søndag 18. mai 2014

Slump eller Guds logikk

Eg les "Humans who went extinct" av biolog Clive Finlayson. Undertittelen er "Why Neandertals died out and we survived." Finlayson argumenterar for at dette kjem ned til eit spørsmål om flaks eller slumpelukke om ein vil. " We have also seen throughout this book how we owe  our existence to chance. From asteroid impact to volcanic eruptions to simply being in the right place at the right time, we are here because of luck " skriv Finlayson. 
Når ein les evolusjonsbiologi eller kosmologi, frå big-bang til det moderne mennesket er det akkurat denne ekstremt vesle sjansen for at alt har utvikla seg slik det har som slår ein. Vi skulle eigentleg ikkje vera her, vi har hatt ein ekstrem grad av flaks som gjer at vi sit her som ein sju milliartedel av ein art som har vist seg som den mest vellukka så langt. Finlayson skildrar korleis mennesket , homo sapiens, var ein av fleire artar som levde parallelt for 50.000-100.000 år sidan. Grunnen til at vi overlevde var ikkje primært gener og intelligens, snarare eit spørsmål om "being at the right place at the right time", her spela ikkje minst dei mange klimaforandingane ei sentral rolle. Den mest kjente arten som levde parallelt med oss var dei såkalla neandertalane, men nyleg er et også funne restar etter andre menneskeartar som  levde i Sentral Asia for 30.000 - 50.000 tusen år sidan. Det har tidlegare vorte spekulerte i om vi utførte historiens første folkemord på desse andre gruppene. Eit anna sentralt spørsmål er om vi blanda oss med dei ? Det første er det ikkje sterke haldepunkt for, dei døydde sannsynlegvis ut pga. vegetasjons- og klimaforandringar. Neandertalmenneska  søkte etter kvart sørover i Europa frå sine gamle jaktmarker i nord og aust, dei siste levde i Gorhams Cave på sørspissen av Gibraltar for 24 -28.000 år siden. I dette perspektivet er  ikkje det så lenge sidan. Når det gjeld det andre spørsmålet vart det i 2010 publisert ein artikkel i Science der det vart rapportert om at litt Neandertal DNA vart funne i arvematerialet til moderne europearar og asiatar. Blandinga må ha skjedd tidleg sidan den vart funne over så store områder. Finlayson og andre med han oppfattar difor mennesket og neandertalar som undergrupper av homo sapiens. Ikkje så ulike likevel ?

Å lesa om alt dette er meir spennande enn kriminalromanar. Men meir viktig, det gjer meg uendeleg audmjuk og veldig imponert ! Når ein er som mest imponert stiller ein uvilkårleg spørsmålet: kva er eigentleg slumpelukke eller flaks ?  Når sjansen for ei årsaksrekke er så usannsynleg at det i praksis er heilt omogleg, kvifor sit eg likevel her og skriv ? Vi får kanskje ikkje eit vitskapeleg og logisk svar, men vi kan søkja andre stadar til dømes i litteraturen. Den franske forfattaren Georges Bernanos har mykje fornuftig å koma med, i "Dialogues des Carmelites" frå 1949 skriv han ein stad: " Ce que
nous appelons hasard, c`est peut-etre la logique de Dieu." ( det vi kallar slump er kanskje Guds logikk) Nærare kjem vi  ikkje ?



Åleine i vårnatta med natur forma av menneskehender, og spørsmålet om slump eller plan ligg brått ikkje i tankens logiske form men i sanseinntrykkas inngongsport til kunsten !


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar