Nyttår, inngangen til 2022. Januar som han navnet etter den romerske guden Janus, som var gud for alle byrjing. Janus kjem av det latinske ordet for dør, døra inn til det ny og ubrukte året. La oss be om at det verte bedre enn sist år !
Dei første dagane i januar er også viktige religiøst sett. 1. januar er ei høgtidsdag for "Guds heilage Mor Maria." Ikkje så unaturleg at vi i juletida med fokus på inkarnasjonen feirar og ærar henne som gav sitt ja til engelen ni månadar tidlegare.
Antifoner for dagen:
" Å, underfulle bytte! Skaperen ble menneske, født av en jomfru, for å gi oss del i sin guddom."
""Så høyt elsket Gud oss at han sendte sin Sønn, født av en kvinne, født under loven. Halleluja, Halleluja!"
"En kvist er runnen av Jesse fot, en stjerne gått opp av Jakob:Jomfruen har født vår Frelser. Vi lovsynger deg. vår Gud."
Dagen i dag , andre januar er minnedagen for dei kappadokiske fedre. Basilios den store, hans ven Gregor av Nazianz, dessutan Basilios bror Gregor av Nyssa. Dei levde alle på 300 talet og var viktige teologar ikkje minst Basilios. Hans bidrag til læra om Treeiniga var viktig i samband med oppgjeret med den arianistiske vranglæra. Det var også ein fjerde person, søster til Basilios og Gregor, Den heilage Macrina.
Frå Gregor av Nyssas gravtale over venen Basilios:
"Noen bærer navnet etter sin far eller sin hjemby, etter sitt interessefelt eller sin yrkesaktivitet, men for oss var det viktigste og det største å være og å kalles kristne."
Og så for det tredje, det er dagen då den heilage Thérèse frå Liseux vart fødd for 148 år sidan som den yngste av ni søsken. Alencon, andre januar 1873, ho vart døypt to dagar seinare i Notre Dame kyrkja i heimbyen, og fekk navnet Marie-Francoise-Thérèse . Etter at mora Zelie døydde i 1877 flytte familien til Lisieux og difor kjenner vi henne som Thérèse frå Liseux, klosterenavnet var Thérèse av Jesusbarnet og det heilage Andletet. Eg har skreve om henne mange gonger før og har nyleg skreve ein artikkel om kor viktig ho var for Edith Piaf. Før kvar konsert ba Edith ho: "Thérèse , Je chant pour Toi" - Thérèse - eg syng for deg ! ( meir om det seinare)
" Ved dette livets aften vil jeg tre frem for deg med tomme hender, for jeg vil ikke be deg Herre om å telle mine gjerninger. Alle våre rettferdige gjerninger er ufullkomne |i dine øyne. Jeg vil derfor ikle meg din egen rettferdighet og av din kjærlighet få motta det å ei deg i all evighet"
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar