige; hellig er hans navn.

Fra slekt til slekt varer hans miskunn
for dem som frykter ham.

Han gjorde storverk med sin sterke arm;
han spredte dem som bar hovmodstanker i sitt hjerte.

Han støtte herskere ned fra tronen
og løftet opp de lave.

Han mettet de sultne med gode gaver,
men sendte de rike tomhendte fra seg.

Han tok seg av Israel, sin tjener,
og husket på sin miskunn

slik han lovet våre fedre,
Abraham og hans ætt, til evig tid

 
https://www.youtube.com/watch?v=5oL_qsKPeik
Lenke til J.S.Bachs Magnificat.

Nada te turbe

"Nada te turbe
nada te espante,
todo se pasa,
Dios no se muda.
La paciencia todo lo alcanza;
quien a Dios tiene
nada la falta:
Solo Dios basta."

(Lat intet uroe deg
la intet forskrekke deg.
Alt forgår,
Gud forandres ei.
Tålmodigheten oppnår alt;
den som har Gud
savner intet:
Gud alene er nok.)

(Let nothing trouble you
let nothing disturb you
all things pass away.
God never changes
patience obtains all things
the one who has God
lacks nothing
God alone suffices)



Teresa var ei gudvendt kvinne men og svært jordnær og praktisk. I bøkene sine nyttar ho bilete frå dagleglivet for å illustrera det andelege livet. Det kanskje mest kjente bilete er dei fire måtane å vatna ein hage på som ho skriv om i kapittel 11 i "Libro de la vida" -sjølvbiografien. Ho hadde nokså sikkert full oversikt over korleis vasspumper og kverner fungerte på same måte som ho kjente til korleis ein bygning skulle settast opp. Ho skriv og at pumpesystem  har ho prøvd ut mange gonger. Ein kan sjå henne for seg når ho når ho organiserar arbeidarane som byggjer vatningsanlegg eller  set opp murane til ei nytt kloster i Granada, Sevilla eller Burgos !
" For å forstå kva vi må gjera, lat oss først sjå på kva måtar vatninga kan føregå. Kor mykje arbeid det vil kosta oss, om det står i forhald til gevinsten, og kor lang tid det vil ta. Slik eg ser det kan vatninga skje på fire måtar:
Enten ved at vi hentar vatn frå ein brønn, noko som er svært slitsamt.
Eller vi nyttar oss av pumper og hevertsystem dreven av kverner, dette har eg prøvd fleire gonger (!).
Med denne metoden blir arbeidet mindre , og den opphenta vassmengda større,
Eller så kan vatninga føregå ved hjelp av ei elv eller ein bekk. Det er ei betre løysning av di vatnet trenger djupare ned i jorda slik at gartnaren ikkje treng vatna så ofte og dermed får det mindre slitsamt.
Eller så kan det skje ved at det regnar rikeleg, dermed vatnar Vår Herre sjølv hagen utan det minste slit frå vår side, og dette er utan tvil betre enn alt eg har tala om tidlegare."



 

søndag 22. mars 2015

Teresa: "Let nothing trouble you."

28.mars feirar vi 500 års jubileet for Teresa fødsel i Avila 1515. Karmelittane i England-Irland markerar det mellom anna med å gje ut ei vakker lite bok om Teresa: "Let nothing trouble you" med undertittel:"Teresa: The woman, the guide and the storyteller." (The Columba press 2015)                 
Forfattar er den irske karmelittbroder Eugene McCaffrey OCD. Boka vert innleia med ein kort biografi inkludert oversikt over alle 17 klostera Teresa grunnla, kart over Spania med alle klostera plotta inn får oss betre til å forstå kor mykje ho rakk over i si levetid. Vidare gjev McCaffrey ei summarisk oversikt over Teresas bøker og brev, til slutt skriv han om kva ho kan bety for vår tid.
"Mystic and contemplative are the terms usually associated with Teresa but she was also an immensly practical and capable woman, which makes her very much a saint for our times. She lived parallel lives: she was an astute businesswoman and negotiator, yet she explored uncharted regions of the spirit and was able to record with grace and precision the wondrous beauty of the inner castle of our soul." 
Få har vel som Teresa kombinert  "Martha og Maria " i ein person. Når ein les om henne og  les tekstane hennar, blir ein grep av ei sterk lyst til å møta henne, denne kvinna med så stor innsikt i alle livets områder og trass i sviktande helse ein enorm arbeidskapasitet. Ekstatisk mystikar og samstundes jordnær, humoristisk med stort sosialt talent ! Difor vert ho også hugsa, og vi feirar 500 års dagen hennar med stor takksemd.
Elizabeth Hamilton har skreve eit dikt "To Teresa" som på ein vakker og enkel måte set ord på akkurat dette:

"They will remember you.
They will forget the bishops and the archbishops,
the theologians and the Grand Inquisitor,
but they will remember the nun in the patched habit
who was gracious and gay
and had no use for long-faced saints.
And other coming after in other countries
and in other age will marvel,
looking back across the centuries,
at how this woman, who while still on earth,
had foretaste of the joys of heaven,
was no less human than themselves."



Eit lite kort eg fekk frå  karmelittane i England, på baksida Teresas mest kjente bøn "Nada te turbe", også kjent som  Teresas bokmerke avdi ho hadde skreve den ned på ein lapp som vart funne i breviaret etter hennar død.

Teresa 500 års jubileet


Bønn til Teresa jubileet



Gud vår Far

Vi priser deg og velsigner deg

fordi du har gitt oss nåde til å feire

femhundreårsjubileet for Teresa av Jesus` fødsel.



Herre Jesus Kristus, vår «sanne venn»,

hjelp oss å vokse i ditt vennskap

slik at vi, som Teresa, Kirkens datter,

med kjærlig og oppmersomhet for menneskehetens behov,

kan vitne om din glede i verden.



Hellige Ånd,

hjelp oss frem

slik at vi «med ren samvittighet og ydmykhet»,

rotfestet i sannheten

og stadig fornyet i frigjorthet,

kan vokse i våre indre liv

og i ubetinget søskenkjærlighet til hverandre.



Teresa av Jesus

Åndelig kirkelærer

Lær oss å be med hele vårt hjerte:

«Din jeg er, til deg jeg skaptes

hva krever du av meg?»

Amen




Teresa de Cepeda y Ahumada betre kjent som Teresa av Avila vart fødd i Avila 28.mars 1515, så om eit par dagar feirar vi 500 års jubileet !
Ho døydde i Alba de Tormes 04.oktober  1582.
I 1622 vart ho helgekåra og i 1970 fekk ho som første kvinne tittelen kyrkjelærar av pave Paul VI.