mandag 20. juli 2020

Den heilage Thorlakr av Skalholt

14.jnaur 1984 vart Den heilage Thorlakr Thorhallsson av Skalholt (1133-1193) av pave Johannes Paul II utnemd til skytshelgen for Island. I dag 20.juli feirar vi minnedagen hans, Thoralaksmesse eller Tollesmesse som det står på den gamle norske primstaven.(eigentleg dødsdagen hans 23. desember, dagen i dag er translasjonsdagen). Han vart helgenkåra i ei tid då paven ikke hadde einerett på dette, og det var faktisk Alltinget som helgenkåra han han i 1198. No vart det rett nok stadfesta av paven 800 år sienare !

Thorlakr var ein from ung mann som tidleg vart prestevigd, seinare studerte  han fleire år i Paris og i Lincoln i England slik det var vanleg for geistlege på denne tida. Han kom attende til Island i 1161 og verka som prest og seinare som biskop i Skalholt, det eine av Islands to bispedømme. Han vart bispevigd av erkebiskop Eystein i Nidaros  i 1178. Før det hadde han grunnlagt det første augustinerklosteret på Island og fungerte som prior der .

Thorlakr var ein from mann med store kunnskapar og ikkje minst omsorg for dei dårlegaste stilte i samfunnet. Han var handlekraftig og klar i sin tale noko som førte han opp i konflikt med mange stormenn på Island. Striden stod særleg omkring kyrkjene på Island som i stor grad var privateigde, Thorlakr kjempa for å få styrka kyrkjas makt og få lagt desse privateigde kyrkjene inn under kyrkjeleg administrasjon. Han vart truga på livet for dette.

Etter hans død seksti år gammal i 1193 oppstod det fort ein kult rundt denne fromme og avhaldne biskopen. Mange mirakel vart tilskreve hans forbøn.Dette er omtala i Jarteinabok som vart lest opp på Thingvellir i 1199. Det dreier seg oftast om nokså jordnære mirakel, sjuke dyr, øydelagde og bortkomne reiskap, boka gjev eit nært innblikk i livet på Island på 1100 talet.
Dyrkinga av Den heilage Thorlakr spredidde seg utover Islands grenser til dein andre nordiske landa men også til England og Tyskland. I dag er han nok lite kjent utanfor Island der dyrkinga av denne nasjonalhelgenen heldt seg til opp på 1700 talet, altså lenge etter Reformasjonen.
Har han nok å seia oss også i dag ? Ja det trur eg,kanskje  som eit varsko om at kyrkja må tala mot verdsleg makt når det er påkrevd, dessutan som ei påminning om at kristendomen har vore tilstades i landa vår i tusen år og forma vår kultur, tenkemåte og handlingssett på ein grunnleggjande måte!

Så minnest vi Thorlakr og ber om hans forbøn med ein messsong til hans ære som vart  funne nyleg og oppført for først gong sidan Mellomalderen:

O Pastor Hyslandiae, doctor veritatis, / columna constantiae, candor puritatis, / dulcor es maestitae et spes desperatis. / in caelsestis patriae tu nos pasce pratis


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar