Eg les "Humans who went extinct" av biolog Clive Finlayson. Undertittelen er "Why Neandertals died out and we survived." Finlayson argumenterar for at dette kjem ned til eit spørsmål om flaks eller slumpelukke om ein vil. " We have also seen throughout this book how we owe our existence to chance. From asteroid impact to volcanic eruptions to simply being in the right place at the right time, we are here because of luck " skriv Finlayson.
Når ein les evolusjonsbiologi eller kosmologi, frå big-bang til det moderne mennesket er det akkurat denne ekstremt vesle sjansen for at alt har utvikla seg slik det har som slår ein. Vi skulle eigentleg ikkje vera her, vi har hatt ein ekstrem grad av flaks som gjer at vi sit her som ein sju milliartedel av ein art som har vist seg som den mest vellukka så langt. Finlayson skildrar korleis mennesket , homo sapiens, var ein av fleire artar som levde parallelt for 50.000-100.000 år sidan. Grunnen til at vi overlevde var ikkje primært gener og intelligens, snarare eit spørsmål om "being at the right place at the right time", her spela ikkje minst dei mange klimaforandingane ei sentral rolle. Den mest kjente arten som levde parallelt med oss var dei såkalla neandertalane, men nyleg er et også funne restar etter andre menneskeartar som levde i Sentral Asia for 30.000 - 50.000 tusen år sidan. Det har tidlegare vorte spekulerte i om vi utførte historiens første folkemord på desse andre gruppene. Eit anna sentralt spørsmål er om vi blanda oss med dei ? Det første er det ikkje sterke haldepunkt for, dei døydde sannsynlegvis ut pga. vegetasjons- og klimaforandringar. Neandertalmenneska søkte etter kvart sørover i Europa frå sine gamle jaktmarker i nord og aust, dei siste levde i Gorhams Cave på sørspissen av Gibraltar for 24 -28.000 år siden. I dette perspektivet er ikkje det så lenge sidan. Når det gjeld det andre spørsmålet vart det i 2010 publisert ein artikkel i Science der det vart rapportert om at litt Neandertal DNA vart funne i arvematerialet til moderne europearar og asiatar. Blandinga må ha skjedd tidleg sidan den vart funne over så store områder. Finlayson og andre med han oppfattar difor mennesket og neandertalar som undergrupper av homo sapiens. Ikkje så ulike likevel ?
Å lesa om alt dette er meir spennande enn kriminalromanar. Men meir viktig, det gjer meg uendeleg audmjuk og veldig imponert ! Når ein er som mest imponert stiller ein uvilkårleg spørsmålet: kva er eigentleg slumpelukke eller flaks ? Når sjansen for ei årsaksrekke er så usannsynleg at det i praksis er heilt omogleg, kvifor sit eg likevel her og skriv ? Vi får kanskje ikkje eit vitskapeleg og logisk svar, men vi kan søkja andre stadar til dømes i litteraturen. Den franske forfattaren Georges Bernanos har mykje fornuftig å koma med, i "Dialogues des Carmelites" frå 1949 skriv han ein stad: " Ce que
nous appelons hasard, c`est peut-etre la logique de Dieu." ( det vi kallar slump er kanskje Guds logikk) Nærare kjem vi ikkje ?
Åleine i vårnatta med natur forma av menneskehender, og spørsmålet om slump eller plan ligg brått ikkje i tankens logiske form men i sanseinntrykkas inngongsport til kunsten !
søndag 18. mai 2014
fredag 16. mai 2014
Så djup ei sorg
Så djup ei sorg
Fjetra og
fastnagla til augneblinken
blikket som
glir gjennom krystallklårt fjellvatn
der botnen
er like nær som fuglesongen
pilande
kjøer rømmer for sola
som med
titusen stråler bit seg fast i vassflata
eg kunne ha
drege attende dit eg kom frå
eller heller
blitt verande her ?
så lang ein
time, så ven ein dag
så kort eit
liv som ber så djup ei sorg !
torsdag 15. mai 2014
Tåre du tarv ikkje falla
"Det var lite for deg
men mykje for meg:
Eit ord då det galdt
og eit handtrykk var alt.
Tåre,
du tarv ikkje falla,
eg veit du er salt."
men mykje for meg:
Eit ord då det galdt
og eit handtrykk var alt.
Tåre,
du tarv ikkje falla,
eg veit du er salt."
Olav H.Hauges dikt "Tåre, du tarv ikkje falla" er frå samlinga "Under bergfallet " som kom i 1951.
Folkemusikk gruppa Valkyrien Allstars har sett tone til dette diktet som er eit av mine favoritt dikt:
tirsdag 13. mai 2014
24 år fylt av nåde
Thérèse
Tjuefire år
meir fylt
med nåde enn tida
Thérèse, eg
skimtar deg
gjennom
skogen av brennande lys
og i den
kvite rosa i hagen min
blikket
bøygd mot jorda
av
sommarregnet.
Thérèse frå Lisieux (av Jesusbarnet) døydde bare 24 år gammal i 1897. Som for så mange andre er ho også for meg eit ideal til inspirasjon og etterfølging. Og ikkje minst ei som trufast går i forbøn.
søndag 4. mai 2014
Eit einsretta samfunn ?
Aukande
einsretting ?
Debatten om
fastlegars reservasjonsrett når det gjelde henvisning til abort er ikke berre
eit spørsmål om samvitsfridom det er og ein del av eit større samfunnsmessig
problem, nemleg ei aukande einsretting.
Eg trur vi
vi er i ferd med å få eit samfunn med mindre og mindre plass for
meningsavikarar , kritiske røyster og personar som blir definert som sand i
maskineriet. Dette omfattar dei fleste samfunnssektorar. Eit par døme frå media
dei siste åra. Norsk Redaktørforening offentleggjorde nyleg
ei gransking som viste at halvparten av mellomleiarane i helse- , utdannings- ,
og politisektoren opplevde at
lojalitetskravet til leiinga var blitt strengare dei siste åra. Bruken av
”munnkorg ” er blitt meir utbredt.
I 2012 vart
overlege Henrik Berg ved Nordfjord sjukehus truga med oppseiing etter å ha gått
ut og kritisert Helse Førde i media. Kjersti Toppe i Sp. kommenterte dette og
karakteriserte det som ein ”fryktkultur”.
Tidlegare i
år kritisert ein sjukepleiar i kommunehelsetenesta organiseringa av
eldreomsorga i kommunen. Ho opplevde i
etterkant å bli forbigått i ei tilsetjing der ho var klart best kvalifisert.
Då ein
fastlege i Bodø gjekk ut i media og påpeikte mangel på sjukeheimsplassar i
kommunen, fekk han klar beskjed om at det uheldig at ansatte prøvde å påverka
politiske vedtak. Rådmannen sendte ein e-post til legens leiar der det blei
gjort klart at slike media oppslag måtte stoppast.
Rana kommune
har nyleg vedteke eit regelverk med følgjande formulering:
”Ytringer
som kan knyttes til arbeidsforhold i kommunen og som er egnet til å svekke
kommunens omdømme skal ikke forekomme”.
For to år
sidan vart dåverande statssekretær i HOD spurt om kva ein fastleges oppgåve er.
Svaret var at det er det som departementet til ei kvar tid vedtek.
Ei
undersøkjing publisert i Tidsskrift for Den norske legeforening viste at kvar
fjerde lege var redd for sanksjonar dersom dei kom med kritikk mot leiinga. Det
er interessant at den same undersøkjinga synte
at halvparten av legane vart
stressa av å handla mot sitt eige samvit !
Dette var
eit par døme frå helsevesenet, ein kan heilt sikkert finna tilsvarande frå
andre samfunnsområde. Det er ein klar trend mot at kritikk blir oppfatta som
illojalitet mot systemet. Systemet vil ha lojale medarbeidarar som gjer jobben
sin og elles held kjeft. Spørsmålet om reservasjonsrett er sjølvsagt ein del av
denne einsrettinga. Det er bare synd at dei fleste ser dette som ein kamp om
kvinners rettar når det er dreier seg om ein meir fundamental kamp, nemleg
retten til å ha avvikande meiningar, å kunna stå fram med kritikk, følgja sitt
samvit og ikkje la seg knebla av
systemet.
Vi feirar i
desse dagar 200 års jubileet for grunnlova som også la grunnlaget for ytringsfridom som ein
fundamental borgarrett. Kanskje er det
ein aldri så liten bismak i alle festtalene
?
torsdag 1. mai 2014
Om å lesa Richard Dawkins og bli katolikk
Richard Dawkins (f. 1941) er kanskje den mest profilert representanten for den såkalla nye ateismen.
Biolog og evolusjonsteoretiker, professor i Oxford men ei lang publikasjonsliste bak seg, både fagartiklar og populariserte bøker. Bøker som "Det egoistiske genet" og "Gud , en vrangforestilling"
(The God Delusion 2006) er utgjeve på norsk. Dawkins er aktiv til stades t i den offentlege debatten, og har etter kvart blitt ein aggressiv motstandar av alle former for religion. Hans argument held ikkje alltid den vitskapelege standar som han sjølv hevdar, og kanskje kan retorikken hans ha heilt motsatt effekt av det han hadde tenkt ?
Amerikanske Judith R.Babarsky er eit døme på det, på bloggen sin skriv ho:" Reading Richard Dawkins led to my Conversion." Judith Babarsky har akademisk bakgrunn, ho driv rådgjevingsteneste og underviser mellom anna i bioetikk. Ho har protestantisk bakgrunn men har ikkje vore religiøst aktiv. Ein dag foreslår stedattera, som er overtydd ateist at ho bør lesa Richard Dawkins "The God Delusion". Judith byrjar å lesa men får lite ut av boka, ho opplever at argumenta hans ikkje held mål, han viser lite respekt for andre sine synspunkt og hans kunnskap om personen Jesus Kristus er i beste fall mangelfull. Dawkins preikar ein form for "fundamentalist atheism".
Ho innser at ho må leita vidare for å koma til full forståing av desse spørsmåla, ikkje minst kven var Jesus Kristus? " In Reading to refute Dawkins as well as educate myself and find answers to questions, I discovered the God-man Jesus Christ." Så les ho pave Benedikts bok "Jesus fra Nazareth", "and that closes the loop."
"I choose to believe in a supernatural God and his son, The Word, Jesus. I believe in miracles. I believe that, while science has many valuable insights to offer us, it is not the final word."
Judith Babarsky tek konsekvens av sin hardt tilkjempa innsikt, og vart for eit par år sidan teke opp i Den katolske kyrkjas fulle fellesskap. Ho skriv på slutten av blogginnlegget om konversjonen at eit par år tidlegare hadde det at ho skulle bli katolikk vore ein heilt latterleg tanke.
"If anyone had told me five years earlier that i would one day become catholic, I honestly would laughed in their face and bet all my wordly possessions and then some that such a thing would never happen. Was I ever wrong! And had my stepdaughter not recommended that I read The God Delusion I might never have gone on to pursue my own honest and intellectual search for the meaning of my life. I would still be lost and wandering with only a convenient and partial faith."
Richard Dawkins under ein kampanje der han reiser rundt i Storbritannia og propaganderar for ateisme og mot all religion. Men så kan altså kampanjen hans ha stikk motsatt effekt. Judith Babarsky er heller ikkje den einaste som har funne vegen til Kyrkja etter å ha lese Richard Dawkins . Fleire andre har kome med tilsvarande vitnemål.

søndag 27. april 2014
Helgenkåringa i dag
I dag søndag 27. april, andre søndag etter påske - den såkall Miskunnssøndagen vart pave Johannes XXIII (1958-63) og pave Johannes Paul II heilagkåra. Pave Frans feira heilagkåringsmessa, pave emeritus Benedikt XVI var og til stades og koncelebrete messa. 500.000 menneske hadde samla seg på Petersplassen medan 800.000 andre følgde sermonien frå storskjermar andre stadar i Roma. Ein historisk dag der ein feira desse to som fekk så stor betydning for Kyrkja både i forige hundreår og i tida som følgde.
I preika la pave Frans vekt på Kristi liding som eit synleg teikn på Guds kjærleik.
"Pave Johannes XXIII og Johannes Paul II var ikkje redde for å sjå mot Kristi sår, å røra ved naglemerka i hendene og såret i sida. Dei var ikkje skamfulle over Kristi lekam, ikkje sjokkerte over han, over krossen hans. Dei forakta ikkje lekamen til sin brør, avdi dei såg Jesus i alle menneske som lir og kjempar."
Johannes Paul II Johannes XXII
Frå dagens helgenkåring på Petersplassen

Abonner på:
Innlegg (Atom)