lørdag 11. desember 2021

Ute, langt der ute

 "Ute, langt der ute" er ei samling dikt av Edvard Hoem henta frå heile hans forfattarskap frå 1967 og fram til i dag. Edvard Hoem er ein svært produktiv forfattar som har markerte seg innan dei fleste litterære sjangrar, og etterkvart har vorte ein av våre mest populære  og leste forfattarar. Han er kanskje ikkje så godt kjent som poet og salmediktar, denne samlinga viser også denne sida ved hans forfattarskap. Dikta er prega av to motsatte rørsler, som Unn Falkeid peikar på i etterordet, lengtinga utover, langt der ute og dragninga heimeover, mot heimstaden og barndomslandet. Hoems poesi er sanselege og inderlege, og det er musikk i versa. Fleire av dikta og salmane er og tonesette. Salmen " Den fattige Gud"  er mykje  nytta.

To av dikta er nær knytta til venen og kollegaen Kolbjørn Falkeid som døydde i sommar. Det eine er eit minnedikt framført ved den store poetens båre 2. juli i år, "Livet og døden flettar seg saman". Det sluttar med verset: " Eg ser Kolbjørn Falkeid trø/ med høgtid og sjenanse/over den siste grensa/Der står han og speidar etter dottera Helga/med sitt uutgrunnelege smil."  Det leiar naturleg  til det  andre diktet  som handlar om denne Helga som døydde så tragisk og altfor tidleg. Eit vakkert dikt som venen nok sette stor pris på og som hang ved senga hans i alle år.

Her er mange dikt som kan nemnast men eg merka meg eit " Tenk om det finst ein anna veg"  som handlar om  å bryta opp og vera på veg, og om dei som følgjer etter  oss. Kanskje det passar no adventstida?

Alt skulle rettast på

og noko av det fekk vi gjort.

Meir er blitt omsnudd

enn det vi hadde tenkt, og likevel,

når vi skal snakke sant ved milepælen:

Fram kom vi ikkje.


Det er langt igjen, det er altfor langt igjen.

Snart er tida komen for å bryta opp

for å ta fatt på siste delen av reisa

som ingen veit kvar endar.

Vi kulle gjerne ha vore her lenger,

men kvelden kallar, og vi reiser oss.

Vi må innsjå

at vi  skal etterlata rommet, kvelden, stunda

til dei som snart skal koma, til dei som er på veg.


Det er ein annan flokk som i morgon kveld

skal bryta opp for å gi seg på veg

til nye land og tider.

Vi veit dei kjem rett bak oss, vi har høyrt om dei.

Dei er et folkeslag som liknar oss.

Dei ler og ståkar slik vi ein gong gjorde.


Men kanskje har dei ikkje tenkt å bli som oss.

Dei skal sjå det nye annleis.

Berre innimellom vil dei lytte til vår avskilssong,

det er ein rest vinden ber på.

Tenk om det finst eit møtepunkt der framme

der dei ser same landskap som vi no kan sjå 



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar