onsdag 12. januar 2022

Manhatten

 Manhatten, kanskje har vi alle ein relasjon til denne ikoniske bydelen i den byen kanskje flest menneske i verda  har høyrt om.- New York. Vi har vore der eit par gonger, men det brjar å bli lenge sidan sist, nærare bestemt i 2010. Det fristar med ein ny tur når pandemien er over ?

Interessa blussa opp igjen av fleire grunnar. Sist helg fann vi fram ein gammal DVD med Woody Allens romantiske komedie "Manhatten" frå 1979, innspelt i svart-kvitt i denne bydelen som så mange  har eit bilete av . Filmen fekk i si tid svært gode kritikkar og vart nominert til to Oscar prisar for kvinnelege birolle (Mariel Hemingway) og manus. Woody Allen spelar sjølv hovudrolla som i  mange av hans filmar, dessutan møter vi karakterar spelt av Diana Keaton, Michael Murphy, Meryl Streep og den unge Mariel Hemingway som hovudpersonens 17 årige kjæraste. Hovudpersonane er ei gruppe kvasi intelektuell personar på leiting etter meining i livet, ikkje minst kjærleikslivet.Det  går ikkje alltid som dei har tenkt. Det er humoristisk og fornøyeleg med ein bakgrunn av Mahanttens gater og ikkje minst George Gershwins musikk. Muiskk kjent frå mellom anna Rhapsody in Blue.

Og så for det andre les eg Håvard Rems reportasje serie i Dag og Tid om New York, byen og artistar som fekk sitt gjennombrot der, Billie Holiday, Bob Dylan og no sist Leonard Cohen. Poeten frå Montreal som kom til NewYork på sekstitalet  og vart oppdaga av John Hammond. Han hadde gjeve ut diktsamlingar tidlegare, men så i 1967 kom debutalbumet "Songs of Leonard Cohen" som vart ein stor suksess, kanskje uventa i ei tid der det politiske stod i sentrum, Cohen var låmælt, melankolsk  og stort sett ikkje-politisk. Han skriv  om New York , det vinterlege og kalde New York som i "Famous blue Raincoat":

Det er fire om morgonen

seint i desember

Eg skriv for å spørja deg

om det går betre


Det er kulde i New York

men eg likar å bu her

På Clinton Street høyrest

musikk heile kvelden.

Manhatten er ei øye, no knytt saman med resten abyen med mange bruer. Opphavelege var område prega av mange haugar, og navnet Manhatten blir tolka som ei skildring av dette landskapet. Haugane forsvann etter kvart til fordel for dei mange bygningane og dei 1,6 millionar menneska som bur der no. Men i Central Park, byens grøne lunge, finn ein enno restar av dette opprinnelege landskapet.

Kanskje var Leonard Cohen ikkje klårt politisk i sine tekstar, men av og til blir dei det, og av og til blir dei profetsiske som i "First We Take Manhatten" men den kjende linja:"Fyrst tek vi Manhatten, så tek vi Berlin."  Songen handlar om ein ung mann som vert radikalisert og endar som terrorist. Jennifer Warnes knyter teksten til ei terrorhandling i Berlin i 1986, men i september 2001 får songen på tragisk vis ei ny meining i og med  terroråtaket på Tvillingtårna 11. september det året. Denne hendinga som vi alle ser for oss og som fekk så katastrofale følgjer for så mange!

Så for det tredje, det katolske New York representert ved byens katolske katedral og erkebiskopen Kardinal Timothy Dolans.Hans fine preiker, humoristiske og folkelege vesen, hans små videosnuttar der han tek for seg liturgien, kyrkjeromet, kyrkjeåret og ein rundtur til folk og bygningar i det katolske New York. The Cathedral of Saint Patrick ligg på 460 Madison Avenue, ikkje så langt frå Central Park, Times Square og Rockefeller Center. Katedralen vart bygd på midten av 1800 talet etter initativ av byens første erkebiskop John Hughes. Katedralen vart opna i 1879, men bygd på etter det, mellom anna kapellet til Jomfru Maria som kom etter hundreårsskiftet. Katedralen er i klassisk gotisk stil og liknar på dei store europeiske katedralane, men omgjevnadane er så ulike der vi  finn katedralen klemt inne mellom Manhattens skyskraparar. Her er alter for ulike helgenar, sjølvsagt  Jomfru Maria, Josef og St. Patrick som katedralen er vigd til. Kanskje mest interessant  er "The shrine of Elisabeth Seton, the first Americab born saint."  Ho levde frå 1774 til 1821 og vart kanonisert i 1975. Ho var  grunnleggaren av  nonneordenen Sisters of Charity.

Eg var til messe der ein søndag ein søndag for omlag ti år sidan. Erkebiskop kardinal Timothy Dolan feira messa . Det var noko med stemninga der som gjorde sterkt inntrykk på meg. Kardinal Dolan var tydeligvis ein populær mann, det var mange som ville helsa på han under utgangsprosesjonen! Han er ein folkeleg og uhøgtidelege leiar for kyrkja i New York, eg ser han for meg for eit par dagar sidan saman med "fire-fighters" utanfor denne brannråka høgblokka i Bronx.

Dei siste åra har  ein kunna følgja St. Patricks daglege messer på Facebook eller Youtube, og dessutan kardinalens mange korte preiker og foredrag som er informative og "to the point".

Timothy Dolan    Intervju om Julefeiringa



 Små minne frå mi vitjing i "The Cathedral of Saint Patrick"



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar