Eg vender igjen tilbake til nobelprisvnnaren Patrick Modiano og romanen Souvenirs dormantes, eller Sleep of Memory som er tittelen på mi engelske utgåve. Romanen kom ut i 2017 og som i hans føregåande romanar føregår handlinga i og rundt Paris. Modiano er til dei grader "Paris-forfattar"! Tematikken er mykje det same som før , men ikkje mindre fascinerande for det : minne og erindring, sant og usant, røyndom og fantasi. Minna forandrar seg, og ein spør seg er dette noko sjølvopplevd eller er det noko eg leste , vart fortald eller såg på film ein eller annan gong. Paris på 1960 talet, personar som dukkar opp og er tildtades ei kort stund for så å forsvinna,og kanskje kortvarig dukka opp igjen mange år seinare. For slik er livet Slik og med hovudpersonen i denne romanen som ofte synest å vera i ein draumeaktig tilstand, " cut off from the world" , " it felt as if we were the only inhabitants of Montmartre ". Han er kjenslevar for stadar og stemningar, "I have always been sensitive to what they call "the spirit of the place". Dei valg vi alle står overfor og så vel vi ein av mange vegar, kva med alle alternative, dei som rører seg nær oss og som vi kanskje kan ana gjennom ein tynn vegg slik ein annan stor forfattar uttrykkjer det. " Thousands and thousands of paths that you didn`t take at various crossroads in your life, because you thought there was but a single one". Det er heller ikkje lett å få oversikten, for minna foandrar seg, kva veg var det vi tok den gongen og kva var alterantiva ? Boka sluttar med følgjande setning:
" But was it really the right way ? In our memories blend images of roads that we have taken, and we can`t recall what regions they cross."
Vakne minne frå Paris ? Utsikt mot Montmartre frå Musee d`Òrsay:
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar