torsdag 13. januar 2011

Iona

St.Columba skal ha grunnlagt eit kloster på øya Iona på Den skotske vestkysten alt på 500 tallet. Klosteret forfall etter Reformasjonen men i det siste er det igjen blitt eit pilgrimsmål og det er ein økumenisk kommunitet der. Iona står heilt sentralt i skotsk historie og religiøsitet.
Forfattaren Kenneth Steven  (f. 1968) si femte diktsamling har tittelen "Iona". Dikta er inspirert av Den skotske vestkysten generelt og Iona spesielt. Dikta  ber preg av at dette landskapet, menneska som bur der, og historia deira like frå St. Columbas tid har ei heilt spesiell betydning for forfattaren.Her er vakre barndomsskildringar, bilete av det skotske landskapet ein ikkje så seint gløymer, menneske og dyr som høyrer heime her og over det heile ein spirituelle heilskap,konkret og djup forankra i den tidlegaste skotske tradisjonen og historia. Kenneth Steven er ein populær forfattar i Skotland, han skriv lyrikk, essay, barnebøker og omset norsk litteratur.Etter å ha budd fleire år i Norge er han godt kjent med norsk kultur og språk.

I "Iona" er det eit kort dikt med same tittel. Eg opplever at det uttrykkjer noko av det sentrale i hans forfattarskap.

Iona

Is this place really nearer to God ?
Is the wall thin between our whispers
And his listening? I only know
The world grows less and less
Here what matters is conquering the wind
Coming home dryshod ,getting the fire lit.
I am not sure whether there is no time here
Or more time,whether the light is stronger
Or just easier to see. That is why
I keep returning,thirsty, to this place
That is older than my understanding,
Younger than my broken spirit.

tirsdag 11. januar 2011

St.Columba

Bøn tilskreve den irske helgenen St. Columba (521-597):

"Be thou a smooth way before me,
 Be thou a guiding star above me,
 Be thou a keen eye behind me,
      This day, for ever."


søndag 9. januar 2011

Diktet løper som en by

"Diktet løper som en by" er tittelen på Erling Kittelsens siste bok. Det er ein diktsyklus over 9 deler og 266 vers som tar oss frå Norden ut i Europa, vidare til Kaukasus, Afrika, Kairo, Mexico, vidare til Kina for til slutt å enda på forfattarens fødestad på Sørlandet. Det er ein spennande diktsyklus som  ber preg av forfattarens store innsikt så vel i mytologi og poesi frå delar av verda vi til daglig ikkje viser så stor interesse for. Erling Kittelsen er vel heller ikkje den forfattaren som har fått mest spalteplass i media, men så har han også rørt seg fjernt frå "bestselgerlitteraturen" heilt frå debuten med samlinga "Ville fugler" i 1970. Etter det har det kome ei rekke bøker, dikt, dramtikk, romanar, barnebøker og ikkje minst gjendiktingar av poesi frå mellom anna latvisk, persisk, koreansk og norrønt.Sånn sett har han vore ein vegvisar ut frå den "lokale andedammen" og ut i den rike kulturen ein kan finna også i fjerne og ukjente deler av verda.Han  hadde absolutt  fortent mange fleire lesarar enn han får.
"Diktet løper som en by" er ei lesaroppleving. Både form og innhald skifter etter som vi rører oss frå stad til stad, frå verdsdel til verdsdel. Det gjer at det blir ein spenning i poesien som heile tida driv oss framover.
Framover ja, men samstundes  med ei djup forankring i landet, byen, jorda og alle dei eldgamle mytene som lever vidare også i mange av våre dagligdagse forestillingar.

Eksempel frå det første verset:

"Da de gamle kom til landet
og de unge hadde reist
kvinnene var lukket inne
mennene var sprunget ut
i en åpen kløft sto dampen
fra en fallen meteor
barna moret seg på kanten
kvinnene var lukket inne."

Og på slutten er han tilbake i fødestaden Vennesla.

"Dro jeg til mitt fødested
alt var revet opp med rota
hus, fabrikk og hengebruer
elva gikk i andre løp
stranda uten rullesteiner
i en bakevje lå sentrum
solte sin forstand i skyggen
elva gikk i andre løp."

I mange år har Erling Kittelsen arrangert kulturelle treffe heime hos seg sjølv på "loftet" i Oslo sentrum.
Ein fredagskveld i månaden har han invitert kjente og ukjente med interesse for poesi og kultur. Vi er takknemlege for å ha kunne ha delteke ved eit par høve sist i november i fjor.

lørdag 8. januar 2011

Pustegynge

Pustegynge (Atemschaukel)
Tysk-rumenske Herta Mὔller (f. 1953) fekk Nobelprisen i litteratur i 2009. Ho vaks opp i det tyske samfunnet i Romania men flykta i 1987 frå Ceauscescus dikatur til Vest-Tyskland. Hennar siste bok ”Atemschaukel” kom på norsk i fjor med tittelen ”Pustegynge”. Den tyske tittelen er eit konstruert ord som synes nærmast umogleg å omsetja men ”pustegynge” er godt kome på av omsetjaren Kjell Olaf Jensen. Den engelske omsetjaren har ikke funne noko alternativ og nyttar den første linja i romanen som tittel:”Alt jeg har, bærer jeg med meg”.  Noko som med få ord oppsummerar hovudpersonens lagnad.      
”Pustegynge” er ei fascinerande bok som på mange måtar er ulik noko anna eg har lese kanskje bortsett fra ”Hjertedyr” som er ein av dei tre andre av Herta Mὔllers bøker som har kome i norsk omsetjing.
Romania var under andre verdskrigen eit fascistisk diktatur alliert med Nazi-Tyskland. Sommaren 1944 rykka den Raude Arme inn i landet og Romania kapitulerte. Året etter krevde Stalin at alle tysk-rumenarar mellom 17 og 45 år skulle ta del i gjenoppbygginga av Sovjet Unionen, og dermed vart alle kvinner og menn i denne aldersgruppa deportert til sovjetiske arbeidsleirar. Dei fleste slapp fri i 1950 men mange døydde under umenneskelege forhald. Ein av dei deporterte var mor til forfattaren. Opphaldet i arbeidsleiren  var eit tabu tema som aldri vart nevnt, det låg der berre som angstfylte antydningar under oppveksten hennar. I 2001 begynte hos systematisk å notera ned samtalar med tidlegare deporterte frå sin eigen landsby. Oskar Pastior vart hennar viktigste informant og ho planla å skriva boka i lag med han, men han døydde brått i 2006.
I ”Pustegynge” føl vi den 17 årige Leopold Auberg frå han vert deportert ved krigsslutt til han slepp fri i 1950, men også livet hans etter på vert på ein avgjerande måte prega av dei fem åra i arbeidsleir. Det er ein dagleg kamp for å overleva med hard arbeid, konstant svolt, isande kulde om vinteren og hete om sommaren. Det er skreve mykje om livet i arbeidsleirar og konsentrasjonsleirar tidlegare men vel ikkje med Herta Mὔllers heilt særegne språk. Det er eit konkret og realistisk språk men samstundes poetisk og symbolsk. Her er ei rekkje nykonstruerte ord som nok må ha sett omsetjaren på prøve.” Pustegynge” er eit, ”sultengel” eit anna som stadig går igjen. I det heile er skildringa av hovudpersonens vedvarande svolt noko av det som gjer sterkast inntrykk. Ein stad skriv ho om korleis han fantaserar om potetene heime etter å ha stapp i seg frose potetskrell frå søppeldynga. ”Sultengelen leter etter spor som ikke lar seg slukke, og slukker spor som ikke lar seg holde på. Potetjordene drar gjennom hjernen min, de skråttliggende parsellene mellom engene med høy i Wench, fjellpoteter hjemmefra. De første runde, bleke nypotetene, de glassblå, krumme, sammentrykte senpotetene, de knyttenevetykke, gulsøte melpotetene med lærskall, de slanke, glatthudede, senkokte, ovale rosepotetene.” Det er som ein kjenner smaken medan ein les.
”Pustegynge” er ei viktig bok både som litterært verk men og som  dokumentasjon av ein liten ukjent del av Europas historie.

Epifania

06.hanuar
Epifania, Theofania, Heilage trekongersfest, Herrens åpenbaring.

Antifon til Magnificat for dagen:
"Denne store dag skal folkene holde hellig:I dag førte stjernen de vise menn til stallen.I dag er vann blitt vin til bryllupsfesten. I dag ville Kristus la seg døpe i Jordan til vår frelse. Halleluja!"


Dei Heilage trekonger eller vismenn kom frå austerlanda. Etter legenden vart dei kristna av apostelen Thomas
I  desse dagar opplever vi at  dei kristne blir forfølgde og drept i mange av "Austerlanda".
La derfor Epifania bli ein dag der vi spesielt tenkjer på og går i forbøn for kyrkjene i Pakistan, Irak og Egypt!





tirsdag 4. januar 2011

Poetica:Laudes

                                                 Laudes


Å stå opp
langt inne i november
mørkret er vått og glinsande
byen vaknar nølande
søstrene går stille til laudes
”Herre løys mi tunge
så min munn kan forkynna
din pris.”
rommet fyllest heilt
av levande røyster
orda breier seg utover
lik ringar i stille vatn
prøver å finna gliper i natta
små sprekker inn til dagen
der dei kan pressa seg igjennom
leva vidare  langs gatene
i trappene, rundt husa
over rundkjøringane
legga seg over uroen
eit vernande dekke
bremsar hastverket
dempar forvirringa
saboterar travelheten
løyser lengtinga.
Byen er vaken no
hastige og målretta skritt
men ein stad er det nokon
som stoppar opp
stryk tåra frå kinnet
ein stad er det nokon
som løftar lykta i skumringa
ein stad er det nokon
som støttar foten over glatte steinar.




Inspirert av Karmelitt nonnene i Tromsø, skreve i februar 2010, publisert i Vårt Land  hausten 2010

lørdag 1. januar 2011

Om guder og mennesker

Godt nytt år !

"Eg har sagt: De er gudar, søner åt den høgste er de alle. Men som menneske skal de døy, som ein av fyrstane skal de falla." (Salme 82)

"Des Hommes et des Dieux"(Om Guder og Mennesker)


Den franske filmen "Om guder og mennesker" av Xavier Beauvois gjer eit sterkt inntrykk både som eit filmatisk mesterverk og avdi historia i seg sjølv er så engasjerande.Den er basert på ei verkeleg hending.I 1996 blir sju trappist munkar frå klosteret Monastere de Tibhirine i Atlas fjella i Algerie drepne av islamistiske terroristar. Klosteret vart etablert i 1938 og munkane hadde levd i fredeleg sameksistens og i djup respekt for sine muslimske naboar i landsbyen like ved. Dei bidrog både med praktisk og medisinsk hjelp, noko som også kjem fram i filmen på ein fin måte.Situasjonen i Algerie på nittitallet er svært vanskeleg, det er borgarkrigsliknande tilstandar på bakgrunn av aukande islamistisk terrorisme. Munkane opplever å bli truga på livet og blir sett under sterkt press for å dra tilbake til Frankrike. Dei opplever eit svært vanskeleg dilemma, skal dei bli trugne mot sitt kall og bli verande i klosteret og dermed risikera martyrdøden eller skal dei flykta og dermed redda livet men kankje oppleva at dei svik kallet og gjev etter for vondsskapens krefter. Filmen klarer å uttrykkja dette dilemmaet på ein måte som gjer at vi kan ana litt av den indre kampen melom tvil og von som går føre seg i kvar enkelt av munkane og i den felles diskusjonen før dei  avgjer at dei skal bli verande uansett kva som skjer. Trua sigrar over tvilen, vona over vonløysa. Munkane blir drepne av muslimske ekstremistar, men dette er ikkje ein film og konfrontasjon mellom kristendom og islam.Tvertimot gjev munkanes relasjon til lokalbefolkninga eit bilete av fredeleg sameksistens og gjensidig respekt mellom kristne og muslimar. Tankane går då og til ein annan fransk munk,
http://www.ignatiusinsight.com/features2005/vs_cdefoucauld_nov05.asp,                                         Charles de Foucauld som og slo seg ned blant den muslimske lokalbefolkninga i Algerie og der møtte martyrdøden på byrjinga av nitten hundretalet. Både han og trappist munkane frå Tibhirine kan stå som eksempel på at det går an å ha respekt og kjærleik også til dei som har eit anna religiøst syn eller eit anna livssyn utan dermed å gå på akkord med si eiga overtyding.
Je te demand en ce jour
le grace de devenir serviteur
et de donner ma vie ici
en rancon pour la paix
en rancon pour la vie
Jesus attire moi en ta
joie d`amour crucifie.

Fr. Christoph Lebreton