lørdag 12. februar 2022

Eit nytt namn

 På slutten av fjoråret kom siste band i Jon Fosses Septologi  med dei to siste delane av dette verket som har fått strålande kritikkar frå mange hald. Eg kan berre slutta meg til dei!

I  dei føregåande delane har vi følgd biletkunstnaren Asle ei vekes tid før jul, men stadige tilbakeblikk på tidlegare hendingar i livet hans. Fosse nyttar ikke punktum i desse bøkene, notid og fortid glir umerkeleg over i kvarandre, det same gjer perspektivet  i og med at han skiftar mellom først person og tredje person. I notida  bur Asle åleine i eit hus ved "Sygnesjøen", kona Ales er død for ei tid sidan og han har ikkje kontakt med så mange andre enn naboen Åsleik som han et pinnekjøt med like før jul, og som han på slutte av boka  skal feira jul med hos systera til Åsleik Guro. Gjennom verken får vi stadige tilbakeblikk på Asles fortid, oppveksten i ei lita bygd på Vestlandet, korleis kallet til biletkunsten veks fram i han, gymnastida, den første utstillinga og tida på Kunstakademiet i Bjørgvin. Kort tid etter at han kjem til Bjørgvin møter han bergensjenta Ales som han vert kjæraste med og som han etterkvart gifter seg med. Eit viktig poeng her er at ho  kjem frå ein katolsk familie, er praktiserande katolikk og introduserar Asle for katolisismen. Etterkvart vel han også å verta teken opp i Den katolske kyrkja. Det er ei vakker skildring av når Ales tek Asle med til St. Paul kyrkje for første gong:

"... og han seier at dei ein gong må gå til ei messe, og Ales seier at  det skal dei, men noe r det ikkje noka messe i Sankt Paul kyrkje, likevel vil ho gjerne at dei  skal gå inn i kyrkja, for kyrkja er alltid open seier ho og dei går opp trappa til Sankt Paul kyrkje og Ales slepper handa til Asle  og ho opnar døra til kyrkja og Asle går inn og det er ganske mørkt i kyrkja og bakarst, i det venstre hjørnet under ein statue statue av Maria møy med Jesusbarnet på armen står fleire små lys og brenn og fremst i kyrkja brenn eit lite raudt lys, bak altaret, over eit skåp der............ og så kneler Ales og så reiser ho seg og så står ho og ser mot det raude lyset der framme over altaret  Det er noko der, seier ho "

Vakrare kan ikkje det første møtet med den tilstadeverande Kristus i altarets sakrament skildrast. Før dei går ut gjer også Asle krossteiknet, " men han er litt usikker på om han gjer det rett og likevel  så merkar han krafta  krossteiknet fyller  han med  og så tek Ales han i handa  og så går dei ut og Ales let att  døra etter dei"

Fosse introduserar og ein biperson  som  heiter Asle og som og er kunstnar, men i motsetnad til den første Asle som er tørrlagt alkoholikar, drikk han framleis  og på slutten av boka døyr han på sjukehuset. Er han ei reell person eller berre eit bilete på kor ulikt livslagnaden kan arta seg ?  Asle overtek hunden hans Brage, og det er nok til stor trøyst for han i einsemda etter Ales død. Ho er borte men likevel kjenner han på hennar nærver. Asle  vender stadig tilbake til dei store spørsmål i livet og i kunsten! Han er kunstnar av heile si sjel, stadig dukkar det opp indre bilete som han må uttrykkja, og han får det til, han får gode kritikkar og bilete hans blir fort omsett når han held utstillingar. Kanskje ein parallell til forfattaren, hans alter ego ? Men kunsten blir noko meir, kunsten blir ei slags bøn, noko Fosse og har peika på i intervju. Asle er ikke teologisk og filosofisk skolert men dei store spørsmåla om Gud som samstunde fjern og nær  opptek han. Her merkar vi påverknaden av den store Mellomalder-mystikaren Mester Eckhart.

"...Brage ligg i fanget mitt og eg tenkjer at Gud er så fjern at ein ikkje kan seia noko om han og difor er alle førestillingar ein gjer seg om Gud feil, samstundes er han så nær at vi heller nesten ikkje kan merka han, for han er det i mennesket som er sjølve grunnen.."

Kanskje kan  Gud berre skildrast i paradoks, som "det lysande mørker" ? Asle kjem ikkje vidare i dei  religiosnfilosofiske funderingane , han blir berre trøtt og tenkjer at no må han gje seg med denne tenkinga si ! Då er det godt å kunna ta si tilflukt til dei faste munnlege bønene slik som Rosenkransen!

"....og eg tek fram rosenkransen eg støtt har hengande rundt halsen, den eg i si tid fekk av Ales, han er brun med perler og kross i tre, og no skal eg be rosenkransen min slik eg ofte gjer, om ikkje av annan grunn  for at han gjev meg ro, gjev meg fred, tenkjer eg og eg bed alltid med attletne augo, og stilt inni meg..."

Asle får ein indre ro når han bed rosenkransen, men det gjev og ei slags ro å lesa desse bøkene, denne jamne straumen av tankar og hendingar som det ,iallfall for meg, er så lett å kjenna seg att i!



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar