søndag 17. mai 2020

Svevnen og døden

Lyrikaren Olav Nygaard (1884 - 1924) skreiv fleire dikt der svevnen er eit tema, svevnen også knytt opp mot den store svevnen som er døden.

Svevn

Svevn, du hev ei
himels vogge, -
kann du voke-
verken stogge ?
Dagen hev til
mergen hogge
sine tenner
i min barm.

Ber meg inn i
soldraumsblaane
austan sol
og vestan maane,
lat meg draume-
vengjer laane
so eg vaknar
heil og varm.

Her er svevnen det som lindrar og gjev krefter når han er utsleten etter vaketidas strev og motgong. Kanskje vaknar han utkvild og heil. Olav Nygard sleit med sjukdom og vart ingen gammal mann, han opplevde nok ofte livet som tungt. I eit anna dikt "Velkoma, natt" stiller han på slutten det avgjerande spørsmålet:
"Kor ofte må du koma att/ fyrr ho vil sløkkja mine ljos/di mor, den djupe ævenatt."
Her knytar han natta og svevnen opp mot den djupe og ævelege natta som lindrar all smerte. Det er inga redsle knytt til dette, døden ser han på som svevnens mor.

Den nyleg avdøydde svenske forfattaren Per Olov Engquist skriv og om dette:
"Så kan hende døden blir sist: ikkje den som kjem i livet, men den siste. Som når mamma byter laken og det kjennest tørt og varmt att, fuglane søv, snølyset varmar, og eg kan sovne."

Teologen Karl Rahner ( 1904 - 84) går eit steg vidare og seier at bøna, svevnen og døden er nær knytta til kvarandre. Dei har det til felles at ein må gje seg over til noko. I svevnen gjev vi oss over til natta og kvila, i bøna trenar vi på å gje oss over i tillit til Guds omsorg, i døden gjev vi oss for siste gong over i trua på at det evige livet ventar oss. Helgenar som Therese av Lisieux og Elisabeth av Treenigheten kan med sitt føredøme og sine skrifter visa oss korleis vi kan gje over over i tru og tillit.

Biskop og kardinal Anders Arborelius skriv i retrett foredrag med utgongspunkt i Elisabeth av Treenigheten:
"Hvis vi ikke får sove om natten, da kan vi be. Da er det større sjanse for at vi sovner igjen. Vi øver oss da på den siste overgivelsen, som er døden. Det er derfor man sier at døden er den største nåden. Alt det andre kan vi gjøre motstand mot, alt annet kan vi flykte fra. Men døden må vi overgi oss til."




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar