lørdag 25. juli 2020

Det døde barnet

Går det an å kjenna sorg om nokon som døydde lenge før ein sjølv vart fødd ?  Eg skreiv nyleg om min onkel Alf Roald og sølvbestikket med fødselsdagen hans på . Han døydde 19. juli 1902 mindre enn eit år gammal. Kanskje ikkje sorg men ein slags melankoli, eit vemod over livet som er så kort, over alt det og alle dei som er borte og aldri kjem att.
Vi har for ei lita stund løfta han ut av "den andre døden" som er den evige gløymsla, men den evige gløymsla vil uansett få det siste ordet

Bilete under er kanskje av dette barnet, men det er utan navn så det er usikkert. Uansett er det ingen som kan stadfesta om det er han eller eit anna barn frå den same  tida. Det betyr kanskje heller ikkje så mykje korkje for han eller meg, for ein gong er vi begge " en av dom som levat för längesen".Det er heller  ikkje sikkert at hans korte liv er meir meiningsfyllt enn mitt mykje lengre liv !


Poeten Arnold Eidslott (1926-2018) hadde større innsikt i både livet og døden enn dei fleste.
Diktet "Barnet" set ord på det eg har skreve om ovanfor.

Barnet døde
Ute stanset hammerslagene
og vissent lå markens gress
Far og mor på kne og døden oppreist som en støtte
mellom dem




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar