fredag 28. januar 2022

Tarjei Vesaas

 Forfattaren Tarjei Vesaas (1897-1970) er kanskje ikkje mellom dei meste leste i dag. Men han er  utan tvil ein av dei store i norsk 1900 talls litteratur ,ein stor og variert produksjon hadde han bak seg. Fleire av bøkene hans er klassikarar slik som Fuglane, Brannen og Is-slottet. Brannen er nyleg satt opp i sceneversjon på Nasjonalteateret så han er på ingen måte gløymd. Som hos så mange store forfattarar var hans rotfesta i det lokale og heimlege, men skreiv likevel litteratur med universell problematikk. Vesaas var også ein kjenslevar og djuptloddande lyrikar. Han skreiv både i klassisk og modernistisk form, ofte naturskildrande og symbolsk, men  dei store spørsmåla i menneskelivet låg heile tida under. Med få ord kunne han få fram ei stemning eller skilding av eit livshending eller eit heilt liv som i det kjente "Innbyding".

Innbying

Vil du gje meg handa ved månens skin,

lauv du er -

Under open himmel. Over open avgrunn.


Som lauv

er du og eg.

Fort skjelvande,

og fort borte.

Kom-


Så enkelt kan det seiast, vi må leva her og no - kom!

Eit anna kjent dikt er "Vise" i den første samlinga "Kjeldene" , det skildrar eit heilt livslaup i få vers.

Vise

Vi stod ei natt om våren

framfor eit ore-tre.

Der skar vi inn med kniven

tvo namn i raude ved.


Og seint om  sommarkvelden,

i sæterstoga sval,

vi skreiv med kol på veggen

tvo namn og årsens tal


Når isen la om hausten

på logne Venetjønn,

Vi skreiv tvo namn derutpå

med kalde skeisejønn.


Om vintren kom i lunden

ein stein av mørke grjot.

Eit einsleg namn er hoggi der

og lyser Gud imot.


Fleire av dikta skildrar døden som dette meir ukjente som ikkje kom med i den første diktsamlinga, men  vart publisert i Dagbladet 1945.

Mannen i haugen

Stål skurar gjennom leiret

i denne stive gravferdstund.

Dei høge bratte trea

står lyer i sin lund.


Og så blir allting stille,

og folk går frå,og ein ligg att.

No er han sett i haugen

den lange, lange natt.


Men han er ven med natta.

Med alt. Han gruver ikkje meir.

Dei andre, oppå graset,

går heimatt tyngd av leir.


Døden skal ein ikkje frykta, det er likevel noko mørkt og resignert over dette. Vi har lyst å gjera opprør mot "den lange, lange natt" slik som Dylan Thomas :

Do not go gentle into that good night.

Old age should burn and rave at close of day

Rage, rage against the dying of the light.


Men noko når utover døden som i "Ein stille arm".

Mors stille arm

når langt utover

gravkammeret i Vinje.

I sol,

toreslag

og frost.





Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar