mandag 18. mai 2020

Pave Johannes Paul - 100 år

Karol Wojtyla - seinare pave Johannes Paul II vart fødd denne dagen 18. mai for hundre år sidan i den vesle byen Wadowice sør for Krakow.

Johannes Paul har gått inn i soga som  ein av dei aller største pavar i Kyrkjas totusen årige  historie. Hans 85 årige liv strekte seg over ei tid med dei meste dramatiske hendingar i Europa, det var også hendingar  han hadde avgjerande innverknad på, kanskje framom alt Jernteppets fall og kommunismens endelege nederlag. Johannes Paul var pave så lenge ,totalt 27 år, han var så utadvendt og reiste så mykje at svært mange menneske har opplevd persolege møte med han. Alle fortel om ein mann som hadde ei unik evne til å vera heilt tilstades for det menneske han stod overfor, hans interesse og omsorg opplevdes grenselaus. Det heng sjølvsagt saman med hans personlegdom,men og det livet som hadde forma han, men kanskje framfor alt at han var så konsekvent i å forsvara menneskets absolutte verdighet og livet som noko ukrenkeleg gjeve oss av Gud. Han såg klårare enn dei fleste av oss at alle menneske er skapt i Guds bilete

Det var ikkje innlysande at Karol Wojtyla skulle få den lagnaden han gjorde då han vart fødd i den sør-polske byen Wadowice denne maidagen for hundre år sidan. Foreldrene var Karol og Emilia Wojtyla, mora døydde tidleg og faren fall frå under krigen. Ein eldre bror som utdanna seg til lege døydde og ung og Karol stod åleine att utan familie då han var vel 20 år..Han var sterk både fysisk og psykisk og uvanleg evnerik, han kunne ha hevda seg på så mange område i livet, idrett, litteratur og kultur, filosofi og språk, men han følgde prestekallet. Han deltok på eit hemmeleg presteseminar under naziokkupasjonen og vart etter kvart prestevigd. Den uvanleg dyktige  unge presten gjorde raskt karriere i Kyrkja, og vart erkebiskop av Krakow alt i 1964, tre år seinare vart han utnemd til kardinal og som vi veit førde dette fram til pavestolen i 1978. Han vart den første ikkje-italienske paven på 455 år og då han døydde i 2005 var han ein av dei lengst sitjande pavane i Kyrkjas historie.

Karol Wojtyla - pave Johannes Paul var heile sitt liv uthaldande og overtydd i sin motstand mot alle autoritære ideologiar, både på høgre og venstre sida, som krenka menneskelivet. Han var og konsekvent i sin kritikk av moderne sekulære idear som han og såg som trugsel mot det heilage og ukrenkelege livet. Han var heile sitt liv glad i barn og unge, dette viste seg då han som ung prest i Polen tok seg spesielt av dei unge, og ikkje minst seinare då han tok initativ til Verdsungdomsdagane som seinare har vorte ein fast tradisjon.

Johannes Paul var heile sitt liv bønas mann, han var utan tvil ein person djupt rotfesta  i Kyrkjas mystiske tradisjon, framfor alt representert ved Johannes av Korset som han og skreiv ein avhandling om.Frå han var ung bar han  skapularet som eit uttrykk for sin kjærleik til Jomfru Maria, og sin tilknytning til den karmelittiske tradisjonen."Totus Tuus" - heilt din var hans valgspråk som bilete på hans sterke Maria-vyrdnad. Han såg og klårt korleis Gud kunne ta vanlege menneska i bruk og med nådens hjelp gjera dei til sine medhjelparar på jorda. Det medførte at han stod for  51 helgenkåringar med total 482 nye helgenar. Den mest kjende er utan tvil Mor Teresa av Calcutta. I 2014 skulle  han sjølv  bli ein del  av denne store helgenskaren!

Eg møtte aldri Johannes Paul, men dess meir eg les om han dess meir skulle eg ønskja at eg var ein av desse ungdomane han tok med på fjellturar og underviste rundt leirbålet om kvelden. Eg måtte nøya meg med å vitja barndomsheimen og museet i Wadowice, men det vart og ei gripande og fin oppleving som gav ny innsikt og interesse. Eg kunne seinare senda mitt bidrag til museet, ein boks med jord frå Tromsø der han feira messe i juni 1989. Og så kunne eg gleda meg over at min no døde far fekk handhelsa på han under ein tur til Roma.(bilete under)










Wadowice

Til Johannes Paul april 2017 Totus Tuus – heilt din kanskje ana du det alt då innimellom altarteneste, fotball,lekser og den søte smaken av Kremowka kremkaka du sette slik pris på. Gjennom sorg og krigens mørke, kallet større enn nokon kunne bera, men styrken vart gjeve deg slik du gav oss og vart verande. Du for alltid lydige !

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar