onsdag 24. oktober 2018

Relikviar og økumenikk

Innlegg i Vårt Land 13. oktober:


Relikviar og økumenikk. Thérèse av Lisieux – ein økumenisk helgen ?

I oktober – november i år kjem relikviar av Den heilage Thérèse av Jesusbarnet (av Lisieux) og hennar helgenkåra foreldre Louise og Zélie Martin  på ei rundreise til kyrkjelydar og kloster i heile Norden. I St. Svithun katolske kyrkjelyd vart relikviane teke imot av ei fullsatt kyrkje mandag 08. oktober, og var sentrum for bøn og messefeiring før dei held fram nordover til St. Paul kyrkje i Bergen dagen etter.

Vørdnad for relikviar er vel noko av det i katolsk religiøsitet som er mest fjernt for protestantiske kristne. Kanskje er det pardoksalt, for dette er noko som har sin bakgrunn i oldkyrkja der dei første kristne samlast til gudsteneste på martyrgravene. Det er og klart omtala i Bibelen, jmfr. Apgj. 19. 11-12. Men det har og vorte misbrukt og fått tildels makabre uttrykk. Biskop i Stockholm og kardinal Anders Arborelius poengterar at vørdnad for relikviar må forståast utfrå inkarnasjonen og den oppvurderinga av alt materielt det inneber. Men relikviar  har ingen funksjon dersom dei ikkje peikar mot personen Jesus Kristus.

Kven var så Thérèse av Lisieux( 1873 – 97) og kvifor har ho fått så stor betydning og vorte det som enkelte kallar ei «katolsk superstjerne»?  Ho døydde ung og ukjent i eit karmelittkloster i Lisieux i Normandie, teologisk uskolert, og i det ytre skilde ikkje livet hennar seg frå andre unge nonner på den tida. Likevel er ho blitt den meste populære helgen i moderne tid, og  i 1997  vart ho av pave Johannes Paul utnemd til kyrkjelærar og er dermed sidestilt med dei viktigaste teologane i kyrkjas historie. Korleis kunne dette gå til ? Thérèse skreiv, ho skreiv ei mengde brev, små dikt og skodespel, men framfor alt ein sjølvbiografi (En sjels  historie) som kom ut året  etter hennar død, og på kort tid vart spreidd i store opplag og omsett til over femti språk. Dersom vi går bak 1800 talets blomerike form møter vi her ei ung  kvinne med djup innsikt i evangeliet og det andelege livet. På denne tida stod katolisismen og protestantismen steilt mot kvarandre, og økumenikk var ikkje ein aktuell problemstilling heller ikke for Thérèse, men hennar innsikt var likevel økumenisk!

Både Martin Luther og Thérèse søkte ein rettvis Gud, og begge reagerte på uheldige utslag i samtidas religiøsitet med vekt på gjerningar, askese, bot og soning. Men reaksjonsforma var ulik, den svenske forfattaren Gunnel Vallquist  skriv om dette:
«Så smånigom skulle det stå klart att denne lilla nunna, utan några teologisk spekulationer og utan någon polemik….. gjort rent hus med precis detsamma som Luther med så mycket buller og bång gått til storm emot: kravet att man måste prestera något för att bli förtjänt av Guds kärlek.” (Svenska Dagbladet 1973)

Luther søkte ein nådig og rettvis Gud og fann svar i Paulus brev til Romarane.For Thérèse var og Paulus viktig, og ho noterte dei same versa som Luther la vekt på i sitt breviarium.  Vel så viktig for henne var ein del tekstar frå Det gamle testamentet, framom alt  Jesaja 66. 12-13: « De skal suga, berast på armen og voggast på fanget. Som ei mor trøystar barnet sitt, slik vil eg trøysta dykk.»  Er Gud primært rettvis eller miskunnsam? Thérèse skjer igjennom og skil ikkje mellom desse eigenskapane, Gud er alltid miskunnsam og rettvis, ein kan ikkje skilja desse eigenskapane på same måte som vi ikkje kan skilja tru og kjærleik. Hos Thérèse er trua ein av kjærleikens eigenskapar. Kjernen i Thérèses bodskap blir ofte kalla « den vesle vegen» - vi er heilt avhengige av Guds nåde, vi står framom Han med «tomme hender», vi er små og svake og har ingen prestasjonar å visa til. 
Thérèse har hatt enorm betydning for mange katolikkar, i Frankrike er det knapt ei kyrkje utan eit alter vigd til henne, vi er mange som er glade i «vår vesle Thérèse». Hennar økumeniske innverknad  er ikkje så klar, men då Den katolske og lutherske kyrkja kom med felleserklæringa om rettferdiggjeringa i 1999 trur eg Thérèse hadde «eit ord med i laget». Ho ville utan tvil gått god for følgjande sitat:
«Ene og alene av nåde og ved troen på Kristi frelsesverk og ikke på grunn av noen fortjeneste i oss selv blir vi godtatt av Gud og mottar den Hellige Ånd som fornyer hjertene, kaller og setter oss istand til å gjøre gode gjerninger». (Erklæringen 3.15)

Karmelittmunk Wilfrid Stinissen ocd skriv: «Thérèses økumeniske betydning er nok mykje større enn vi har innsett, og på dette området har vi sikkert store overraskingar i vente.»
Relikvievalfarten til Thérèse og hennar foreldre blir difor  ikkje eit bisart
 skodespel frå barokken, men eit høve til å setja fokus på det sentrale i evangeliet: «Ordet vart menneske», vi er kalt til bøn og omvending, vi blir frelst og heilaggjort av Guds nåde  åleine og ikkje ved  eigne prestasjonar.

                                                                Relivieskrinet

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar