torsdag 23. desember 2021

Velsigna julefeiring

 Adventstida i forventning om det som skal koma. Tekstane i tidebønene for Advent understrekar dette. Det bryt med det som pregar samtidskulturen elllers, jula byrjar i november ein gong og er slutt i romjula. Kvar vert det då av forventninga ?

Sentrale tekstar er frå Jesaja:

"Det folket som går i mørkret , ser eit stort lys. Over dei som bur i dødsskuggens land land, strålar lyset fram." (Jes 9.2)

"Ein kvist skal skyta opp frå Isais stubbe, eit skot skal spira fram frå hans røter. Herrens ande skal kvila over han, ein Ande med visdom og forstand, ein Ande med råd og styrke, ein Ande som gjev kunnskap og frykt for Herren." (Jes11.1-2)

Og så frå Paulus brev:

"Dessutan veit det kor langt det lid: Timen er komen då de må vakna opp av søvnen, for frelsa er oss nærare no enn då vi kom til trua. Natta lid, og det stundar mot dag. Lat  oss difor leggja bort dei gjerningane som høyrer mørkret til, og kle oss i den rustning som høyrer lyset til." (Rom 13, 11-12)

Bernhard av Clervaux vakre tekst om heile verda som ventar på Marias svar. Han knyter skapinga  saman med den frelsa som skal koma. "Vi er alle blitt skapte ved Guds evige Ord, men likevel går vi døden i møte. Ved et lite ord fra deg kan vi skapes på ny og kalles tilbake til livet."

Forventninga blir strekt mot bristepunktet: " Skynd deg, Jomfru, kom med ditt svar ! Svar engelen fort, eller snarere: svar Herren ved engelens mellomkomst! Svar med et ord og ta imot Ordet; si ditt menneskeord og unnfang Guds Ord; uttal et flyktig ord og ta imot det evige ord i din favn."

Og til slutt det avgjerande svaret: " Stå opp, løp bort til døren, lukk opp. Reis deg ved troen, løp i lydighet, lukk opp ved din bekjennelse. Og Maria sa:" Se jeg er Herrens tjenerinne, det skje meg etter ditt ord."




Adventskrans og julekrybbe ute og inne i St.Ansgar

O-antifon til dagens vesper 23. desember:

"O Emmanuel. Å, Emmanuel, du vår konge og vår lovgiver, du frelser som folket lengter etter ! Kom og forløs oss, Herre vår Gud.

Kom , Herre, frels oss!"


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar