lørdag 5. februar 2022

Medjugorje - Mirakel eller humbug ?

 

Medjugorje – mirakel eller humbug ?

I ein større artikkel i Vårt Land blir Maria-openberringane i Medjugorje i Bosnia problematisert med bakgrunn i ei nyleg utgjeve bok av den italienske journalisten  David Murgia. Ein nyttar sterke ord som « splittende for Vatikanet» og « en skandale utan sidestykke om Medjugorje-fenomenet viste seg å være falskt». Det siste er eit merkeleg utsagn i lys av overgrepsskandalane!  Murgia hevdar at Vatikanet held sanninga løynd og ser fenomenet som splittande. Alt i 1991, ti år etter dei første openberringane, kom den såkalla Zadar-erklæringa frå biskopane i det dåverande Jugoslavia, den konkluderte med at « det kan ikkje stadfestast at det handlar om overnaturlege  visjonar og openberringar.» Dette i motsetnad til utsagnet , « det er stadfesta at det ikkje er overnaturlege hendingar»(latin:  non constat supernaturalitate  vs. constat de non s.). Det er vanskeleg å sjå at Kyrkja vil uttala seg meir bastant i dag ?

Kyrkja lærer at Gud  har openberra seg ein gong for alle gjennom Jesus Kristus, med Johannes av Korsets ord: « Ved å gi oss sin Sønn , som er hans Ord, har han ikke flere ord å komme med. Alt har han sagt oss en gang for alle i dette ene Ord.» Likevel har Kyrkja sett sitt godkjennings-stempel på eit fåtall seinare openberringar, langt dei fleste er avvist som naturlege fenomen eller rein humbug. Kyrkja har lang erfaring i å granska overnaturlege fenomen gjennom den svært omfattande  prosessen som leiar fram til ei helgenkåring. Eit titalls openberringar er formelt godkjent, dei fleste Maria-openberringar som Guadalupe, Lourdes og Fatima. Ingen blir erklært som helgen i levande live, openberringar blir heller ikkje godkjent før langt i ettertid når dei har opphøyrt. Eit viktig prinsipp er som ein kroatiske biskop uttrykkjer det: «Dersom det kjem frå Gud vil det vara, dersom det er menneskeskapt vil det heilt enkelt opphøyra.»  Kyrkja krev heller ikkje at vi skal tru på post-apostoliske openberringar, men dei kan  vera nyttige for å styrka trua hos den enkelte.

At Medjugorje er kontroversielt er innlysande for alle som kjenner litt til historia på Balkan. Heile regionen ber på eit komplekst og brutalt historisk bakteppe. Eit viktig poeng er som det vert påpeika i artikkelen konflikten mellom biskopane og dei fransiskanske munkane som vart verande i Bosnia under  det ottomanske styret. Dei stod saman med dei truande både under muslimsk og kommunistisk undertrykkjing, og var langt meir positive til dei unge visjonære enn det kyrkjelege hierarkiet.

Det vert hevda at bodskapen frå Medjugorje fjernar seg frå Kyrkjas lære og ikkje stemmer med openberringane i Lourdes og Fatima.  Joseph Ratzinger (pave Benedikt) set eit grunnleggjande kriterium for at ein visjon eller openberring skal reknast som sannferdig, nemleg at den peikar mot Kristus. « Dersom den leiar oss vekk frå Han, dersom den blir uavhengig av Han eller til og med framstiller seg som ein annan og betre  frelsesveg, viktigare enn Evangeliet, då kjem den sikkert ikkje frå Den heilage Ande som leiar oss djupare inn i Evangeliet, ikkje vekk frå det.» Dei seks visjonære frå Medjugorje har nok uttrykksformer og formuleringar som kan verka merkelege, ikkje minst at det stadig vert publisert nye bodskap, men bryt dei dermed med det Ratzinger påpeikar ? Som  teologisk uskolert praktiserande katolikk, rett nok meir Maria sentrert enn dei fleste, klarer eg ikkje heilt å sjå det. Kjernebodskapen er eit kall til omvending og frelse, og for å oppnå det har vi fem klassiske middel: bøn, faste, bibellesning, skriftemål og deltaking i messa. Ikkje minst bøn, kvar av tenåringane fekk eit  forbønstema av Maria som dei har halde fast ved.

Eg kan ikkje påropa meg store andelege opplevingar i møte med Medjugorje, men då eg gjekk opp på fjellet der Maria synte seg hadde eg ei kjensle av at det heilage var nær, eg rørte meg på « a thin place» som dei gamle keltarane uttrykte det. Om dette var «reelt eller innbilling» var ikkje ei problemstilling, langt viktigare var det at eg var ein av mange millionar andre som kvart år søkjer til Maria-heilagdomar. Mellom desse er det utan tvil mange gonger fleire fromme kvinner enn «konservative machomenn». Kvinner har alltid vore i fleirtal der Maria vert æra, ofte fattige, uskolerte kvinner frå landsbygda i Den tredje verda. Det er grovt urettferdig å dra deira vurderingsevne i tvil.

Kvifor æra Maria ? Kort sagt fordi ho er så intimt knytta til det største kristne mysteriet, inkarnasjonen, at Gud vart menneske, noko som krevde hennar samtykke. Og fordi ho held fram med å gjera det ho gjorde i bryllaupet i Kana, ho peikar på Sonen og går til Han med det vi ber om.

Medjugorje er utan tvil kontroversielt, men det kan vanskeleg tenkjast at Vatikanet kjem med ei erklæring som bryt med tidlegare erklæringar og dermed overprøver den andelege fornyinga 30 millionar pilegrimar har opplevd i Medjugorje! «På fruktene skal de kjenna dei» (Matt 7,16)

 (sendt til Vårt Land som kommentar til artikkel om Medjugorje , men ikkje trykt)

,

 



 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar