tirsdag 2. oktober 2018

St.Volodomyrs katedral

Vi føl Ivana Franka gata frå høgdedaget bak, og så dukkar brått katedralen opp, St. Volodomyr med vakre blå kuplar, okergule murar som varmer i kveldssola. Inne er det ikkje stille, ein jamn straum av truande går ut og inn av katedralen, lys  blir tent, ikonar æra med kyss og bøygde hovud, krossteiknet frå høgre mot venstre og ikkje motsatt som hos oss. Ved inngongen fleire utsalg av ikonar, lys og andre religiøse gjenstandar. Vi undrast kva gjorde 70 års propaganda for ateismen ?

St. Volodomyr katedral overlevde bolsjevikstyret i motsetnad til mange andre kyrkjer i Sovjet-Unionen. Kyrkja fungerte som museum for ateismen frå 1920 talet til etter krigen då kyrkja på ny vart opna.Katedralen vart fullført i 1882 og er altså ikkje gammal, bakgrunnen for det var 900 års jubileet for storfyrste Volodomyr av Kiev (Vladimir eller Valdemar) kristning av Kiev. Katedralen vart for ein stor del bygd for innsamla midlar.  Dette vart etter kvart eit senter for den urainsk - ortodokse kyrkja og er det på ny no. Igjen lyder ortodokse bøner og hymner på ukrainsk under dei mektige kuplane.
Men det er ein bakside av politisk art, det går før seg ein bitter strid mellom ortodoks truande som er lojale mot Moskava patriarkatet og dei som føl den uavhengige ukrainske kyrkja- Kiev patriarkatet.

Volodomyr( 958 - 1015) var storfyrste av Kiev, han blir og kalla den heilage eller den store alt etter samanhengen. På mange måtar har han ein tilsvarande funksjon i Ukraina som Olav den heilage hos oss. Volodomyr hadde også sterke band til Norge, i striden etter farens død måtte han flykta og søkte då hjelp hos Håkon jarl som hjelpte han med ein hæravdeling. Sonen Jaroslav som styrte landet frå 1019 - 1054 var vertskap for Olav den heilage då han drog i eksil. Jaroslav hadde ei dotter Elisaveta (Ellisiv på norsk) som vart gift med Harald Hardråde og altså dronning av Norge ein periode på 1000 talet!




           På ein utstilling fann vi denne moderne versjonen av dronning Ellisiv



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar