lørdag 29. januar 2022

Minnedagen for Holocaust

27. januar feirar vi minnedagen for Holocaust. Det er dagen Den raude arme nådde Auschwitz og sette dei gjenlevande fangane fri. Det er og åtti år sidan Wannsee konferansen der ein planla og organiserte det industrielle folkemordet på ein måte ingen tidlegare hadde sett. Det er vanskeleg å forstå sjølv når ein går gjennom utrydingsleirane Auschwitz-Birkenau. Statistikk med seks millionar døde, kan ein ikkje ta inn over seg, det blir så mykje sterkare når ein fokuserar på einskild-lagnader som bilete av  tvillingane under!Auschwitz Memorial legg fleire gonger i veka ut  små minne om Holocaust offer på Twitter. Vi får bilete, navn, fødselsdato og sannsynleg dødsdato i konstrasjonsleiren. Det gjer inntrykk, det svir i sjela, og det skal det, ikkje minst når det dreier seg om barn og heilt unge personar. Dei er kanskje på alder med mine foreldre, og skulle i dag ha vore besteforeldre og oldeforeldre! Livet og framtida vart rana frå dei av naziregimet på ein så brutal og meiningslaus måte.

Etter Auschtwitz kan ein ikkje lenger skriva poesi har det vorte hevda. Likevel blir det skreve av store poetar som Nelly Sachs og Paul Celan. Det blir og skreve sjølvbiografiar og analaysar som Primo Levis "Hvis dette er et menneske"! Paul Celan (1920-70) overlevde krigen, han pressa språket mot si yttergrense for å skildra det som ikkje kan skildrast. Til sist vart det for tungt å bera, kanskje vart det og det for Primo Levi?

Sanden fra urnene

Glemselens hus er muggrønt.
Framfor de hvinende portene blåner din halshogde spellemann
Han trommer for deg på trommen av mose og bittert skamhår;
med verketå maler han ditt øyebryn i sanden.
Lengre enn brynet var tegner han den, rødfargen på dine lepper.
Du fyller opp urnene her og bespiser ditt hjerte.

(Paul Celan omsett av Øyvind Bergh)

Formørkelse

Stillhetens urner er tomme.

Greiner tettes
av den svarte 
lummerheten fra språkløse sanger.

Timenes pæler
famler stumpt mot en fremmed tid.

En vinge slår.

I uglehjertene
stevner døden.
Sviket stuper inn i dine øyne-

Skyggen min strir med ditt skrik-

Etter denne natta ryker det østfra.....
Kun døden
gnistrer.

(omsett av Øyvind Bergh)





Det er nyleg produsert ein fjernsynsdokumentar  av Elsa Kvamme: "Ingen hverdag mer".

Den handlar om lyrikaren Gunvor Hofmo og hennar veninne jødiske Ruth Maier som i november 1942 vart sendt med fangeskipet Donau til ein sikker død i Auschwitz. Dette kom til å prega heile Gunvor Hofmos dikting og livsløp.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar